Ingen fleire dråpar: NLR Rogaland avviklar det godt etablerte tilbodet om kvoteformidling. Frå og med i år må rogalandsbonden finne andre alternativ når dei skal selje, kjøpe eller leige kvote. Foto: Istock

Digitalisering av kvoteordninga og forslag til endringar i kvoteforskrifta for mjølk gjer at NLR Rogaland legg ned tilbodet om kvoteformidling for sine medlemmar.

Liv Kristin Sola

NLR Rogaland har i mange år formidla kjøp, sal og leige av mjølkekvotar for rogalandsbonden. No er det slutt. Styreleiar Arnstein Røyneberg seier til Bondevennen at dei kjem til å avvikle sjølve kvoteformidlinga frå og med i år. Men kan hjelpe til med å få avtalane i orden for dei som ønsker det.
For bøndene i Rogaland har kvoteformidlinga til NLR vore ei forsikring for at avtalar og papir er i orden når dei vert send til departementet. Samstundes har tilbodet vore kritisert for å vere prisdrivande for mjølkeprisen i fylket.

– Styret sette ned eit utval som skulle gå grundig gjennom tilbodet og kome med forslag til endringar, seier Røyneberg.

Utvalet kom med ei tilråding om å legge ned ordninga etter at Landbruks- og matdepartementet sende ut melding om at kvoteformidlinga blir digitalisert frå og med i mars i år. Som ein følgje av det sende departementet på høyring eit forslag til endring i kvoteordninga.

– Forslaget omfattar store og radikale endringar for korleis kvoteendringar skal registrerast. Styret ser det som krevjande for NLR å vere ein ryddig part i forhold til det regelverket som er føreslått. Difor fann me det rett å avvikle ordninga – etter gode diskusjonar i styret, seier Røyneberg.

Som seljar eller utleigar kan bonden no sjølv gjere endringar via Altinn og kodebrikke. Alle mjølkebønder er varsla om digitaliseringa gjennom eit brev som er sendt ut frå departementet.
NLR Rogaland er midt i ein runde med medlemsmøte, og skal halde digitalt årsmøte 23. mars.

– Så langt har me fått både positive og negative tilbakemeldingar frå medlemmane på at me no avviklar tilbodet om kvoteformidling, seier Røyneberg.

Stikkord denne saka: