Handarbeid: Frøhausting av tjæreblom på Landvik, juni 2018.

Med ei ny, heilnorsk og lokaltilpassa frøblanding skal NIBIO Landvik få sørlandske enger og vegkantar til å summa av liv. Innan fem år er håpet å kunne tilby stadeigne frøblandingar til heile landet.

Bothild Å. Nordsletten

– No blir det heilt norsk, stadfestar Trygve S. Aamlid, seniorforskar ved Divisjon for miljø og naturressursar på NIBIO Landvik ved Grimstad.

Det handlar om frøblandingar til slåtteeng. Lenge har dei innehalde mykje importfrø, til dømes av valmue og kornblomst.

– Dei høyrer ikkje heime i Noreg, seier Aamlid.

Det gjer derimot tiriltunge, engsmelle, prestekrage og raudknapp. Iallfall på Sør- og Austlandet.

Summande komposisjon

Om få veker lanserer Aamlid og kollega og slåtteengekspert Ellen Johanne Svalheim, frø frå desse og andre vekstar i Felleskjøpet sine butikkar på Aust- og Sørlandet. Sidan 2017 har dei to stått i bresjen for eit prosjekt som i tillegg til å etablere slåtteeng i Slottsparken i Oslo, har samla inn frø frå Mandal og austover langs kysten. Etter oppformeiring hjå lokale gartnarar og på Landvik, er to blandingar ferdigkomponert for marknaden. Éi for friskeng. Éi for skrinnare tørreng. Kvar med 17 ulike artar. Målet er meir biologisk mangfald og tilrettelegging for insekt. NIBIOs eigne insektekspertar har plukka ut dei artane som er viktigast for småkrypa. Målgruppa er privatpersonar, større veganlegg, og bønder.

Trygve S. Aamlid

Skrinn jord og tolmod

Aamlid oppmodar bønder om å så i nyvinninga.

– Ja, på plassar der ein likevel ikkje får avling, og på synlege plassar. Dette har jo ein estetisk verdi, òg. Om bønder vil ha frø til større areal, kan dei kjøpe i større kvanta, eller velje ut spesialartar. Berre ta kontakt.

NIBO kan spesialblande 30 ulike artar, nokre av dei livsviktige for spesifikke insekt. Raudknapp, er til dømes avgjerande for rauknappsandbia.

– Korleis lukkast med å etablere ei blømande eng eller kantsone?

– Ein må ha helst ha skrinn jord og tolmod, oppmodar Aamlid.

Viktig samspel: Raudknappsandbia er heilt avhengig av raudknappblomen som einaste pollenkjelde. Foto: Agne Ødegaard

– Enga går seg til over tid. Dei mest artsrike engene er på skrinn jord. Ein må difor planleggje i tide, pusse heilt ned og fjerne avklippet, helst i eit par år før ein sår inn blomefrøa. Det nyttar ikkje på feit jord der det er nytta husdyrgjødsel over mange år. Før såing er det viktig med hard raking eller såring av overflata. Slik får frøet jordkontakt og graset konkurrerer ikkje ut dei små spirene. Seinare må du slå minst éin gong i året. Gjerne ein sein slått etter at blomane har blømt og frøa seg. Så er du i gang. Frøa drysser av og spirer på nytt. Unngå all bruk av gjødsel og plantevernmidlar.

Verd prisen

Oppformeiring og frøhandtering er arbeidskrevjande. Dei fleste artane blir handhausta, i fleire rundar, noko prisen på frøblandingane fortel om.

– Éin kilo av frøblandingane kostar omlag 12 000 kroner, seier Aamlid.

– Det held til opp mot to mål. Kvadratmeterprisen blir ikkje så galen. Til privatpersonar sel me også små posar, lik dei til grønsaksfrø.

Han meiner prisen ikkje er avskrekkande, når målet er å berga dei livsviktige insekta. Mange bønder kan òg få støtte til å ta vare på småkryp og pollinatorar via miljøprogram i landbruket. Interessa for slike prosjekt er enorm, seier Aamlid.

Buskerud, Hedmark, Oppland og Rogaland er alt på ballen.

– Me får haugevis av e-postar og telefonar med spørsmål om tiltak for insekta. Nokre stader har fylket gått inn med støtte for å bevara pollinatorane. I Trøndelag skal me i gang med å samle inn morfrø-materiale for oppformering til ei eiga trøndersk frøblanding. Over ein femårsperiode håpar me å kunne dekke heile landet med lokalt, stadeigne blomefrø. Slik tek me også vare på verdifullt genetisk materiale.

Rogaland neste?

Saman med NIBIO Særheim har NIBIO Landvik søkt fylkesmannen i Rogaland om midlar til å samle inn morfrø-materiale til sommaren for å kunne komponera ei eiga rogalandsblanding. Dei ventar på svar. Aamlid har trua, men seier rogalandsbonden nok må venta i to-tre år, før miksen kan vera klar. I mellomtida oppmodar han interesserte til å samla inn frø sjølve.

Verdifull miks: Slik ser den nye frøblandinga ut.

Stikkord denne saka: