Ruth Silje Nedrebø er venninne med Bondevennen på Facebook. For henne er det ein måte å vise støtte til landbruket på.

Ruth Silje Nedrebø er venninne med Bondevennen på Facebook. For henne er det ein måte å vise støtte til landbruket på.

Ho vil at alle skal engasjere seg og få kunnskap om landbruk. Difor er ho venninne med Bondevennen på Facebook.

 

Jofrid Åsland

 

– Det er viktig å vise støtte til bøndene, seier Nedrebø om kvifor ho er venninne med Bondevennen på Facebook.

Det er og grunnen til at biletet på profilen er av henne saman med ei ku. Biletet vart teke for omlag to år sidan. Då vart det nytta i ein reklamekampanje for Geno. No nyttar Nedrebø biletet for å vise kvar ho har sin sympati. Hjå bonden.

Statistikkar viser at folk nyttar store delar av fritida si på sosiale medium. I april vart Bondevennen medlem av nettsamfunnet Facebook. Motivasjonen for dei tilsette i Bondevennen er å vere der folket er.

– Eg les nyheiter mest på nett, og klikkar meg gjerne inn på nyheiter frå Facebook. Det er lettare å engasjere seg i sosiale medium, og ein kan raskt spreie landbrukets bodskap, seier Nedrebø om sin digitale kvardag.

 

Trendy landbruk

Bondevennens venninne bur i Stavanger, men er frå gard på Sjernarøy. Der vaks ho opp med kyr og sauer, som yngste jente i søskenflokken vart ho ikkje bonde. Ho har likevel følgt nøye med på landbruksoppgjeret.

– Landbruk er veldig viktig, uansett om du kjem frå gard eller ikkje. Det famnar så mykje breiare enn diskusjonen om løna til kva einskild bonde. Det handlar om matkvalitet og kulturlandskap. Landbruket er den største ressursen me har utanom olja, seier Nedrebø.

For henne er det viktig at Noreg vert mest mogleg sjølvforsynt med mat. Håpet er at alle engasjerer seg slik at jordbruket ikkje vert redusert slik trenden er i dag.

– Eg merkar at folk som ikkje har tilknyting til landbruk er meir engasjerte no. Det er trendy å ete sundt, kortreist og økologisk. Me må få landbruksdiskusjonen opp på eit høgare nivå, slik at folk forstår at dette handlar om alle oss som et mat, meiner ho.

 

Vil ha liv i bygdene

Nedrebø meiner blad som Bondevennen er viktige talerøy for bønder, i tillegg til at det er koseleg. Sjølv bur ho i byen, men applauderer ikkje sentralisering av landbruksnæringa.

– Eg meiner forslaget i landbruksoppgjeret er trist. Det går ut over bygdenoreg, og vil føre til sentralisering, seier ho.

Vidare peikar ho på turistnæringa, som vil li dersom dei flotte gardane i distrikta forsvinn. Ho er og redd kvaliteten på maten går ned med større bruk.

– Eg vil at bonden skal føle at jobben, som vert lagt ned i garden, er verd det. Dersom me skal auke sjølvforsyninga av mat må det leggast til rette for det, seier Nedrebø.

 

Stikkord denne saka: