BN+

Ein rådgivar i lomma: Sensorteknologien er på full fart inn i landbruket. Data frå dyr, jord og maskinar vert registrert automatisk. Mimiro ved dagleg leiar Harald Volden, har som mål å systematisere innsamla data og utvikle rådgivingsverktøy som gjer bonden sin kvardag enklare.


– Sensorteknologien og Mimiro skal gjere bonden sin kvardag enklare og meir effektiv, hevdar dagleg leiar, Harald Volden.


Liv Kristin Sola


Volden var ein av innleiarane under Tinedagen i Aksdal i Tysvær, onsdag i førre veke. Han snakka for mange tomme seter, ettersom få bønder hadde teke turen til kulturhuset i Aksdal.


– Synd. Dette handlar om framtida og ei strategisk retning for norsk matproduksjon, seier Harald Volden til Bondevennen.


– Det som skjer rundt oss, med digitalisering og utstrakt bruk av ny teknologi, vil få store konsekvensar for korleis vi utviklar landbruket, ikkje minst for korleis vi klarer å ta vare på konkurransekrafta for norsk matproduksjon.

Unik status for dyrehelse

Gjennom tiår med systematisk dokumentasjon av produksjon og medisinbruk, samt eit målretta avlsarbeid, har norsk husdyrproduksjon oppnådd ein unik status for dyrehelse og antibiotikaforbruk.


– Resten av verda undrar seg over korleis det er mogleg. Svaret er at vi har vore knakande dyktige til å samle, bruke og dele data, spesielt i mjølkeproduksjonen, seier Volden. Han minner om at forløparen til dagens kukontroll kom allereie i 1898.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,