Meir vêr: Direktør i Cicero, Kristin Halvorsen, teikna eit framtidsbilete som handlar om meir regn og meir tørke.

Vêrmeldinga frå Cicero handlar om meir ekstremregn og fleire tørkesomrar. Likevel har Norge trekt vinnarloddet i høve klimaendringseffektane.

Sjur Håland

Ekstreme variantar av regn og tørke er dårleg nytt for landbruket.

– Det er det som vil gjera det så ekstremt krevjande å vera matprodusent og bonde framover, meiner direktør i senteret for klimaforsking, Cicero, Kristin Halvorsen.

Siste nytt frå klimafronten vart presentert på landbrukssamvirket sitt årlege arrangement Mat og Landbruk førre veke. Den globale folkeauken frå fire milliardar menneske på kloten i 1970 til 7,5 milliardar i 2018 krev mykje energi for å gi alle gode liv, konstaterte Halvorsen. Folk klemmer seg saman i klynger. Urbaniseringa vil auka. Utfordringane står i kø.

– Korleis skal me bekjempa fattigdom utan å auke fossile utslepp og korleis kan me erstatta bruken av fossilt brensel er dei store spørsmåla. Me har dårleg tid, innleia ho.

Fire grader varmare

Samla gir tilgjengelege klimadata eit lite lovande inntrykk.

Kristin Halvorsen

– Biletet tydar på ei klimaendring med auka global temperatur på fire grader siste delen av dette hundreåret. I dag er me på éi grad pluss i høve til førindustriell tid, understreka Halvorsen.

Å halda seg under to grader snitt temperaturstiging har blitt eit brennheitt tema. Temperaturen stig uansett ikkje jamt på kloten, minna Halvorsen om.

– I Arktis er temperaturauken no to til tre grader. På Svalvard ser me ei klimaendring frå det som var isørken, til det som kan definerast som eit Finnmarkliknande klima.

Oppfølging av Parisavtalen vil, om alle følgjer opp, avgrensa temperaturstiginga til to til tre grader. Det er ikkje nok for dei som bur i deltaområde som grunna is-smeltinga er i ferd med å hamna under havnivået. Den mest alvorlege effekten av dei globale klimaendringane, i tillegg til områda som hamnar under vatn handlar, i følgje Halvorsen, om moglegheitene til å produsera mat.

– Det blir tørrare i dei områda som allereie no er tørre. Område som det i dag blir produsert mat på, vil i framtida kunna bli problematiske å dyrka på, understreka ho.

Vinnarloddet til Norge

I global samanheng har Norge trekt vinnarloddet, også når det gjeld konsekvensane av klimaendringane.

– Det er mest ikkje lov å vera så heldige som me er. Me har den fornybare energien, vasskrafta. Norge har hausta føremonene med olje og gassproduksjonen, som har gjort oss ansvarlege for meir fossile utslepp og global oppvarming enn dei fleste på kloten. Men når det kjem til effektane av den globale oppvarminga, er me blant dei minst råka i verda

Halvorsen meiner Norge kjem til å merka klimaeffektane mest i form av regn. Ekstrem nedbør blir det meir av. Regnbyene blir mindre føreseielege og vil i auka grad koma som ekstreme regnskyl, som blant anna rammar infrastrukturen.

– Ekstremregn kan bli den nye normalen. Me kan få meir nedbør og fleire tørkesomrar samtidig. Det gjer det ekstra krevjande for dei som skal dyrka mat i Norge. Det vil bli 20 gonger meir nedbør enn det var i år 1900. Og der det er vått frå før, vil det bli våtare.

2018-sommaren

Halvorsen haldt med eit smil fram at det for vestlendingane handlar om å springa ut og prisa sola dei gongene ho kan observerast. Ho heldt fram at det ser ut til at ekstremvêrsituasjonane har ein tendens til å oftare skje sein sommar og tidleg haust enn andre deler av året.

– Sommaren 2018, med tørke før mykje nedbør på seinsommaren og hausten kan vera eit døme og ein variant av dette. Tørke og mindre fôr i kombinasjon med grillforbod, gjorde at storfeslaktinga sommartid var ekstraordinær og dramatisk. Det er ikkje sikkert neste sommar blir lik, men at tilhøva blir uføreseielege er krevjande for bøndene, sa ho.

Det er, i følgje Halvorsen, ingen tvil om at endringane i klima fører til at ramane bøndene har å produsera under, endrar seg. For å unngå global oppvarming utover 1,5 grader må klimautsleppa halverast i løpet av 12 år . Endringa vidare mot 2050 skal vera kring null.

– Det er den største utfordringa. Landbruket står for fjerdeparten av klimagassutslepp globalt. I Norge står landbruket for mindre enn ti prosent, årsaka er at det er produksjonen av olje og gass som gir store utslepp. Mais, soya og ammekyr Husdyrhald er største kjelda til landbruksbaserte utslepp, meiner ho.

– Storfe og sau er dei einaste skapningane som kan gjera om gras til menneskemat. Den minst klimavenlege måten er å halda fram med å importere langreist soya og mais og putte dette inn i ammekyr som spreier CO2-utsleppa på få kilo produkt, medan den norske mjølkekua har lågare utslepp på grunn av fordelinga av fleire produkt, som mjølk og kjøt.

Kva som kjem til å skje med kjøtproduksjonen framover, og korleis forbrukarane vil reagera, er blant dei opne spørsmåla framover, meinte Halvorsen.

– Det er liten tvil om at storfekjøtproduksjon har ein betydeleg klimaeffekt, slo ho fast.

Meir veggismat

Samstundes med klimautfordringane med norskprodusert mat, får spørsmålet om korleis Norge kan importera mindre mat, auka aktualitet. Ho synte til rapportar frå landbruket og det offentlege kring reduksjon av utslepp frå landbruket og heldt fram effektivisering og reduksjon av matsvinn saman med endring av kosthald som aktuelle verkemiddel. Med andre ord mindre kjøt og meir vegetabilske produkt. I tillegg peika ho på stans i nydyrking av myr og auka bruk av biogass til oppvarming og transport som dei største kjeldene knytt direkte til det landbruket produserer. Trass alvor og store klimautfordringar, ville ikkje Halvorsen sleppa tungsinnet inn i forsamlinga.

– Me må omstilla oss. Men me har handtert store endringar tidlegare, og skal greia det igjen. Målet må vera at alle aktørane, som finanssektoren, er positive og tar aktivt del i endringane som kjem.

 

Folk må ha mat

– Ingen grunn for norske bønder til å deppa over komande tider. Folk må ha mat, seier professor emeritus og seniorforskar i Ruralis, Reidar Almås til Bondevennen.

– For landbruket på Vestlandet og resten av landet er det to ting som gjeld, seier Almås, på spørsmål om korleis bøndene bør handtera dei nye endringane som er på trappene.

– Landbruket må klimatilpassa seg. Der har norsk landbruk og dermed også Vestlandet eit godt utgangspunkt med ein klimarett produksjon basert på NRF-kua, som er verdas friskaste ku. I tillegg har me kanskje alt verdas strengaste miljølovgiving. Utgangspunktet er at mjølka og det raude kjøtet som skal produserast, for all del må produserast her til lands. Ikkje minst i Rogaland, seier han.

Det andre poenget til Almås er at det som skjer med tilrådingar kring auka bruk av frukt og grønt, og endringane i kosthaldet, kjem til å skje.

– Landbruket må produsera det som kan produserast her i Norge. Til dømes tomat og agurk, potet og lauk saman med erter og det som må til for å følgja opp den nye trenden med eit meir plantebasert kosthald. Landbruket må svare på trendane. Det nyttar lite å sitja på gjerdet og gjera som før. Bonden må tilpasse seg og levera det som svarar seg mest og som forbrukaren vil ha. Her er det inga bøn.

Reidar Almås

Professoren frå Norsk senter for bygdeforsking, i dag Ruralis, har drive forsking knytt til landbruk og bygdesamfunn gjennom det meste av yrkeskarrieren. Han minner om at endringar ikkje skjer over natta, og at bøndene får god tid til å førebu seg.

– Om 20 år har dei store endringane skjedd. Då er dagens investeringar nedskrivne og det er gjort nye investeringar på det som kjem i mellomtida. Me får tid til å områ oss, understrekar han.

Stikkord denne saka: