Gardsdrifta skal ut av fengselsdrifta på Åna. – Me må syte for at dei innsette får erfaringar som gjer at dei kan konkurrere på dagens arbeidsmarknad, seier fengselssjefen.
Eirik Stople
Jofrid Åsland
– Kriminalomsorg er meir en kjensla av nærleik til dyr, forklarde Ingeir Klemetrud.
Han er fengselssjef ved Åna fengsel i Hå kommune i Rogaland, og har sidan vedtaket om å legge ned den kommersielle gardsdrifta på Åna forklart media mange gonger kvifor situasjonen er slik.
– Eg må drive fengsel, ikkje gard. Garden har fungert som eit aktivitetstilbod for dei innsette, men samfunnet har endra seg, sa han.
Oppstad tvangsarbeidarhus blei opna i 1915. Innsette blei dømde til tvangsarbeid med heimel i lausgjengarlova, som blei oppheva i 1970. Fengslet er i dag ein del av Kriminalomsorga og ligg i Hå kommune på Jæren.
Fengselssjefen ser eit samfunn med endra behov for arbeidskraft samanlikna med behovet som var i 1915. Det er ikkje slik at fangane vil møte gardsarbeid like utanfor murane. Difor må dyra flytte ut av driftsbygningen på Åna. Inn skal tilbod som garnerfag og maskinfag.
– 90 prosent av fangane kjem frå byar og tettstader, me må gi dei erfaringar som kjem til nytte, slik at dei kan skaffe seg arbeid i staden for kriminelle handlingar, forklarde Klemetrud.
Gardsdrift i fengsel
Bondevennen besøkte fjøset i februar 2014, og møtte verksmeistrane Alfred Salte og Andreas Bjorland på parkeringsplassen. Det var ikkje Felleskjøpets grøne, men ulasteleg svart, statleg antrekk.
– Me er her for å få setje mot i folk, sa Alfred Salte og Andreas Bjorland.
Dei har vore leiarar for gardsdrifta og fjøset ved Åna.
– Me har mykje å vise og fortelje deg, men først må du helse på sjefen vår, inspektør Leif Einar Øverland, sa dei.
Øverland var leiar for 36 personar, med blant anna ansvar for kjøkkendrift, reinhald og gardsdrift.
Arbeidstrening
Alfred og Andreas hadde fem medarbeidarar kvar, og tilsaman 30 innsette som er i arbeidstrening.
– Me har eit allsidig arbeidstilbod å tilby gjennom heile året, fortel Alfred, som har ansvar for utedrifta på garden. Me har 11 traktorar og utfører alt gardsarbeidet sjølve, fortalde han.
Garden framstod som eit mønsterbruk, med ein allsidig planteproduksjon. Med 100 kyr og omlag 150 ungdyr har grasdyrkinga dominert, men dei har òg hatt stamsædproduksjon av bygg, samt potet og grønsakproduksjon. I tillegg til gardsbruket driftar dei hageanlegget, vegar og skogen. Jorda er inndelt i teigar, eller hagar som Alfred seier, kvar på omlag 100 dekar.
Gardsbruket har vore eit av dei første trinna i arbeidstreninga.
– Me ser at dei innsette har stor trivsel av å arbeida ute, og med dyra. Det er så viktig at dei får rutinar i livet sitt. Dei innsette er under kontinuerleg tilsyn, og vi kjem tett på dei, fortalde Andreas og Alfred.
– Det kjennes godt å gjera noko som er hensiktsmessig.
På låven møtte Bondevennen ”Ivar” og ”Knut”.
– Me har ansvaret for å heise opp og tildele silofôret, fortalde dei.
Åna har seks tårnsiloar, kvar med ti meter tippehøgde. Alt graset blir fortørka og finsnitta før det blir lagt i siloane. Andreas, som er ansvarleg for fjøset, fortalde at første arbeidsstasjon i fjøset var mjølkegrava, sidan fekk dei innsette andre arbeidsoppgåver. Men nokre treivst så godt med mjølkinga at dei vart verande i den jobben.
– Korleis er det å jobba i fjøset?
– Det kjennes godt å jobba og få ei kjensle av å utføre noko som er fornuftig. Å arbeide med dyra gjer godt. Me arbeidar sjølvstendig, og lærer kvarandre opp. Her blir me vist tillit, noko som betyr mykje for dei fleste. Nå har me eitt år igjen her på Åna, og dette er ein grei plass å vera, fortalde ”Ivar” og ”Knut”.
Nede i fjøset møtte Bondevennen ”Stein”. Han hadde ansvar for kalvane.
– Kalvane på Åna har den beste plassen på Jæren, i følgje veterinæren, sa Andreas.
Han gav æra til ”Stein”, som har ansvar for kalvestellet.
Enorm forskjell
– Me gir dei innsette tillit. Det er med på å bygge dei opp. Dei får trua på seg sjølve og at dette maktar eg, fortalde Alfred og Andreas.
Ein indikator på god trivsel er at det har vore svært lite skulking i fjøset.
– Arbeidstrening i gardsdrifta er noko me brenn for, fortalde dei engasjerte verksmeistrane.
– Me arbeidar saman med dei innsette, er ute og slit og snakkar i lag med dei. Slik opplever me å vera til hjelp, noko som ikkje kan målast i kroner og øre. Men me kjenner vår grense, dei vanskelege tinga tek fagfolka i fengslet seg av, avslutta Alfred Salte og Andreas Bjorland.
Rollemodellar
Klemetrud gav skryt til sine tilsette, og hald fram at det er verksmeistrane og verksbetjentane som har den daglege kontakten med dei innsette, tek dei vanskelege samtalane, og er der for fangane.
– Verksbetjentane er veldig viktige for dei innsette, sa fengselssjefen.
Han understrekar at sjølv om gardsdrifta ved Åna fengsel skal leggast ned vil ikkje jorda gå ut av drift. Fleire bønder vil få jord som tilleggsjord og syte for å halde kulturlandskapet i hevd.
Fengselssjefen opplyste at det er få av fangane som kan delta i gardsdrifta, og understreka vidare at fangane er på Åna for å sone straff, ikkje få terapi gjennom kontakt med dyr.
– Me vil overlate gardsdrift til dei som kan det best; bøndene. Me skal drive kriminalomsorg, sa Klemetrud.
Han ytra forståing for at mange opplever nedlegginga av gardsdrifta som trist, men påpeika at det er eit naudsynt grep.
Gards- og fengselsfakta:
Oppstad tvangsarbeidarhus blei opna i 1915. Innsette blei dømde til tvangsarbeid med heimel i lausgjengarlova, som blei oppheva i 1970. Fengslet er i dag ein del av Kriminalomsorga og ligg i Hå kommune på Jæren.
Det er 164 innsette, 24 av desse har open soning. Alle er menn. Gjenomsnittsalderen på dei innsette er rundt 30 år. Over 50 prosent er dømde for vinning og /eller narkotikamisbruk. Tala varierer over tid.
Av dei 190 tilsette har ti personar arbeida på gardsbruket, fem i fjøset og fem ute på gards-, skog- og parkanlegget. Gardsbruket gav, til ei kvar tid, arbeidstrening til omlag 30 innsette.
Åna fengsel har disponeret eit areal på 3.631 dekar. Arealet fordelte seg slik i 2013: Gras til surfôr 636 daa, korn, stamsædproduksjon av bygg 422 dekar, gulrot 35 daa, potet 10 daa, dyrka jord til beite 234 daa, utmark/ beite 1714 daa, planteskog 349 daa, areal til bygg og vegar 210 dekar.
Åna har hatt 100 årskyr og ein mjølkekvote på 700.000 liter mjølk.
I tillegg har dei produsert 100.000 liter fordelt til eige bruk i fengslet og til kalveoppalet. Total har det vore omlag 250 storfe på garden.
Stikkord denne saka: Mjølkeproduksjon