På gode dagar går det ut 60 vogntog med kraftfôr frå fabrikken på Kvalaberget, fortel adm. dir Ola Bekken.

På gode dagar går det ut 60 vogntog med kraftfôr frå fabrikken på Kvalaberget, fortel adm. dir Ola Bekken.

 

FKRA har årleg auka kraftfôrproduksjonen med 5-6 prosent, på same fabrikken. Kontinuerleg forbetring av drifta har gjort dette muleg.

Eirik Stople

– I år 2000 produserte FKRA 270.000 tonn kraftfôr på Kvalabergfabrikken. I 2013 leverte vi 369.864 tonn kraftfôr frå same fabrikken, fortel administrerande direktør, Ola Bekken. Det har vore mogeleg å ta ut denne kapasitetsauken gjennom vedvarande forbetringsarbeid. Forbetringar på alle nivå er sett i system.
– Vi nyttar ein metodikk som blei utvikla ved Toyota fabrikkane. Systemet, som blir kalla Lean, er teke i bruk i industriverksemder verda over, og bygger på at den enkelte medarbeidar, på alle nivå, er tildelt ansvar og myndigheit for forbetringar. For oss har denne måten å tenke på gitt ein positiv effekt både på arbeidsmiljø, produksjon og økonomisk resultat, forklarer Bekken. Systemet blir nå teke i bruk i administrasjonen og andre FKRA-avdelingar.
– Kva er hovudbilete for drifta i 2013?
– Fjoråret var prega av god drift og godt sal på dei fleste områda. 2013 var første året utan kraftfôrfabrikken på Lagmannsholmen. Tilbakemeldinga frå kundane på Sørlandet har vore over all forventning. Elles merka vi sjølvsagt verknaden av våren som aldri kom. Vi fekk ein ekstrem etterspørsel etter såfrø og er stolte av at vi var leveringsdyktige heile tida. For å avhjelpe den vanskelege grovfôrsituasjonen sette vi igang produksjon av fiberrikt kraftfôr, som til ein viss grad kompenserte for lite grovfôr. Butikkane mista mykje av salet til hageeigarane på grunn av den ekstreme våren, og fekk difor eit dårleg resultat etter første halvår. Salet tok seg opp mot slutten av året, og totalt kom vi ut med eit greitt resultat. Vi har hatt ei positiv utvikling av traktorsalet, og enda opp med eit sal av 181 nye traktorar. Salet av produkt for i-mekanisering enda litt over fjoråret, sjølv med tilnærma full stopp i grisenæringa. Elles har vi eit klart mål om å vera marknadsleiande på sal av DeLaval mjølkerobot.
– Skjer det nye ting på driftssida?
– Kornsiloen i Sandnes, med tilhøyrande tomt, blei seld i 2013 og det skjer ein del ting på butikksida. I mars opnar vi ny butikk i Egersund, og i Haugesund startar vi nå prosessen med å bygga nytt maskinsenter. I Sandnes skal vi opna ny butikk i leide lokale, i april 2015, medan det i Etne førebels ikkje er teke avgjerd om bygging.
– Kva dreier eigentleg toll-saka seg om?
– For å seie det kort dreier toll-saka seg om eit straffegebyr frå Statens landbruksforvalting (SLF) på 7,5 millionar kroner. I perioden 2007-2010 importerte FKRA gule erter med feil kode for tollklarering. Uansett skulle det ikkje betalast toll, men etter råd frå speditør nytta vi feil tollkode. Det var ikkje eit forsøk på å unndra seg toll, då importen av gule erter er tollfri. Heile saka kokar ned til ein teknisk formalitetsfeil, som utløyser eit straffegebyr på 5 øre per kilo av 150.000 tonn erter.
– Lever FKRA opp til målsettinga om auka lønsemd for bonden?
– Ja, vi har mellom anna medverka til auka lønsemd i mjølkeproduksjonen. Ved lanseringa av Profet tilbyr vi eit kraftfôr som gir høgare feittprosent i mjølka og med det høgare mjølkepris. I det heile står FK-fôrutvikling for eit utruleg viktig arbeid, som i neste omgang gir utslag for økonomien til bonden.
Gjennom effektivisering og rasjonalisering av produksjonen skaper vi eit positivt resultat som blir verande i næringa, ved at det er bøndene som står bak eigarskapen til konsernet. Dette er eit grunnleggande prinsipp i samvirkeideologien. – For driftsåret 2012 blei utbytte til medlemmene 15 millionar kroner.
Korleis ligg det an i år?
– Vi forventar eit resultat som gir like godt grunnlag for utbytte som blei utbetalt i 2013, avsluttar Ola Bekken i FKRA.

Stikkord denne saka: ,