Plan: – Bruk nok tid til planlegging, og syt for å vera oppdatert i høve byggføreskriftene og signer kontraktar med konkret ferdigstillingsdato, er blant råda til KSL-revisor Martin Haarr t.v. og bygningsrådgivar hjå NLR, Joacim Laurendz.

Byggjande bønder er ikkje alltid på trygg grunn når gravemaskinskuffene blir sett i jorda.

Sjur Håland

– Byggeføreskriftene kan vera vanskeleg å tolka, og du bør heller ikkje leggja til grunn at entreprenøren du brukar sit inne med dei siste oppdateringane. Det er ditt ansvar, seier mangeårig KSL-revisor Martin Haarr.
Det kan handla om ein praktisk miljøstasjon, ei velferdsavdeling som er romsleg nok til å tåla både dagens og morgondagens krav, eller det kan handla om byggeløysingar som tek høgde for elementære krav til dyrevelferd og HMS. Å ta høgd for at alle detaljane kjem på plass etter kvart, er i overkant krevjande i ein hektisk byggefase.

Ta med rettleiar

– Å vera på offensiven er eit nøkkelord, meiner den røynde revisoren. – Nokre vel å hyra inn ein rettleiar heilt frå planleggingsfasen. Rettleiaren er også med i møte med byggefirma. Det er ein god strategi.
Haarr erfarer at bønder som er glad i papirarbeid er i mindretal. Men å leggja papira til sides og basera deler av bygginga på munnlege avtalar er alt anna enn ein god strategi, meiner han. Mykje står på spel. Produksjonen må til dømes i gang til planlagd tid.
– Ferdigstilling i rett tid er avgjerande for økonomien i prosjektet – og for å få dyra inn i produksjon etter planen. Du må vera ein krevjande kunde i møte med leverandørane dine, understrekar KSLrådgjevaren.

Venta på klammer

Han fortel om ein bonde i Sogn og Fjordane som måtte venta fleire veker på nokre klammer frå Canada til innreiinga før han kunne ta bygningen i bruk.
– Fleire utstyrsleverandører kjøper i mange høve produkta frå ulike land. Dømet er ei påminning om at du på førehand burde ha blitt samd med entreprenøren om ein ferdigdato.
Joacim Laurendz er bygningsrådgjevar hjå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Han planlegg hus for stor- og småfe. Detaljnivået på teikningane som blir lagt til grunn kan spara bonden for uføresette kostnadar undervegs, erfarer han.

Detaljerte teikningar

– Alle naudsynte snitt må følgja med planen slik at entreprenøren får rekna detaljane med i prisen. Ein enkel planteikning fortel sjeldan alt, påpeikar han.
– Kva er ditt grunnleggande råd til bonden som skal bygga?
– Syt for teikningar med alle snitta og lag ei god beskriving som dekker alt som skal med, og be om pris hjå minst tre entreprenørar.
Norsk Landbruksrådgiving har byggteknisk kompetanse og kan laga både teikningar og «handlelister».
– Me kan vera med og samanlikna tilboda og tilkalla entreprenørane til eit møte. Målet er å synleggjera skilnadane og få ned prisane. Legg du opp til ein grundig prosess, kan du pressa prisane ned nær 20 prosent, erfarer Laurendz.

Smittevern og HMS

Haarr peikar på viktigheita av å velja gode HMS-løysingar og å vera obs på logistikk og utforming av bygget med tanke på smittevern.
– Kadaverbilen er ein av dei største smitterisikoane. Syt for ein logistikk der du unngår å få denne transporten inn i tunet, understrekar Haarr, som også held fram viktigheita med beredskapsplan med blant anna rømmingsvegar og tryggleik i høve til dyr. – Så må du lage ein god miljøstasjon, uansett produksjon, seier han.
Bonden er byggherre og har ansvar for at driftsbygningen tilfredsstiller gjeldande krav.
– Vel gode løysingar. Er bygningen til storfe bør du til dømes ha ein fast plass til klauvboksen og klypping av jur og halar.
– Mange oppdagar dei ideelle løysingane etter at bygginga er ferdig. Kvifor?
– Du må ikkje berre gyva på. Ver profesjonell også i planleggingsfasen. Rekneskapsføraren og banken er dei første du bør vera i dialog med. Reis rundt og haust erfaringar frå andre bønder. Få ei teikning. Snakk med rettleiarar og i-mek seljarar, dei kan dette veldig godt, seier Laurendz.
Med 3D-teikningar kan heile familien vera med på virtuelle reiser inn i fjøset før det er bygd, og ta del i planlegginga.
– Dei kan gå gjennom den nye bygningen i detalj og drøfta løysingar med oss som teiknar.
Han rår til å diskutera planane med slakteriet og meieriet sine folk.
– Be om kommentar frå lastebilsjåførane og veterinæren din, først når denne runden er ferdig kan du gå til byggefirmaet og be om pris og sjekka deira praksis kring skriftlege kontraktar, seier Joacim Laurendz.

Lang planleggingstid

– Kor lang tid bør ein planleggingsfase vara?
– Du bør rekna god tid, gjerne opp mot tre år.
Når planane er ferdig skal kontrakten ferdigstillast og signerast. Kontrakten bør skissera framdriftsplanen og ha med dato for ferdigstilling av bygningen.
– Har du ein kontrakt med dato for ferdigbefaring, må entreprenøren førehalda seg til dagbøter om ikkje bygningen er klar til bruk. Handlar det om konsesjonsdrift på gris eller kylling, kan det vera aktuelt med erstatning dersom bygningen ikkje er ferdig til planlagd innsett.

Stikkord denne saka: