Borar og analyserer: Jordkartleggjarar frå NIBIO har vore i sving med bora sine over heile landet sidan 2006. Resultatet er Jordsmonnstatistikken, som vart lansert denne veka. Foto: Åge Nyborg

Femti år etter kartlegginga av sokkelen, er statistikken for jordsmonnet vårt endeleg klar.

Bothild Å. Nordsletten

Sidan 2006 har jordkartleggarane frå NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) grave opp ny og viktig kunnskap om den norske jorda – frå sør til nord. Onsdag vart den såkalla Jordsmonnstatistikken, den første i historia, presentert under Nibio-konferansen i Oslo.

Men kva er eigentleg ein jordsmonnstatistikk?

  • Jordsmonnstatistikken er eit estimat for korleis jordsmonneigenskaper varierer mellom ulike område i landet, seier Siri Svendgård-Stokke. Ho er avdelingsleiar for avdeling jordkartlegging ved Divisjon for kart og statistikk på NIBIO, og var den som la fram statistikken.
  • Statistikken er laga på bakgrunn av utvalsbasert kartlegging av jordsmonnet på full- og overflatedyrka jord. 902 flater er kartlagt over heile landet, kvar flate er på 0,9 km2. På kvar flate har ein av våre jordkartleggjarar vore og sett, kjent og klemt på jorda som kjem opp med jordboret. På dette grunnlaget har han bestemt og dokumentert jordsmonnet sine eigenskaper. Denne informasjonen nyttar me til å laga vårt estimat.
  • Heildekkande kartlegging, kommune for kommune, starta opp på 1980-talet, men på grunn av at dette er eit svært tidkrevjande arbeid, blei også denne utvalsbaserte kartlegginga sett i gang for å få eit estimat av korleis jorda i Noreg er.

Viktig kartlegging: Jordsmonnstatistikken vart offentleggjort denne veka. FOTO: NIBIO

Olja kartlagt før jorda

– Kvifor er denne statistikken viktig?

– Gode kart gir eit kunnskapsgrunnlag, som kjem til nytte i utforming av landbruks- og matpolitikk og i næringsstrategiar, svarar Svendgård-Stokke, og brukar petroleumssektoren som døme.

– Då oljeeventyret kom i gang hadde me på førehand gjort geologiske undersøkingar av kontinentalsokkelen i Noreg. Me visste kor olja var. For å utnytta jordsmonnet for fullt, og for å ta dei rette avgjerdene med tanke på den nye, grøne økonomien, treng me, på same måte som med olja, kunnskap om eigenskapane til – og variasjonane mellom, dei ulike jordsmonna.

Jordnær: Siri Svendgård-Stokke, avdelingsleiar for  avdeling jordkartlegging ved Divisjon for kart og statistikk på NIBIO. Foto: Bothild Å. Nordsletten

Nyttig for jordleigarar

At mykje landbruksjord blir driven av leigetakarar, er ein annan grunn som gjer kartbasert informasjon om jorda relevant, meiner Svendgård-Stokke.
– Før var det bestemt kva jord bonden dreiv. Han hadde kunnskap om jorda si, nedarva gjennom generasjonar. No har me ein stor del leigejord. Jordkartlegginga kan bidra til informasjon om anna jord enn den bonden sjølv eig, slik at leigetakaren kan fatta dei rette avgjerdene.

Sterke krefter: Klima, berggrunn, avsettingar, topografi, plantar og menneske har gjort at det norske jordsmonnet varierer frå stad til stad. Illustrasjon: Ulrike Bayr

Ung, men variert jord

Det norske jordsmonnet er ungt – det har berre fått utvikla seg sidan siste istid, i om lag 11 0000 år. Grunna påverknad frå mange ulike faktorar som klima, berggrunn, avsettingar, topografi, plantar og menneske (sjå illustrasjon), kjem jorda like fullt i mange variantar, kvar med sine eigenskapar.

– Korleis står det eigentlig til med den norske jorda?

– Me ser store variasjonar. Det er viktig å få fram dette, slik at ein i større grad kan legga vekt på skilnadane når ein til dømes skal gi tilskot til dreneringstiltak, seier Svendgård-Stokke.

– Det er viktig å vita kor dreneringstiltak trengs mest, og det er viktig å vita kor det er mest organisk materiale i jorda. Dette innverkar på korleis areala kan drivast. Jord med høgt innhald av organisk materiale, til dømes, har høgt vassinnhald og lita bæreevne, og er utsett for jordpakking – noko som reduserer jorda si evne til å produsera mat i lang tid.

Variert: Det norske jordsmonnet har utvikla seg sidan siste istid for 11 000 år sidan, og har svært varierte eigenskapar frå stad til stad. Foto: NIBIO

God kunnskap – riktige tiltak

Jordsmonnstatistikken viser at jorda på Sør- og Vestlandet skil seg ut ved at den har mykje full og overflatedyrka jord med høgt innhald av organisk materiale. Dette er forhold som lokale bønder nok er klar over, seier Svendgård-Stokke.

– …men eg er ikkje like sikker på at alle entreprenørane med tung maskinpark veit at dei må ta omsyn til korleis slike areal bør driftast. Dei må ta omsyn til jorda sitt vassinnhald, slik at dei ikkje forverrar jorda. Jordsmonnstatistikken gir grunnlag for å setta inn tiltak slik at desse omsyna kan bli tatt. Det handlar ikkje berre om å ta inn avlinga i tide, men òg om til dømes ikkje å pakka jorda den eine hausten, noko som forverrar situasjonen i fleire år framover.

Nyttig i våtare vêr

Karta frå NIBIO kan òg koma godt med under planlegging for eit villare og våtare vêr, seier Svendgård-Stokke.
– Statistikken viser til dømes kva område som har størst behov for dreneringstiltak. Så kan politikarane – dersom dei vil – retta tilskot mot dei områda der det er mest behov for det.

Også jordvernarar kan ha nytte av den nye statistikken.

– Den kan kasta lys over kva område det iallfall er viktig å ta vara på for nasjonal matproduksjon, seier Svendgård-Stokke.
– Me har jo visst at den beste jorda ligg rundt byane, men me har ikkje hatt tal før no. I område med mykje full- og overflatedyrka jord er det viktig å føra ein svært restriktiv jordvernpolitikk.

– Vil statistikk hjelpa til at mindre matjord blir bygd ned?

– Eg håpar det.

Stikkord denne saka: