Endeleg erstatning: Pelsdyroppdrettarane fekk tysdag i førre veke eit etterlengta og førebels punktum då regjeringa og Frp vart samde om erstatningsordninga. – Men jobben er ikkje over. Me kan ikkje kvila. Næringa er fortsatt i beredskap, seier Bertran Trane Skadsem, leiar i Norges Pelsdyralslag. (Arkivfoto)

Pelsdyrbøndene kan endeleg sjå eit lys i enden av tunnelen. No går det mot full erstatning.

Jane Brit Sande

Tysdag i førre veke vart regjeringa og FrP samde om erstatningsordninga til pelsdyrprodusentane. Eit etterlengta og førebels punktum for bønder som ikkje har visst korleis den økonomiske framtida ville sjå ut.

– Dei fleste av oss tok nok ein liten pust i bakken etter tysdagen. Men jobben er ikkje over. Me kan ikkje kvila. Næringa er fortsatt i beredskap, seier Bertran Trane Skadsem, leiar i Norges Pelsdyralslag (NPA), til Bondevennen.

Han held fram at forhandlingsforliket er eit betydeleg steg i rett retning.

– Men me må få dekt dei økonomiske tapa. Me er nøgde med vedtaket i Stortinget, men me veit ikkje kva innhaldet er. Derfor er me avventande.

Tett kontakt

I forliket står det at det skal «utformast eit opplegg for taksering av pelsdyranlegga basert på faglege verdivurderingar som tar utgangspunkt i ekspropriasjonsrettslege reglar.»

– NPA har fått gjennomført taksering av pelsdyrgardane. Men me veit ikkje om staten vil gjennomføra nye takseringar, seier Skadsem.

Han var ein av fleire pelsdyrbønder, som saman med støttespelarar, hadde tatt plass på galleriet i Stortingssalen.

Bertran Trane Skadsem

– Eg trur politikarane meinte det som vart sagt frå talarstolen. No skal departementet koma med ei forskrift, og syta for ei gjennomføring. Me følgjer prosessen med argusauge, seier Skadsem.

Han seier han og NPA har tett kontakt med politikarar både i regjering og opposisjon.

– No må Stortinget si vilje gjennomførast, seier han.

Ein storfamilie

Pelsdyrbøndene utgjer ei relativt lita gruppe i Landbruks-Norge. Korleis dei har stått samla i motvinden har vore til inspirasjon til mange.

– Det har vore ei utfordring å stå saman, men me har greidd det. Me har blitt ein meir samla gjeng, ein storfamilie. Eg treff stadig nye personar og familiar, og me har alle vår historie om korleis me er råka. Oppdrettarane skal ha full honnør for å stå samla, men også for å vere aktive kvar for seg. Mange har opna opp og delt sine historier, seier Skadsem.

NPA-leiaren sine lovord om miljøet blir stadfesta av tidlegare pelsdyrprodusent Wegard Qvalbein, som skryt av sine yrkesfellar som har tenkt langsiktig og gjort investeringar.

– Folk har sett positivt på framtida, heilt til vedtaket kom. Det er klart me såg mørkt på situasjonen, seier Qvalbein.

Den unge bonden har berre lovord å koma med, på spørsmål om korleis det har vore i produksjonsmiljøet dei siste åra.

– Me har eit heilt fantastisk miljø. Her på Jæren og i Rogaland har me hatt fleire samlingar der me har fått rom til snakka om situasjonen vår. Me har også hatt fleire samlingar på landsbasis, seier han.

Reserveplanen: Minkhuset hjå Wegard Qvalbein har stått tomt sidan november. No vil dei heller satsa på mjølk på Kvalbein gard. Her saman med sonen Mads. Foto: Sjur Håland

Vil satsa på mjølk

Som ein direkte konsekvens av avviklingsvedtaket for pelsnæringa, har minkhuset til Wegard Qvalbein stått tomt sidan november.

– Me vil heller satsa på mjølkeproduksjonen, seier Qvalbein om vegen vidare.

– Eg såg ikkje gleda i å vere i minkhuset lenger. I tillegg kom det økonomiske aspektet. Eg mista like mykje, om ikkje meir, i erstatningsgrunnlag dei åra eg haldt fram med å driva, som eg tente inn, forklarar han.

Bondevennen har tidlegare skrive bonden på Kvalbein i Hå kommune. Då vurderte han å satsa på grøntnæringa, vinnaren i jordbruksoppgjeret, men møtte stengte dører og fekk avslag på søknaden.

– Dei hadde ikkje behov for kvantum, var svaret, seier Qvalbein, som ville produsera lauk.

Må ha pengane att

Pelsdyrproduksjonen hans er taksert til sju millionar kroner.

– Dette ventar eg å få att, seier Qvalbein bestemt.

– Staten må erstatta det som er lagt inn i produksjonen. Så enkelt er det. Eg er ikkje nøgd før det skjer, seier han.

Saman med kona Ann Qvalbein, driv han Kvalbein gard. No er mjølkekyrne dei einaste produksjonsdyra på den 450 dekar store garden.

– Me vil bygga nytt mjølkefjøs, men me gjer ingenting før erstatninga er avklara. Får me ikkje dei pengane me ventar å få, må me sette oss ned igjen og vurdere om me vil satsa vidare på landbruket i det heile, seier Qvalbein.

Stikkord denne saka: