Interesse for dyr: Selma Bjørkholt (i kvit jakke) og Marthe Birkeland går Dyreomsorg fordi dei synest det er spanande med dyr. – Dette året har svart til forventningane, seier Selma.
Evje folkehøgskule fekk koma til gards hjå Terje Birkeland. – Eg vonar besøket hjå meg vil lære dei litt meir om «vår side» i debatten, seier bonden.
Jane Brit Sande
Terje Birkeland står og trippar utføre fjøset. Om litt skal snautt 30 elevar frå den lokale folkehøgskulen koma til gards. Elevane går linjefaga Dyreomsorg og Solidaritet og bærekraft.
– Det er jo veldig spanande med dette besøket; om dei er engasjerte og stiller spørsmål, eller om dei er uinteresserte, og ikkje seier noko som helst, seier han til Bondevennen.
Terje er mjølke- og ammeku-produsent i Evje, og leiar av Evje Bondelag. Elevane skal få koma inn i ammekufjøset på garden: Eit kring to år gammalt trefjøs, med 11 meter under møne og 1800 kvadratmeter i grunnflate. Årleg er det kring 70 kalvingar.
Har tillit til besøket
Historiene om besøkande med uærlege hensikter har satt spor i landbruket. Mange bønder ville nok vore skeptiske til å opna fjøsdørene for elevane, men Terje gjer det likevel.
– Eg kjenner jo godt til historiene om skjulte kamera, slik som alle andre. Det ligg jo i bakhovudet. Men dette besøket er ein del av eit undervisningsopplegg, og eg har tillit til lærarane, seier han.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.