High Tech for geita: Nofence består av solcelleenergidriven GPSsendar på klaven som kommuniserer med kartet på smarttelefonen. Geita blir først varsla med lyd om ho er på veg ut av beiteområdet.

Hindringane er rydda av vegen. No er det fritt fram for å bruka beiteteknologien Nofence på geit. Tilsvarande system for storfe blir testa ut.

Sjur Håland

Julestemninga blant gründerane i Batnfjordsøra på Nordmøre er elektrisk. Ei lang og strevsam reise kan syne seg å gje løn for strevet.
– Salet startar no i desember. Me får ordrar frå Europa, USA og Australia i tillegg til Norge, seier dagleg leiar, og ein av gründerane i selskapet Nofence, Erik Harstad.

Erik Harstad

Solcelle og GPS

Ordrane har så langt nådd 16 millionar kroner og Norfence reknar med å levera 7200 geiteklaver alt våren 2018. Det virtuelle gjerdet har hausta stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Selskapet har mellom anna blitt nominert til Norsk Landbrukssamvirke sin Innovasjonspris for 2018. Systemet består av ein solcelledriven klave utstyrt med GPS-teknologi og eit digitalt kart. Dersom dyra går ut av det definerte beiteområdet og inn i varslingsfeltet vil ein pipelyd fortelja geita at eit straumstøyt er i kjømda, om ho ikkje snur.
– Geitene lærer fort kva pipelyden betyr, og snur. Dermed held dyra seg innafor grensa på det gjerdefrie området, fortel Harstad.

Dale på banen

Norfence har hausta erfaringar gjennom ei årrekkje medan utviklinga av produktet har gått føre seg. Det starta i 2007 med bonden og oppfinnaren Oscar Berntsen, som fekk ein idé om kva som måtte til for å opna grinda og sleppa geitene fritt, slik at dei kunne finna maten der han var å finna.
– Det har vore ein lang veg fram til i dag, stadfestar Harstad.
Selskapet starta opp i 2011. Mykje av arbeidet var retta mot å få aksept for klaven hjå Mattilsynet.
– Dei gjorde vedtak om å forby produktet. Det samsvarte ikkje med Landbruksmeldinga sine føringar om å ta i bruk ny teknologi. Statsråd Dale engasjerte seg og tok grep, noko som etter kvart leidde til at Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) vart engasjert.
I 2015 fekk Nofence 3,7 millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge for å kommersialisera produktet.
– Det vart eit vendepunkt som også utløyste kapital frå lokale investorar i tillegg. No når den juridiske usikkerheita har lagt seg, blir det mykje enklare å henta inn ny kapital til vidare vekst.

Testa på 1200 geiter

I kjølvatnet følgde prototype av klaven og ei utprøving dei to siste beitesesongane som har inkludert 100 bønder med til saman 1200 geiter. Og, sist i november kom dokumentasjonen frå NMBU som konkluderer med at risikoen for redusert dyrevelferd ved bruk av Nofence er «meget liten».
– Dermed er me endeleg klar til å selja produktet, fastslår Harstad.
– Kva er prisen på klaven?
– Nofence leverer inngjerding av beitedyr som en abonnementsteneste. Prisen er todelt. Først må du kjøpe tal klaver du har behov for til 1850 kroner per stykk pluss moms. Deretter betaler du eit abonnement på fem kroner per klave i den perioden du bruker tenesten. Når klavene ikkje er i bruk betaler du ein minstesats som dekker SIM-kortkostnaden vår som er ei krone per døgn. Totalprisen vil dermed være avhengig av talet på klaver og bruksmønsteret ditt.
– Er Nofence godkjent til bruk på andre husdyrslag?
– Nei, førebels kan Nofence berre nyttast til geit, men me startar nå med å sjå på moglegheitene for å bruka klaven på storfe. Me har nylig gjennomført eit forsøk med kviger hjå NMBU på Ås, og resultata er svært lovande. Løypa fram til eit lovleg produkt på storfe er gått opp. Me veit kva som skal til, seier Harstad.

Positivt

– Alle hjelpemiddel som kan gjera kvardagen enklare for bøndene er i utgangspunktet positive, kommenterer Lars Erik Wallin, generalsekretær i Norsk Sau og Geit.
– For geitehaldet kan dette bety eit større bruksområde og potensial for enda betre utnytting av utmarka. Beitinga kan skje meir målretta. I tillegg vil ein no kunna nytta beiteareal der det er vanskeleg å koma til med vanlege gjerder.

Stikkord denne saka: ,