Saknar handlingsdyktige politikarar: Politikarar brukar omgrepet «det grøne skiftet» ved første og beste høve i staden for å syne at dei tek klimautfordringane på alvor, gjer naudsynte grep og tar vare på det viktigaste, matjorda, hevdar styreleiaren i Felleskjøpet Rogaland Agder, Sveinung Svebestad. Foto: Felleskjøpet Rogaland Agder
Styreleiar i Felleskjøpet Rogaland Agder legg breisida til mot styresmaktene si definering av det grøne skiftet. Sjølv meiner han at omgrepet har blitt tannlaust og definerer det heile som ein salig lapskaus.
Sjur Håland
Sveinung Svebestad nytta lapskausmetaforen under det digitale årsmøtet til Felleskjøpet Rogaland Agder nyleg.
– Det gjorde eg for å illustrera at det har gått inflasjon i uttrykket «det grøne skiftet», seier han.
Utgangspunktet for det grøne skiftet er utfordringar i høve til klimaendringane, men også evna til å nå dei andre berekraftmåla til FN, saman med evna til å brødfø ei stadig aukande befolkning, understrekar Svebestad.
– Klimautfordringa handlar eigentleg om dei negative følgjeeffektane av at me i løpet av dei siste 200 åra er i ferd med å brenna opp fossilt drivstoff som har vore lagra under jorda i millionar av år, seier han.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.