Kvalitet på fôrbrettet: Intensiveringa i drøvtyggarproduksjonane har ført til auka behov for meir konsentrert fôr.

Ny rapport viser at norskandelen i husdyrfôret er høgare enn det soya-debatten gir inntrykk av, men òg at intensiveringa av husdyrproduksjonen gjer oss avhengig av import.

Liv Kristin Sola

I dag, onsdag, lanserte Animalia sin årlege rapport «Kjøttets tilstand», om status i norsk kjøtt- og eggproduksjon. I lys av debattane om kjøt-eting, klima og dyrevelferd kan rapporten sjåast på som eit slags barometer for haldningane til kjøt og egg i samfunnet, samt for det faktiske forbruket.
I årets utgåve har forfattarane Torill Emblem Nysted og Siv Heia Uldal, begge Animalia, og Ilze Vakse, NMBU, ein artikkel om kva husdyra våre faktisk et. Seinare tids diskusjonar om kor mykje norske råvarer det faktisk er i fôrrasjonane til husdyra våre, var bakgrunnen for at Animalia ønska å lage ei slik samanstilling. Det seier Siv Heia Uldal til Bondevennen. Forfattarane har fått tilgang til tal frå dei fire store kraftfôrprodusentane (FK-Agri, FKRA, Norgesfôr og Fiskå Mølle), samt Landbruksdirektoratet og Kukontrollen. Det har gjort dei i stand til finne ein gjennomsnittleg fôrrasjon for kvar av dei tradisjonelle husdyrslaga våre, basert på det dei kallar eit normalår.

– Så vidt me kjenner til, er det første gong det er gjort eit slikt detaljert arbeid. Ein slik studie er unik i sitt slag her til lands, seier Uldal.

Meir konsentrert fôrrasjon

Artikkelforfattarane konkluderer med at norskandelen i fôret til husdyra våre er langt høgare enn den offentlege debatten gir inntrykk av. Samstundes konstaterer dei at me er heilt avhengig av importerte råvarer. Dermed får me lett nye diskusjonar om kor høg sjølvforsyninga faktisk er når det gjeld produkt frå vårt eige husdyrhald, skriv forfattarane.
Etter krigen har husdyrnæringa hatt ei stabil utvikling mot færre dyr som produserer meir. Intensiveringa i drøvtyggarproduksjonane auka behovet for meir konsentrert fôr. Samstundes har auka krav til produktivitet gjort at også svin og fjørfe stiller større krav til kvalitet og samansetting av råvarene i kraftfôret. Samla sett er det likevel slik at fôrrasjonen til norske husdyr er basert på norske råvarer. Sjå tabell 1.
Ein gjennomsnittsrasjon til norske mjølkekyr inneheld 45 prosent kraftfôr. 60 prosent av råvarene i kraftfôret er norskprodusert. Fôrrasjonen til ammekyr i kjøtproduksjonen består av sju prosent kraftfôr. Norskandelen i den totale fôrrasjonen er berekna til 97 prosent. Intensiv framfôring av oksar (både mjølk og ammeku) har ein kraftfôrandel på 39 prosent. Totalt er norskandelen i fôrrasjonen til oksar på intensiv framfôring på 86 prosent.
Fôrrasjonen til svin og fjørfe er tilnærma hundre prosent kraftfôr. Basert på tal frå 2018 og 2019, var andelen norske råvarer i fôret til svin, høner og kylling på 71, 50 og 32 prosent.

 

Tabell 1: Tabellen viser fordelinga mellom kraftfôr og grovfôr for dei tradisjonelle husdyrslaga våre, samt innhald av norske råvarer, både i kraftfôret og i den totale fôrrasjonen. Tala er henta frå dei fire store norske kraftfôrprodusentane, Landbruksdirektoratet og Kukontrollen. Det er lagt til grunn at alt grovfôret er norskprodusert. Mjølkeku er inkludert kvigeoppdrett. Intensiv framfôring av oksar omfattar okseoppdrett både frå mjølk- og kjøtproduksjon. Kjelde: Kjøttets tilstand.

Mest norske kraftfôrråvarer

Alt korn som vert produsert her til lands vert nytta som matkorn eller fôrkorn. Korn som ikkje held kvalitetskrava til matkorn blir brukt til dyrefôr. Spesielt er det trong for mykje kveite i fôret til kylling.
Forfattarane minner om at norsk korn er basis i kraftfôret til alle norske husdyr. Medan bygg og havre dominerer til storfe, er kveite den viktigaste råvara i kraftfôret til fjørfe. Til drøvtyggarar og svin utgjer norsk korn over halvparten av råvarene i kraftfôret.
I eit standard kyllingfôr er det tjue prosent soya. Til drøvtyggjarane utgjer soya mellom fem og seks prosent av kraftfôret. For svin er talet åtte prosent. I kraftfôret til drøvtyggarane er også raps ei viktig proteinkjelde.
Import av karbohydrat varierer etter kvalitet og volum på den norske kornavlinga. Ifølgje artikkelen er det i hovudsak karbohydratråvarene mais, melasse, betepulp, roer og proteinråvarene soya, raps og maisgluten som blir importert, i tillegg til noko feitt. Vitamin og mineral blir ikkje produsert her til lands, med unnatak av kalkstein. Proteinproduksjonen er avgrensa til noko oljevekstar, erter og bønner. All soya blir importert frå Brasil. Om lag tretti prosent av importert soya vert nytta til husdyrfôr. Sytti prosent går til fiskefôr.

Figur 1: Råvarer brukt i norsk produksjon av kraftfôr til husdyr 2017 – 2019. Kjelde: Landbruksdirektoratet/Kjøttets tilstand s.145 .

Figur 2: Ingrediensar i kraftfôr til dei ulike husdyrproduksjonane. Figuren viser at biprodukt som kveitekli, delvis soya etter utvinning av soyaolje, melasse, maisgluten og rapskaker utgjer ein ikkje ubetydeleg del av kraftfôret. * Fiskemel/ensilasje, rug, åkerbønner, palmekjerne, luserne, erter, potetmjøl, solsikkemjøl og urea. Kjelde: Landbruksdirektoratet/Kjøttets tilstand.

Alternative proteinkjelder

Forfattarane trur det er mogleg å auke norskandelen i fôret til husdyra våre. Men skal det lukkast, meiner dei det er fleire strategiar som må følgjast parallelt.

Meir og betre grovfôr: Grovfôret er den viktigaste proteinkjelda til drøvtyggjarane våre. Ifølgje forfattarane ligg det eit stort potensial i å produsere meir og betre grovfôr, og dermed auke grovfôrandelen til drøvtyggjarane.

Meir norsk korn: Kornareala er redusert med éin million dekar dei siste tretti åra. Mesteparten er lagt om til gras. Avlingsmengda for korn har vore tilnærma stabil i same periode og forfattarane trur betre økonomi i kornproduksjonen vil kunne endre arealbruken og stimulere til høgare avlingar på kornareala.

Meir protein på norsk jord: Produksjon av bønner, erter og oljefrø kan aukast noko her til lands, men dyrkingspotensialet er avgrensa av krav til jordsmonn, vekstsesong og vekstskifte. Forfattarane meiner likevel at potensialet bør utnyttast både som mat til folk og fe.

Alternative proteinkjelder: Interessa for alternative proteinkjelder er aukande. Blant anna leiter forskingssenteret, Foods of Norway, etter alternative og fornybare proteinkjelder basert på skog og hav.

Stikkord denne saka:
Share This