Roald Voll vil ha eit “ope” tre med frukt og lys inn til hovudstamma.

Roald Voll vil ha eit “ope” tre med frukt og lys inn til hovudstamma.

Jærbuane Roald Voll og Marianne Kåsen driv tomatgartneri på Ombo i Ryfylke, og har i tillegg opparbeidd ein topp moderne frukthage. Rogaland fruktdyrkarlag og Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke inviterte, saman med familien Voll/Kåsen, til markdag i frukt for å visa moderne tettplantingsystem.

 

Eirik Stople

 

– Tettplanting av frukttre liknar på tomatdyrking. Det handlar om kontrollert plantedyrking sett i system, fortalde gartnar Roald Voll til om lag 30 fruktdyrkarar og andre interesserte. I tettplantingane er det tradisjonelle spindeltreet skifta ut med ei slankare, høgare treform. Trea vert planta tettare, 0,7 – 0,9 m x 3,5 m, er vanleg for eple og pære. Dei nye avstandane må tilpassast etter fruktslag, kva sort ein dyrkar og tilhøva på kvar enkelt gard. Stikkord for dyrking i tettplantingar i forhold til dyrkingssystemet med tradisjonell spindel er: Slankare og opnare treform, tettare plantingar, rotskjering for vekstkontroll, nytt oppstøttingssystem og meir bladgjødsling.

Etablert 20 dekar med ny frukthage

Ekteparet Roald Voll og Marianne Kåsen kjøpte gard på Ombo i 2004. Då restaurerte dei veksthusa på garden og dei har sidan opparbeidd og planta 10 dekar med plomme og 10 dekar med eple.
– Vi har planta plommesortane Opal, Valor, Reevs og Excalibur og eplesortane Dicovery, Sommerred og Rubinstep, fortel Roald. Robinstep er ein ny eplesort i Ryfylke, med haustetid i første halvdel av oktober og brukstid frå november til februar. Det blir nytta eigne pollineringtre, som ikkje er produksjonstre.
– Helst ville vi ha planta to-årige knipetre, men då det var vanskeleg å få tak i slike, måtte vi nytte vanleg pisk. Trea blei toppa ein gang for å få ein greinkrans nede, elles slepper eg trea vidare i høgda utan topping. Dette gir opne tre med gode lysforhold og grunnlag for god kvalitetsfrukt, utdjupar Roald. Men det kostar, du må kalkulere med ei investering på om lag 70.000 kroner per dekar. Gjødselvatning er obligatorisk i nyplantingane og jordsmonet må vera eigna for rotskjering ned til 80 cm djupne.

Den norske marknaden ynskjer meir norsk frukt

– Vi opplever eit sug i marknaden etter alle fruktslaga, fortel fruktrådgjevar Endre Bjotveit. Bjotveit er tilsett iNorsk fruktrådgiving Hardanger, som også inkluderer fruktrådgiving i Ryfylke. Endre kan fortelja at ein i Hardanger, Lier og Telemark kom i gang med tettplantingar allereie i 2005. Den nederlandske fruktrådgivaren, Awika Abvies, har hatt ei nøkkelrolle i introduksjon av den nye dyrkingsteknikken. Det er fleire dyrkarar i Ryfylke som har lagt om til det nye systemet og Øystein T. Kleppa var den første i Norge som tok i bruk rotskjering til vekstregulering, fortel Endre. Han fortel at det er eit stort behov, både i Hardanger og i Ryfylke, for omlegging av eldre Aroma-plantingar til det nye systemet. – Det er skremmande mange plantingar som er eldre enn 20 år. Fornyinga handlar både om å dyrke kvalitetsfrukt og å doble avlingane, understrekar fruktrådgivaren.

Satsing i Ryfylke

– I Ryfylke må det bli gjort noko nå, vi treng eit generasjonsskifte i fruktnæringa, seier leiar i Rogaland fruktdyrkarlag og fruktdyrkar, Terje Pundsnes. Som tidlegare fruktrådgivar har Terje vore tett på fruktdyrkinga i Ryfylke frå 1970-talet.
– Kompetanse er avgjerande for å lukkast med frukdyrking, understrekar den tidlegare fruktrådgivaren.
Han meiner det er viktig at Ryfylke er kopla opp mot kompetansemiljøet i Hardanger, men det er behov for tettare kontakt med rådgivar, særleg for nybegynnarar.
– Skal vi ta epledyrkinga eit steg vidare, kjem vi ikkje unna kravet om betre kvalitet og auka avling og då må vi legga om til tettplantingar, som har vist seg å fungera, avsluttar Terje Pundsnes.
– Det er etablert eit prosjektsamarbeid mellom Ryfylke IKS, Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke og Fylkesmannen i Rogaland for å styrka fruktdyrkinga i Rogaland, fortel Kari Sand, i Bygdeutvikling for Ytre Ryfylke. I desse dagar legg vi nye retningsliner for investeringsstøtte til nyetablering av frukthagar via Inovasjon Norge, fortel Kari Sand, som er ein pådrivar for å få auka frukdyrking i Ryfylke.

Stikkord denne saka: