Ny leiar i Aust-Agder Bondelag, Knut Erik Ulltveit.

Knut Erik Ulltveit er motivert for oppgåva som leiar i Aust-Agder Bondelag. Foto: Øystein Moi

Valnemda, under leiing av Åse Ingebjørg Flateland, meiner at Knut Erik Ulltveit frå Gjerstad er rette mannen til å ta over leiinga av fylkeslaget.

Liv Kristin Sola

Det heile vert avgjort i samband med årsmøtet i Aust-Agder Bondelag den 20. mars. Etter mange år i førarsetet har den mektige bondehøvdingen, Erik Fløystad frå Austre Moland, meld frå til valkomiteen at han ynskjer avløysing i det krevjande vervet som leiar av fylkeslaget. Valkomiteen innstiller på at noverande nestleiar i Aust-Agder Bondelag, Knut Erik Ulltveit (38) frå Gjerstad. Han har lang erfaring som tillitsvald, og har 70 ammekyr på garden Ulltveit, der han bur i lag med sambuar Siri.

 

Motivert av å påverka

– Dette har eg verkeleg lyst til, seier Ulltveit, i ein kommentar til Bondevennen.

Han understrekar at utfordringane står i kø, og han blir motivert av å vera med å påverka. Jordbruksmeldinga vert eit prioritert område fram over, spesielt nemner han tilskot til dyr på innmark. Ulltveit fryktar at det vert færre dyr på beite med attgroing som ein konsekvens.

– Det går ut over trivnaden til folk, understrekar han.

Ulltveit er oppteken av at norsk landbruk skal bestå både av store og små bruk også i framtida og vil arbeida for å motverka sentralisering av landbruket. Men med så sprikande medlemsmasse, blir det ein del kompromiss. Det uroar ikkje den erfarne tillitsvalde.

– Mi oppgåve blir å lytta til alle bønder, og ta ulike meiningar på alvor, understrekar den påtroppande leiaren.

 

 

Fortsatt landbruk over heile landet, er ei viktig sak for den nye fylkesleiaren. Foto:TV2

 

Engasjert ung mann

– Eg opplever Knut Erik som ein engasjert ung mann som satsar på landbruket. Han har bygd opp ei god drift på garden, og har god erfaring etter mange år i styret både lokalt og i fylket, seier ein nøgd leiar av valkommittene i ein kommentar til Bondevennen.

Flateland er nøgd med samansettinga av styret, men understrekar at ho gjerne skulle hatt fleire kvinner inn i leiande verv i styret.

– Me har mange dyktige damer, men få som kan prioritera tid til å engasjera seg i tillitsverv. Dei som stiller seg til disposisjon, vert ofte slitt i alle retningar fordi dei er så få, understrekar Flateland.

Valresultatet vert klart tidleg ettermiddag den 20. mars. Knut Erik Ulltveit er klar for oppgåva. Dette er eit verv han ser fram til med glede. Eit godt utgangspunkt for ein krevjande jobb.

 

 

Stikkord denne saka:
Share This