IMG_1630

Østen Bergøy har følgt i hælane på røynde saue­sankarar i Slettedalen og har kjent hardkjøret og samhaldet frå det røffe heielivet på kroppen. Her er hans rapport. God lesing:

Det er laurdag morgon. På veg innover stien i Slettedalen går sju mann og ei kvinne, og ein hund som ikkje er gjetarhund i det heile. Det er ein leiken flatcoated retriever, som dreg eigaren over lyngen så han så vidt klarer å løfta føtene. Det er alt folk som er på veg opp på dei høgaste toppane. Me andre har sove på Fjellro, som er ei av to hytter som Indrejord beitelag bruker når det er heiasending, tilsyn, dugnad, eller som i dag: Sauesamling.

Høgtid på heia

Starten på samlinga er ein merkedag i kalenderen for dei involverte. Fullt på høgde med jul, bryllaupsdagar, konfirmasjonar og barnedåpar. Indrejord beitelag har eksistert sidan 1969, og pr. september 2016 er det ti sauebønder frå Ryfylke og Nord-Rogaland som til saman har ein stad mellom 15 – 1600 dyr på beite i området kring Indrejordsnuten. I dalføra Slettedalen og Berdalen. Dei fleste sendte sauene til heis i midten av juni.
Heia står enno grøn der me traskar av garde. Det er sorpete i stien, det har regna mykje og det er grått innover dalen. Det er faste rasteplassar som har namn, alt i ein godt innarbeidd tradisjon, ein rytme. Den første rasteplassen heiter Murane, der det står restar av grunnmurar som har husa ein familie som emigrerte til Amerika for drygt 100 år sidan.

Dårleg geiterykte

Nokre av sauesankarane snakkar mykje, medan andre seier mest ingenting. Det er mange slags anekdotar og vandrehistorier som vert fortalt. Det er ei kjennsgjerning blant folk som har jaga sauer og geiter at det ikkje er alle dyr som er like samarbeidsviljuge. Geiter har dårleg ry. Og enkelte i selskapet har sterke meiningar om sauerasen svartfjes, men konsensus er det ikkje.
Ingvar dreg følgjande historie:
– Eg hadde ein kompis frå Nord Noreg som banna så frykteleg mykje, og ein gong spurde eg han kva det kom av. Då svara han: far min hadde tjue geiter.
Det hender det vert behov for kraftuttrykk.
Det byrjar å regne. Eg kler på meg regnklede. Det sluttar å regne. Eg kler av meg regnkleda. Det byrjar regne igjen. Eg kler på meg regnkleda. Og går med dei heile dagen. Me treff på ein del sau på vegen, og høyrer bjøller i liene. Kring halvparten av selskapet er saueeigarar, andre halvparten er slike som meg og bror min: friviljuge.

Avsindig tungt

Me stoggar på ein strategisk stad som heiter ‘Raua Råså’. Jan Hansen, som er ein av dei meir erfarne, forklarer at her er det viktig å halde linja, med rett avstand, for dette er staden der smalen som kjem ovanifrå skal drivast ned på stien, og vidare i ei drift attende mot hegna.
Innanfor Skrebotn vert sikrings­radioane skrudd på. Eg går utan. Det er ingen utprega fordel. På radioen ropar dei som er på toppen at dei treng minst to mann, og minst ein som er kjent.
– Det er møje kjekkare på toppane enn her nere i liå, seier Petter Haua­land, på klingande Jørpelandsdialekt. Eg blir med han og to andre. Det er avsindig tungt å gå opp dei bratte bakkane.

Les heile saken i Bondevennen nr 37

Alle bilete Østen og Dag Ove Bergøy

  • Folk og smale på veg mot hegna.

 

Stikkord denne saka: