BN+

Ettertrakta: Fersk Kilnes Melk er ettertrakta. Mjølka vert seld frå automat på Kilnes Gård eller på REKO-ringen i Trondheim. På garden kan du kjøpe dei eiga flaske som du kan tappe på igjen og igjen. Foto: Lene Prøven.
 
Lokal foredling er ikkje det første ein forbinder med jærbonden. Men noko er i ferd med å skje. – Det siste året har eg hatt mange telefonar frå Jæren, seier Karoline Storflor, som starta landets første gardsutsal av mjølk.
 
Liv Kristin Sola
 
Karoline Storflor og mannen Odd Magne driv Kilnes Gård på Hegra i Trøndelag. I mars 2018 opna dei landets første utsal av pasteurisert mjølk heime på garden. For tida har Karoline Storflor det travelt med å svare på telefonar frå bønder over heile landet som vil gjere det same. Ikkje minst frå Jæren.
 
– Eg håper verkeleg ikkje at «heile» Jæren no skal selje mjølk direkte frå garden. Det er det ikkje rom for, seier Storflor til Bondevennen.
 

Mjølk toler ikkje lys

Annankvar dag tappar dei mjølk frå tanken, via pasteuren, og over i ein 200 liters tank med automatisk røring og kjøling. Tanken er kopla til ein mjølkeautomat. Valet av automat var ikkje tilfeldig. Automaten har kortterminal og mjølkebua er sjølvbetent. I ettertid har det vist seg at nettopp mjølkeautomaten er svært viktig for kvaliteten på mjølka. I Melkebua har dei heile tida berre nytta automaten, men mjølk til REKO-ringen og lokale gardsutsal i regionene vart tidlegare tappa på flasker.
 
– Både mjølka og flaskene er populære, men mjølk er svært ømfintleg for lys. Difor er det viktig at mjølka blir tappa direkte på flaske av den som kjøper. Etter nokre dagar på flaske nekta våre eigne ungar å drikke mjølka, seier Storflor.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,