Matglede: Med hjelp av gåver frå Gjensidigestiftelsen kan åtte matgledeprosjekt setjast i gang rundt om i fylket. Frå venstre, Gro Mabel Anda, Astrid Hammersmark og Astrid Lund Folkvord tar i mot sjekken frå Per Bergøy frå Gjensidigestiftelsen.

Nå skal Rogaland Bygdekvinnelag i gang med å dela matgledene sine med heile fylket etter alle tiders julegåve frå Gjensidigestiftelsen.

Sjur Håland

Dermed følgjer Gjensidigestiftelsen opp med meir midlar etter at dei i desember 2018 løyvde 110.000 kroner til fylkeslaget sitt forprosjekt. Jubelen stod i taket då fylkesrepresentantane for meir enn 1.300 jordnære og matglade bygdekvinner frå Rogaland tok i mot sjekken på drygt 1,22 millionar kroner like før jul.

Heilt utruleg

Astrid Lund Folkvord er prosjektleiar for «Rogaland deler matgleder» og styremedlem i Rogaland Bygdekvinnelag.

– Dette er heilt utruleg. Klart me hadde håpt på å få pengar til gjennomføring, men at me skulle få på krona det me søkte om, var aldeles uventa. Me tar på oss eit stort ansvar når me no skal gjennomføra planane på ein måte som gjer at me får mest mogleg matglede ut av pengane, seier ho.

Per Bergøy representerer Gjensidigestiftelsen. Han syner like stor glede over å gi sjekken, som dei som får han syner.

– Dette prosjektet har me hatt tru på. Bygdekvinnelaget har synt at dei arbeider seriøst og målretta med eit matprosjekt der dei også har inkludert Rogaland Bygdeungdomslag. At dei rike mattradisjonane i Rogaland blir tekne vare på og formidla vidare er utruleg viktig i dei tidene me opplever nå, seier han.

Bergøy held fram viktigheita av å ta vare på kunnskap om mattradisjonar og kortreist sunn mat, som er produsert og laga av grasrota.

– Bygdekvinnene sin store kompetanse innan mat og matkultur treng å bli løfta opp, delt og vidareført, meiner han.

Kortreist og frisk

Norsk matproduksjon er under press, fastslår leiar i Rogaland Bygdekvinnelag, Astrid Hammersmark. Ho er svært glad over at forprosjektet nå kan vidareførast og gjennomførast.

– Vår jobb blir å synleggjera at matproduksjon og matkultur høyrer inn i ein heilskap saman med faktorar som landskapspleie og matsikkerheit. Maten vår er frisk, har høg kvalitet og er kortreist. Dessutan smakar han så utruleg godt. Dette må me synleggjera for alle, særleg dei unge og dei som er nye borgarar i landet vårt, seier ho.

Sluttrapporten frå forprosjektet er ferdig. I denne ligg mellom anna ei kartlegging av kva lokallaga gjer lokalt innan tradisjonsmat, matkultur og ernæring. Det er dei lokale bygdekvinnelaga som skal gjennomføra den praktiske delen av prosjektet. På ulike måtar. Ti lokallag og Rogaland Bygdeungdomslag står klar til å gjennomføra åtte ulike matgledeprosjekt.

– Lokallaga har synt ein stor iver i utarbeiding og presentasjon av dei lokale prosjekta. Me i fylkesstyret er imponerte, seier Hammersmark.

Prosjekta

Prosjektmidlane skal fordelast til dei deltakande lokallaga over to år. Både dei største og dei minste lokallaga er representerte. Lag frå alle dei fem sonene er med. Lund sitt prosjekt heiter «Frå slakt til gryte, viltressursar og sau», Bjerkreim skal gjennomføra åtte ulike matkurs. Varhaug skal dela kunnskap om tradisjonsmat med nye landsmenn. I Sandnes skal ein barnehage i Julebygda vere utgangspunktet for eit prosjekt kalla «Frå jord til bord». I Sola skal bygdekvinnelaget samarbeida med Kirkens Bymisjon og deira møteplass «Kaffekoppen». Her skal det serverast tradisjonsmat éin gong kvar månad.
«Lam i fortid og framtid» er prosjektet til bondekvinnelaga i Imsland, Skjold, Tysvær og Vats. Også i Erfjord blir det internasjonale miljøet inkludert når prosjektet «Takkemat» blir realisert. Rogaland Bygdeungdomslag retter merksemda mot lokale råvarer når dei skal kurse ungdom i å laga mat frå botn av under vignetten, «Gafla i deg».

Blest og medlemsauke

– Kva har bygdekvinnene oppnådd når dei to prosjektåra er ferdige?

– Me håper sjølvsagt på stor blest om lokalmat og om bygdekvinnelaget. Det hadde jo vore kjekt om auka medlemstal hadde vore blant sideeffektane av alle prosjekta, seier Gro Mabel Anda, styremedlem i Rogaland Bygdekvinnelag, og økonomiansvarleg for prosjektet.

Stikkord denne saka: