Ein ny start: Gro og Thore gler seg til lausdriftsfjøset er klart. Dyra får god plass, og bøndene ein fleksibel kvardag. Bøndene står på det som skal bli fôrbrettet. 

Omstilling med bismak

13. januar 2022 | Aktuelt

Gro og Thore bygger lausdriftsfjøs der minkhusa ein gong stod.

Jane Brit Sande

Ventetida har vore lang og søknadane mange, men endeleg kan Gro og Thore Håland sjå konturane av eit nytt fjøs og eit nytt liv på garden på Lomeland i Gjesdal kommune.

– Dette blir dualeg gildt, seier Gro.

I månadsskiftet mars/april får mjølkekyrne koma inn i det romslege lausdriftsfjøset. Etter planen skal bygget vere ferdig til sommaren.

– Me prioriterer å få mjølkekyrne på plass så snart som råd, fordi me treng båsfjøset i lemminga, seier Thore.

Kino og sjokkbeskjed

Fjøsbygginga er ikkje utan ein bismak. Gro og Thore er blant dei 250 pelsdyrbøndene som brått fekk livet snudd på hovudet hausten 2017. I januar det året hadde Stortinget vedteke ei berekraftig utvikling av næringa, men partane i Jeløyaforhandlingane ville det annleis. Med eit enkelt pennestrok la dei ned ei lønsam næring.

Gardsfakta:

Gro og Thore Håland driv gard på Lomeland i Gjesdal kommune. Dei har tre ungar: Mathias (14), Gabriel (12) og Thale (8).

Dei er begge fulltidsbønder og agronomar. Thore har fagbrev som anleggsmaskinførar, og gjekk på Vinterlandbruksskulen på Jæren etterpå. Gro gjekk landbruksfag på Øksnavad vidaregåande skule.

På garden har dei tre produksjonar. Dei har ein mjølkekvote på 200 tonn, full konsesjon med slaktegris, og 200 vinterfôra sau.

Dei har vel 300 mål kulturbeite og 170 mål dyrka.

– Me hadde vore på kino med ungane, og kom heim til meldinga på nyheitene. Det kom som eit sjokk, seier Gro.

Gro og Thore starta med mink fleire år før dei tok over garden i 2008. Etter siste utbygging i 2013 hadde dei kapasitet til 1000 tisper. Lenge hadde dei fire produksjonar på garden: Pelsdyr, mjølk, slaktegris og sau.

– Ser me inntekta for dei ulike produksjonane i snitt desse åra, er det ingen tvil om at minken var best betalt, seier Thore.

– Eit svik

Hausten 2017 var dei så godt som klare til å starte eit nytt byggeprosjekt på garden.

– Med minken hadde me økonomi til at begge var heiltidsbønder samstundes som me bygde nytt mjølkefjøs. Økonomien vår blir aldri den same, seier Thore.

Alt vart sett på vent. Meir enn fire år etter at forbodet mot hald av pelsdyr vart innført, ventar dei framleis på erstatninga.

– Eit svik, seier Thore.

– Me har vore økonomisk låste i fire år. Erstatninga til oss bønder skal svi for staten. Eg håpar dei aldri legg ned ei næring igjen, seier han.

Dei hyller Norsk Pelsdyralslag for jobben dei har gjort.

– Me har ein sterk organisasjon i ryggen, ingen tvil om det, seier Thore.

Bøndene veit ikkje kor mykje erstatninga kjem på, anna enn at den skal målast ut frå takst og tapt framtidig inntekt.

– Det har vore så mange lovnadar desse åra, at me torer ikkje tru på noko før pengane er på konto, seier Thore. Byggeprosjektet som vart utsett i fire år, har i mellomtida fått ein høgare prislapp.

– Fjøset blir mellom to og tre millionar kroner dyrare, seier Thore.

Bøndene får omstillingsmidlar på to millionar kroner, og har førebels fått erstatning på ein million kroner.

Ein ny kvardag

Fjøset blir halvtanna mål stort, og blir bygd der minkhusa stod. 10 000 tonn masse er graven ut. Rivingsarbeidet tok seks månadar.

– Det var jo berre å sette i gong, seier Thore.

– Det var ein spesiell dag då alt vart køyrt frå garden, seier Gro.

I fjøset skal dei ha opne veggar med rullegardiner mot vêr og vind. Mjølkeroboten skal sjølvsagt på plass.

– Me gler oss til ein kvardag som ikkje er bunden opp av mjølkestellet. Ungane veks til, og har fritidsaktivitetar. Me har også mykje me vil gjere saman, heile familien, seier Gro.

