
Bane Nor startar arbeidet med å fjerne gjerder langs Sørlandsbanen Vest etter 1. desember. Bønder som fryktar for tryggleiken til folk og fe, vil freiste å hindra dei.
Jane Brit Sande
Historiene om beitedyr som er ihelkøyrde av toget, er diverre mange. I lange tider har bønder og grunneigarar i Dalane opplevd kontakten med Bane Nor, tidlegare Jernbaneverket, som uproblematisk. Gjerdene er blitt fiksa, og bøndene har fått økonomisk erstatning for dyra dei gongene uhellet har vore ute. No aktar Bane Nor å fjerne gjerda heilt, stikkrenner langs jernbanen er ikkje vedlikehalde på fleire år, og det er tette dreneringsgrøfter på fleire jorder. Bøndene fortvilar.
Vil hindra
Terje Taule, bonde på Helleland, er klar i talen.
– Ikkje slepp inn Bane Nor sine folk på eigedommen din for noko anna vedlikehald enn gjerding, oppmodar han.
Bondevennen kjenner til at fleire bønder i Dalane-regionen aktar å hindra Bane Nor sine tilsette å parkera i gardsrom og kryssa beite eller eng for å koma fram til jernbanelinja. Nokre vil gå så langt som å melde Bane Nors folk til politiet, dersom dei tek seg fram.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






