– Målsettinga med den offensive internasjonale satsinga er å sikre finansieringa av avlsarbeidet i Norge, seier styreleiar i Norsvin, Geir Heggheim.
Eirik Stople
Den 2. juni signerte styreleiar Geir Heggheim og adm. direktør Olav Eik-Nes Topigs Norsvin avtalen. Då var det ein realitet at dotterselskapet til Norsvin SA, Norsvin Internasjonal, hadde fusjonert med det Nederlanske føretaket Topigs , og skipa selskapet Topigs Norsvin.
Med ein produksjon på 1,55 millionar livpurker og over 8 millionar selde sæddosar, blir Topigs Norsvin verdas nest største svinegenetikkleverandør. Kvart år vil det produseras meir enn 90 millionar slaktegris med Topigs Norsvin genetikk. 500 tilsette over heile verda skal arbeide i det nye selskapet. Norsvin SA har ein eigarandel på 33,5 prosent, tilsvarande ein verdi på 450 millionar, i Topigs Norsvin. Topigs er på same måte som Norsvin SA, samvirkeeid. Begge selskapa vil halda fram som sjølvstendige nasjonale samvirkeselskap. Det nye internasjonale selskapet Topigs Norsvin er eigd av selskapa Topigs International og Norsvin International.
Historia
– Gjennom Norsvin Internasjonal (NI) etablerte vi oss i Sverige på midten av 90-talet og i Finland nokre år seinare, fortel Geir Heggheim i ein samtale med Bondevennen.
– Den nordiske merknaden har gitt stabile importinntekter som grunnlag for utviklingsarbeidet til Norsvin. NI har også eit dotterselskap i Litauen for å posisjonera seg mot Aust-Europa og Russland. I 2002 flaug vi over 600 purker til USA kor vi også etablerte eit nytt selskap som etter kvart er blitt 100 prosent eigd av NI. Selskapet i USA har stort potensiale og har medverka sterkt til Norsvin sin relativt store eigardel i det nye Topig Norsvin-selskapet, utdjupar Heggheim.
Motstrøms
– At eit lite land som Norge har eit produkt som er heilt i verdstoppen er på mange måtar litt motstrøms, seier bonden og styreleiaren.
– I ein internasjonal målestokk har vi ein liten svinepopulasjon med små og få besetningar. At vi trass dette har konkurrert sterkt på internasjonalt nivå skuldast fleire forhold. Bruksstruktur, organiseringa av avlsarbeidet og helsesituasjonen har vore avgjerande suksessfaktorar for oss. Særleg helsesituasjonen har vore avgjerande for å ha ein livdyrflyt i avlen som ikkje andre land har kunne kopiere, understrekar Heggheim.
Norsvinleiaren meiner dessutan at det norske svinemiljøet, produsentar og organisasjonar, har vist organiseringsevne og gjennomføringsvilje som andre land ikkje har greidd. I tillegg peikar han på motiverte avlsbesetningseigarar som ein viktig årsak til avlssuksessen.
Framtida
– Fusjonen vil skaffe oss nye inntektsmuligheter som gir grunnlag for å ytterligere intensivere FoU aktiviteten som er helt grunnleggende for å forbedre den genetiske kapasiteten på dyra. For eigarane av Norsvin, tilbakebetales utbytte i form av avlsframgangen som skapes gjennom eit omfattende forsknings- og utviklingsarbeid, uttrykker Heggheim.
Norsvin SA vil langt på veg halda fram som i dag med avl på landsvin og duroc og tilby same produktutval til den norske bonden. På sikt trur vi at norske svineprodusentar kan velja mellom fleire linjer og produkt enn i dag.
Nå startar arbeidet med å bygga den nye organisasjonen. Det første styremøtet i Topigs Norsvin blei avvikla i Stavanger sist helg.