Kalvesjefen: Gro er kalvesjefen. Her kjem flokkens yngste for å helse på.

Fjøset er også fleksibelt på andre vis. Til dømes legg dei opp til automatisk fôring, om dei vil investera i dette i framtida. Det er også mogleg å auka mjølkeproduksjonen.

– Me skal bygga med plass til 20 ammekyr. Her kan me etter kvart nytte plassen til å utvide kvoten. Alt avheng av korleis kvoteprisane utviklar seg, og kva me får i erstatning, seier Thore.

Ammekyrne skal etter planen kome til gards i haust. Kalvinga skal gjerast unna i løpet av februar.

– Då kan me inseminera før beiteslepp. Det er også viktig at kalvinga ikkje kolliderer med lemminga, seier Gro.

– I tillegg skal me fôra opp alle stutane til slakt sjølve. Det har me ikkje hatt plass til i det gamle mjølkefjøset, seier Thore.

Mykje planlegging: Bøndene har teikna mange fjøs, og vore på mange fjøsbesøk før dei spikra eigne teikningar. No nærmar det seg – endeleg.

Samvær for ku og kalv

Dei to har hatt mange rundar på korleis fjøset skulle sjå ut og fungera. Det har blitt mange fjøsteikningar og fjøsbesøk gjennom åra. Bøndene har positive erfaringar med å gi alle dyr god plass i gardane. Dei legg også opp til samvær for ku og kalv.

– Me tykkjer dette er veldig spanande, og kalvingsgarden er inspirert av Kusignal. Me trur samværet vil vere godt for kalvane. Forskinga tyder på at det me tapar i mjølk, tener me inn att på tilvekst, seier Thore.

– I tillegg er det ulike teikn i tida som tyder på at dette vil bli aktuelt for mjølkeproduksjonen her til lands, seier Gro.

Ho siktar til forskinga, både internasjonalt og på NMBUs senter for husdyrforsøk på Ås. Og i Facebook-gruppa «Norsk melkeku forum» vart det nyleg delt bilete av ein dansk mjølkekartong der samvær for ku og kalv vart løfta fram på mjølkekartongen.

– Me følgjer med på kunnskapen og diskusjonane kring temaet, og finn mykje av interesse i gruppa «Samvær ku og kalv – forum for melkebønder», seier Gro.

I fjøset skal dei ha ein felles kalvingsgarde på om lag 60 m2, med flisetalle.

– Flis fungerer godt, og er i tillegg tilgjengeleg for oss. Me får rydda beite, og nyttar tallen til jordforbetring, seier Thore.

I flisegarden skal kyrne kalve og stå saman med kalven den første tida. Etter kvart blir dei flytta over i velferdsavdelinga. Her har kalvane tilgang på eit kalvegøyme, og kyrne kan gå inn i mjølkeroboten.

– Etter ei tid saman, blir ku og kalv separert. Då blir kyrne flytta inn i hovudavdelinga, og kalvane blir plasserte i ein garde like ved. Då kan dei framleis ha kontakt, men kalven kan ikkje patte på mora, seier Gro.

Dei er spente på korleis dette vil fungere.

– Me har ikkje ein konkret plan på kor lenge dei skal gå i dei ulike avdelingane, og så vidare. Me må prøve og feile litt. Jurhelse og robotmjølking skal også vere i orden oppi dette, seier Gro.

Dei prøvde litt ku/kalv-samvær i sommar. Då tok dei kalvane inn om kvelden.

– Me er spente på korleis dette vil fungere i beitesesongane framover. Vil kua kome inn for å bli mjølka, til dømes?, seier Thore.

– Opplegget vil nok ikkje fungere for alle kyrne våre. Me veit allereie om nokre som det sikkert ikkje er aktuelt for. Men me må prøva. Dette blir veldig spanande, seier Gro.

Kvar sin rase: Ungane er ivrige på garden. Tidleg får dei velje kvar sin «eigen» saurase. Det gir eit variert fellesskap i fjøset.

Ungane er med

Dei tre ungane til Gro og Thore er alle i sving i dei ulike fjøsa på garden.

– Dei får tidleg velje «eigen» sauerase, seier Gro, og minnest at minstejenta kunne ramsa opp sauerasane alt som to-åring.

Det blir mange rasar i fjøset av slikt: Blæsete, dorper, brun spæl, pelssau, black nose, og NKS.

– I år hadde me også sauene til heis for første gong, i Brokkheia. Ungane har vore ivrige på heiadrift. Tidlegare har dette kollidert med kvelpinga i minkhuset, seier Gro.

Stikkord denne saka: , , ,