Sjå filmen

Stein i jorda trigga bonden si kreative side

Liv Kristin Sola

Bjarte Nærland og kona Siv Follerås, driv gard med mjølk, gras og potet på Nærland, i Hå, i  ogaland. Familien driv rundt 1.000 dekar dyrka jord, det meste innafor 3 km frå garden.

Familien har 300-350 dekar med potet, både tidlege og seine sortar. Berber vert hausta i midten av juli. Av dei halvtidlege sortane har dei halvparten av Fakse som  passar på sandjord, og vert hausta tidleg nok til å få etablert attlegg før hausten. På moldjord  fungerer det bra med Folva, Kerrs Pink og Troll, sortar som dei haustar i september/oktober. Fakse gir best avling, med 4-5 tonn per dekar. Heile avlinga på om lag 700 tonn blir levert til  Coop.

I den moldrike jorda med mykje stein, vart det ei utfordring å køyra fresen djupt nok, utan at stein øydela dei små tindane i fresen. Bjarte sveisa på ein grubb med 8 fjørbelasta vibroflex-tindar. Med  grubbetindane framme får bonden løysa jorda djupare, og kan spara fresen med å unngå å køyra den så djupt.

For å spara tid og køyring, har Bjarte kopla potetsettaren bak fresen. Potetsettaren er ein Underhaug 4-rads settar, som er festa på fresen med ein svanehals. Slik får bonden grubbe og frese og sette poteter i ein operasjon.

 

Stikkord denne saka: , , ,