BN+

Tube-trøbbel: Importert kjøt i Tines smørbare Norvegia vekkjer reaksjonar. Foto: Tine.


Fram til sommaren kan Tine sin Norvegia tubeost seljast med importert skinke og bacon – merka med Nyt Norge. Greitt, eller?


Liv Kristin Sola


Det er mangel på bacon og skinke, altså gris, her til lands. Korona har skulda. Ein av konsekvensane er at Tine ikkje er sikra nok norsk svinekjøt til sine to Norvegia tubeostar. Sist i januar kom meldinga om at Tine har fått dispensasjon frå stiftinga Norsk Mat (tidlegare Matmerk) til å nytte emballasje merka med Nyt Norge sjølv om kjøtet kan vera importert. Dispensasjonen gjeld fram til 1. juni i år.

Overraskande få reaksjonar

Reaksjonane på sosiale media kan tyde på at dette for somme er ein bagatell, medan det for andre er ei meir prinsipiell sak som handlar om tillit.


– Nei, dette er ikkje greitt, seier Olvar Digernes til Bondevennen.


Bonden frå Førde reagerte med å poste ei melding på Facebook kor han oppmoda bønder og samvirkeeigarar til å sende ein e-post til Norsk Mat. Responsen vart mindre enn venta.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: , , ,