Spor: Skjermfotografiet frå Norge i Bilder avslørar kjøremønsteret i enga og kan vera eit nyttig hjelpemiddel for å planlegga og bli medviten på ei meir effektiv kjøring.

 

Med eit digitalt luftfoto, auka kjøre-bevisstgjering og redusert lufttrykk er du eit godt stykke på veg mot å handtere ei blautare framtid, meiner NLR-rådgjevar.

Sjur Håland

Robotiseringa av landbruket er i kjømda. Men det er eit stykke fram før sjølvstyrande små robot-firehjulingar kan gjera arbeidet i staden for traktorar, effektive rundballepresser og finsnittarar. Det tyder ikkje at det er uråd å driva landbruk med god agronomi med dagens utstyr.

Finna balansen

– Du må finna den rette balansen, seier Jogeir Magnar Agjeld.

På Særheimdagen førre veke var det hans oppgåve å inspirere bønder og rettleiarar til korleis bøndene bør tenkja kring mekanisering i ei tid med tøffare vêrtilhøve. Agjeld har høgskuleutdanning i landbruksteknikk og tjue år som journalist i Betre Gardsdrift i ryggsekken. Dessutan driv han eitt bratt sauebruk i Olden i Stryn. No arbeider han med maskinteknisk rådgjeving for NLR, med heile landet som virkefelt.

– Eg var nett på Agritechnica-utstillinga i Tyskland. På slike stadar er det lett å få inntrykk av at dei fleste dyrkar mat på bæresterk jord og at det er greitt med stor reiskap med smale hjul.

Nytte eller skade

Siste vekstsesong har understreka at slik er det ikkje her til lands. Mykje regn, vassmetta eng og åkrar, til tider under vatn, med tilhøyrande køyreskader og jordpakking.

– Det er naudsynt å finna balansen mellom kva nytte du gjer på jordet og likeeins kva skade du gjer. Kvar gong du er i ferd med å svinga ut på grønt gras bør du spørja deg sjølv om du gjer meir nytte enn skade.

Agjeld held fram dilemma mellom ønsket om å slå og hausta gras med lett traktor og reiskap, med behovet for å få jobben gjort effektivt til rett tid.

– Skal du breispreia graset eller skårlegga, er ein evig diskusjon. Ved breispreiing får meir gras lys og full nytte av fotosyntesen rett etter slåtten. Med andre ord raskare tørking. Om du ikkje breispreier får du raskare tørking mellom skårane og redusert fare for kjøreskader under dårlege forhold.

Råd: – Bli medviten på kva reiskap du har og korleis du brukar det, er blant råda til Jogeir Magnar Agjeld frå Norsk Landbruksrådgiving.

Ikkje bastante svar

Dei bastante fasitsvara finnes oftast ikkje, i følgje Agjeld. Men nytte/skade-tenkinga er grei å ha i bakhovudet.

– For eksempel med raka. Rotorriva gjer ein god jobb. Ulempa er at feil bruk vil føra til at du riv opp jord og tuver, øydelegg grassvoren og ureinar fôret. Rivetindane skal så vidt nå ned i stubben. Sjølv er eg ikkje redd for at det ligg att nokre strå i enga når arbeidet er ferdig. Syt for nok hjul på riva slik at ho flyt godt. Om du i tillegg gjer eit godt arbeid med såbedet slik at enga er slett, er mykje gjort, meiner han.

Kamrive eller pickup

Kamriva kan vera eit fungerande alternativ under krevjande forhold. Ho løfter graset inn mot strengen og reduserer faren for å få med jord og husdyrgjødselrestar i fôret. Pickup-riva er også eit alternativ, men denne er dyr.

– Kva med rundballepressa. Skal ein velja singel eller kombi?

– Heller ikkje her er det klare svar. På Sør- og Vestlandet må me førehalda oss til korte vindauge med opphaldsvêr. Stor traktor med stor kombipresse betyr effektivt arbeid og fin flyt. Men har du ein 50-hestars traktor og ei singelpresse utan kutting bergar du også fôret, illustrerer han.

Idiotsikker fôrberging

Fôrhaustaren er ikkje avskilta, i følgje Agjeld.

– Det blir framleis seld kring 100 maskinar i året. Haustemetoden representerer ei suveren og idiotsikker fôrberging, særleg om du er i nauda. Hugs at du også kan sikra god fôrkvalitet med slaghaustaren.

Det hjelper lite med tvillinghjul på traktoren om du har ein tung hengar på slep med dårleg hjulurusting, påpeikar den maskinkyndige rådgjevaren. Han held også fram landbruket si store utfordring med unødvendig kjøring og transling. I transportnæringa blir det snakka mykje om tonnkilometer. Omgrepet er i høgaste grad også relevant i høve til landbruket.

– Ja, du må retta merksemda mot å både redusera vekta og kjørelengda. Dekktrykket må også ned. Du minimerer jordpakkinga med større dekkareal og mindre lufttrykk. Når du er ute på teigen kan du redusera trykket i dekka betydeleg.

 

Fornuft: – Sjåføren bør vera medviten på neste operasjon. Legg frå deg rundballane på ein fornuftig plass før du kjører vidare. Kvar meter tel, seier Jogeir Magnar Agjeld.

Ugrei kjøring

Djupjordspakking av jorda er alvorleg og styrast i hovudsak høg akslingsvekt. Sluring skadar særleg dei tynnaste røtene i graset og gjer stor skade. Å kutte all kjøring på jordet er ikkje mogleg

– Men det går an å tenkja at kvar meter er ugrei. Du skal ha litt dårleg samvit når du cruisar over enga. Frå din plass på traktorsetet skal du vera medviten på neste operasjon. Legg frå deg rundballane på ein fornuftig plass før du kjører vidare. Kvar meter tel.

Dei færraste teigane er ideelle i høve til effektiv traktorkøyring. Dei fleste har nok av svingar og krokar.

– Med eksisterande utstyr kan du enkelt auka kapasiteten med ti prosent. Det gjer du ved å kjøra beint. Då utnyttar du meir av arbeidsbreidda, på til dømes slåmaskinen. Du sparer arbeid, kjøring og diesel. I tillegg reduserer du jordpakking, «berre» ved å sikta beint eller nytta GPS.

Luftfoto

Eit foto frå ei drone eller ein kikk på eigen gard gjennom Norge i Bilder på nettet, kan avsløra eige køyremønster og inspirera til meir effektiv kjøring, med redusert jordpakking og betre avlingar som resultat. Faste kjørespor er ikkje vanleg i Norge.

– Men du kan bruka bevisste kjørespor, seier Agjeld. Studer eige kjøremønster, tenk gjennom korleis du kjører mest effektivt og hald deg til det mønsteret, tilrår han.

Reiskapshjula og framhjula på traktoren høyrer med når dekkutrustinga skal vurderast. Bruker du brei rive når graset skal finsnittast, er det eit lurt grep. Walkie-talkie er ikkje utgått på dato. Særleg ikkje for ein entreprenør med fleire traktorar i arbeid på garden samstundes.

– Å kunna melda frå til dei andre sjåførane om sleipe bakkar, blaute hol, fuktige område og planlegge kjørestrategi på direkten er gull verdt.

Stikkord denne saka: ,