kindingstad4

 

Ein annleis SFO

Liv Kristin Sola

For eitt år sidan, flytta Sondre og familien frå Grue i Hedmark til Finnøy i Rogaland. Sondre er sju år og er snart ferdig med 1. klasse. Han har tre yngre brør.

Når Sondre er ferdig på skulen, går han gjerne innom mormor og morfar, Anne Lise og Egil, på garden på Kindingstad på Finnøy.

Mormor og morfar har mjølkeproduksjon og eit stort hønsehus med 7.500 frittgåande høner.

Det er alltid noko som skal gjerast på garden, og Sondre hjelper gjerne til.

DSC_0017

I Bondevennen nr 23 kan du lesa om eggproduksjonen i hønsehuset til Anne Lise og Egil Kindingstad.

Sjå filmsnutten om Sondre og mormor som hentar egg ein ettermiddag etter skuletid.

 

Stikkord denne saka: