Kaffi og klappstolar: Kjølege lokalar, men varmt engasjement for landbruket blant dei om lag 50 frammøtte.

Nærmare grasrota enn inne i ein verkstad omgitt av store jorder, skal det godt gjerast for SP å driva valkamp.

Bothild Å. Nordsletten

Kaffi og twist. Notis i Jærbladet. Mikrofon. Vips vart verkstaden til SP-representant i kommunestyret i Time, Brigt Åge Høyland, omgjort til valkamparena med partikollega og stortingsrepresentant Geir Pollestad som møteleiar. Fredag føremiddag fann om lag femti  bønder og media vegen til garden på Lende.

Tema: Den nye jordbruksmeldinga, som ifølgje Pollestad berre blir skumlare og skumlare for kvar gjennomlesing. Framfor ein benk full av verktøy kritiserte stortingsrepresentanten meldinga for hovudmålsettinga om kostnadseffektivitet og for å lausrive landbruket frå dei andre samfunnsoppgåvene sektoren utfører i tillegg til matproduksjon. Han meinte også at meldinga ikkje tek nok omsyn til den rolla landbruket spelar for samfunnsberedskapen.

Landbruksminister Dale framhevar gjerne meldinga som moderne, men å dimed insinuera at landbruket er umoderne og endringsvegrande, er feil, påstod Pollestad vidare. Han viste til at det knapt finns andre bransjar i Noreg med same effektivitetsutvikling og teknologibruk, som landbruket.

Ynskjer diskusjon

Som saksordførar for meldinga i næringskomiteen, sa Pollestad at han vonar komiteen tek omsyn til følgjande saker:

  • Fastslåing av inntektsmål for bønder. Ikkje i prosent, men i kroner.
  • Produksjonsmål for auka norsk matproduksjon, basert på norske ressursar og areal.
  • Ein differensiert landbrukspolitikk tilpassa dei store variasjonane i landet.

I tillegg ynskjer Pollestad diskusjon om målet for økologisk produksjon, innføring av kompetansekrav i landbruket, bruken av leigejord samt om mjølkekvoteordninga.

Møteleiar: Geir Pollestad (SP) tykkjer den nye jordbruksmeldinga er skummel lesnad.

Tidenes moglegheit

Frå dei medbragte klappstolane stilte bøndene engasjerte spørsmål om klima, endringar i avløysarordninga, kompetansebevis, inntekt og meldinga sin lagnad dersom SP kjem til makta etter valet til hausten.

Pollestad peikte på den offensive tonen om landbruk i AP sitt nye programframlegg, på SP sine sterke meiningsmålingar samt på den separasjonsfasen, som han meinte at KrF og V no går gjennom med regjeringspartia – og konkluderte.

– Dette er tidenes moglegheit for å få til ei offensiv melding – eit opptrappingsvedtak for landbruket. SP ynskjer eit bredt fleirtal for ei god melding.

Og for dei som måtte vera i tvil, haldt Pollestad fram:

– Denne meldinga er ikkje brukande for å styra norsk matproduksjon. Dersom FrP går ut av regjering, går meldinga i makuleringsmaskina.

Vedda verkstaden

Sjølvtilliten i SP er det lite å seia på, om dagen. Pollestad sa seg til og med villig til å vedda verkstaden til møtevert Høyland, på at meldingsframlegget om å styrka utmarksbeite på bekostning av innmarksbeite, ikkje går igjennom.

Både Høyland og Pollestad var nøgde med det store oppmøte til arrangementet, som var planlagt så seint som under gruppemøte i SP måndag kveld.

– Kva oppnår de ved å driva valkamp på denne superenkle måten?

– Det er ikkje valkamp. Det er politikk, og det å møtast å diskutera politikk er den mest effektive forma for valkamp. Kvifor gjera det vanskeleg, når ein kan gjera det enkelt?

– Ja, vel. Kjem det til å arrangera liknande møte igjen, andre stader?

– Evalueringa var like enkel som planlegginga. Dette vil me gjera fleire gonger. Først i Dalane, så får me sjå om det også vert fleire stader.

Satsar høgt: Geir Pollestad sa seg villig til å vedda verkstaden til møtevert Brigt Åge Høyland, (nr tre frå venstre), på at framlegget i den nye jordbruksmeldinga om endra beitetilskot, ikkje går igjennom.

 

Stikkord denne saka: