Arbeidsomfanget har mykje å seie for resultatet, er eit av poenga frå rekneskapsførarane.

Arbeidsomfanget har mykje å seie for resultatet, er eit av poenga frå rekneskapsførarane.

Distriktssjefen i Landkreditt Bank og rekneskapsførarar på Jæren er einige. Bondens helse og livssituasjon er motivet som bør vere i sentrum.

 

Jofrid Åsland

 

– Biletet er jo veldig nyansert. Det er ikkje slik at alle som driv stort slit, seier Peder Skåre, distriktssjef i Landkreditt Bank.

Skåre understrekar at det og finst mange solskinshistorier. Bønder som har investert over fleire år, og har bygd opp ei stor drift med god økonomi.

Han peikar på at dei som satsar friskt har hatt ein plan om at satsinga skal gi ein økonomisk effekt.

– Hjå ein del av dei store produsentane har investeringane vorte større enn venta. Noko som fører til økonomisk etterslep, og betydelege voksesmerter for å dra i gang det store driftsapparatet, forklarar Skåre.

Dei økonomiske utslaga av gode eller dårlege produksjonsresultat blir betydelege i store produksjonar, og god drift er avgjerande for å lukkast.

Per Herikstad, dagleg leiar hjå Hå reknskapslag, fortel at han ser mange bønder som tener pengar, men og fleire som arbeider mykje for låg løn.

– Det handlar mykje om kor gode dei er som driftsleiarar. Ei stor drift krev struktur og systematikk, seier Herikstad.

Dagleg leiar hjå Klepp reknskapslag, Martin Svebestad, ser og at bonden må kunne vere administrator.

– Det er krevjande å drifte eit stort føretak. Nokon taklar det, andre taklar det ikkje, seier Svebestad.

Les og om bonden, Bjørn Egil Friestad, som fortel si historie om stordrift og utfordringar med økonomi.

Risikofaktorar

Det finst mykje som kan føre til tap av pengar, men helse og livssituasjon vert understreka som dei viktigaste faktorane av banksjefen og rekneskapsførarane.

– Sjukdom og samlivsbrot er dei største risikoane, mykje større enn varierande kraftfôrpris, seier Skåre.

Svebestads råd er: å tenke gjennom den totale livssituasjonen.

– Det er viktig å ha tid til familien. Me ser at ein nøgd bonde skaper betre resultat, fortel rekneskapsføraren.

Reint økonomisk vil eit samlivsbrot tappe garden for kapital, opplyser Svebestad.

Dei tre mennene trekk og fram arbeidsomfang som ein avgjerande suksessfaktor.

 

Transport og tid

– Mange bommar på tidsforbruket i forhold til kjøring av fôr og møkk, påpeikar Skåre.

Svebestad seier seg eining. Han ser at mange undervurdere arbeidsbehovet, eller overvurdererer eigen arbeidskapasitet når det kjem til stordrift.

– Dette kan igjen gå ut over det administrative, glede og helse, seier Svebestad.

– Mange av dei store driv for mykje brannslukking og lite på førebygging, supplerer Herikstad

Han forstår at motet kan svikte når arbeidsinnsatsen er stor, og bonden tapar pengar.

Både Herikstad og Skåre ser at fleire i dag vel å bygge i mindre skala enn før. Dei ser bønder som vil sikre seg at dei ikkje investerer til meir enn areala dei har kontroll over.

Stikkord denne saka: