Dag Jørund Lønning vandra fram og tilbake på scenen, vifta med armane og snakka med tydeleg innleving.

Dag Jørund Lønning vandra fram og tilbake på scenen, vifta med armane og snakka med tydeleg innleving.

Bønder, politikarar, utbyggarar og friluftsinteresserte sat rundt same bord i Klepp rådhus, i dialog om arealutviklinga på Jæren.

 

Jofrid Åsland

 

– Dette er heilt overveldande, sa Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling (HLB).

– Noko er felles for alle oss som er her. Me jobbar med areal, er avhengige av areal, så veit me at det ikkje er så mykje av det. Me må dele det, for å dele arealet må me snakke saman.

Lønning har vore primus motor bak dialogprosjektet, Jærsmiå. Der målet har vore samtale framfor debatt.

Han skildra Jæren ut frå fleire perspektiv. På den eine sida som eit tradisjonelt produksjonslandskap. På den andre sida som eit urbant opplevingslandskap. Rektoren fortalde at det er i presset mellom desse to utviklinga av jærlandskapet vert krevjande.

I byrjinga av prosjektet, Jærsmiå, vart ulike grupper spurd om dei var i dialog med andre brukargrupper i det jærske landskapet. Ti prosent svara at dei var i dialog med andre grupper, medan femti prosent svara at dei aldri snakka med andre brukarar av jærlandskapet.

– Me lev i ei tid dominert av debatt og diskusjon. Det handlar om å vinner over motparten med ord. Me har fleire og fleire av denne typen arenaer, sa Lønning til forsamlinga.

Han vandra fram og tilbake på scenen, vifta med armane og snakka med tydeleg innleving.

– Kva er dialog? Det er det motsette av debatt. Der ein søker einighet i staden for ueinigheit, påpeika rektoren.

 

Mykje folk frå alle lag fann vegen til Klepp rådhus torsdag.

Mykje folk frå alle lag fann vegen til Klepp rådhus torsdag.

Opp av skyttargravene

Lønning skildra korleis dei forskjellige interessegruppene berre snakka for eigen kyrkjelyd, som han kalla det. Der ein dannar seg ei oppfatning av andre grupper gjennom dialog i si eiga gruppe.

– Noko veldig viktig er i ferd med å gleppe for oss, sa han.

Ingen var i til om at denne mannen meinte alvor.

– Me har arbeida mykje med avliving av mytar og stereotypiar dette året i Jærsmiå, fortalde Lønning.

Han opplyste at Jærsmiå starta som ein vill ide, der tanken har vore å tenke på tvers av dei etablerte sektorane.

– Eg tek oppmøtet her i kveld som ei stadfesting på at dette er noko me treng, sa Lønning frå scenen.

Same tilbakemelding har han fått frå deltakarane i Jærsmiå.

Rektoren skildra korleis arebid på tvers av sektorane må endre ordbruken frå “mitt” til “vårt”.

– Omsynet til matjord er ein verdi deltakarene i Jærsmiå deler. Me har vorte så einige at me i kveld vil legge fram ei prinsipperklæring, understreka rektoren.

 

Ingve Berntsen, bonde frå Nærbø, delte sine erfaringar frå Jærsmiå.

Ingve Berntsen, bonde frå Nærbø, delte sine erfaringar frå Jærsmiå.

Positiv til jordvern

Fleire av deltakarene i Jærsmiå reiste seg og fann veg til scenen for å dele sine erfaringar med forsamlinga denne kvelden.

Ein av dei var bonden frå Nærbø, Ingve Berntsen.

Han skildra korleis han ser arealproblematikken i forhold til bønder og utbyggarar.

– I praksis er alle taparar. Alle vinn nokre slag, men ingen vinn krigen, sa han.

Berntsen fortalde at det har dukka opp raude trådar gjennom arbeidet i Jærsmiå.

– Nyttar det med dialog? Ja, eg er veldig optimistisk, sa bonden.

Cato Østerhus, utbyggar, delte også av sine erfaringar frå tankesmia.

– Me har alle lyst på mat og plass og bu. Me må tenke regionalt kring infrastruktur, og bruke areala rett, utan konflikt med jordvern, sa Østerhus.

– Når ein kjem inn med fly over denne regionen er det nesten utruleg at me diskuterer å røre eit gram med matjord, haldt han fram.

Utbyggaren sikta til fjellområda, og understreka at han gjerne bygg hus på fjell, men peika på infrastrukturen som den største bøygen.

– Hadde me satt oss kring bordet i dialog trur eg med kunne spart mykje ressursar i samfunnet, sa Østerhus.

Han fortalde at han har stor tru på Jærsmiå, og håper tankesmia får utvikle seg og verte eit større fora.

 

Cato Østerhus, utbyggar, har tru på dialog i framtida.

Cato Østerhus, utbyggar, har tru på dialog i framtida.

Fylkesmann med tru på endring

Magnhild Meltveit Kleppa, Fylkesmann i Rogaland, kommenterte at det var utruleg mykje folk samla i rådhuset.

– Trur du det vert ei endring hjå politikarane etter dette møtet?

– Mange skjønar at det er viktig å ta vare på matjorda. Eg trur fleire vil stille seg spørsmålet: Kan me gjere dette på ein annan måte? etter dette møtet, sa Kleppa til Bondevennen.

Fylkesmannen fekk ein innramma versjon av prinsipperklæringa.

– Eg ser fram til fortsetjinga av dette møtet. Kanskje eg skal henge erklæringa ved sida av kongeparet, sa ho til forsamlinga.

 

Ingve Berntsen (t.v.), Cato Østerhus og Dag Jørund Lønning gir prinsipperklæringa frå Jærsmiå til Fylkesmann, Magnild Meltveit Kleppa.

Ingve Berntsen (t.v.), Cato Østerhus og Dag Jørund Lønning gir prinsipperklæringa frå Jærsmiå til Fylkesmann, Magnild Meltveit Kleppa.

Kommune med utfordringar

Ane Mari Braut Nese, ordførar i Klepp, vart introdusert som ordføraren som må ta stilling til jordvernproblematikken.

– Det hendar kommunen må ta draumar frå folk. Det hender me må seie nei. Nokon gonger kan me og vere einige, sa ordføraren om arbeidet med arealsaker.

Braut Nese skildra korleis deltakarane i Jærsmiå har lært å snakke i lag.

– Mi største overrasking var at utbyggarane sa dei hadde likt om kommunen var litt strengare, sa ho.

Ordføraren peika og på kor viktig det er at kommunen lyttar til innbyggarane.

 

Ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese, har lært meir om dialog gjennom Jærsmiå.

Ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese, har lært meir om dialog gjennom Jærsmiå.

Dialog tyder deling

Før heile forsamlinga fekk prøve dialog i praksis fortalde Lønning om Dialogportalen.no, som er ei nettportal der kunnskap om arealutvikling i jærregionen kan delast.

– Dialog tyder deling. Så del gjerne. Eg håper dette vert eit stort regionalt løft framover, sa Lønning.

 

Stikkord denne saka: