Liv Kristin Sola
– Mykje praktisk arbeid, små fagmiljø, små klassar, og ein lærar som har tid til deg.
Dette utseget gjekk igjen blant elevane ved Voss jordbruksskule. VG3-elev Otto Galtung viser til at læringsutbyttet aukar når teorien vert omsett i praksis.
Voss jordbruksskule vart grunnlagd i 1948 som ein fagskule for landbruket. Hovudmålet den gong var å gi landbruksutdanning til odelsgutar.
Som den einaste tradisjonelle jordbruksskulen i Hordaland, rekrutterer skulen i dag elevar frå heile fylket.
Utviding
Fem vidaregåande skular på Voss skal bli til to. Med ein alder på 67 år, går Voss jordbruksskule av med pensjon. Voss Vidaregåande blir navnet på den nye skulen som skal stå klar til bruk frå hausten 2016. 170 elevar aukar til 400, og utvalet i studietilbod aukar.
Naturbruksutdanninga
Dei fleste elevane på naturbruk fylgjer eit 3-årig utdanningsprogram. På VG3 kan elevane velja om dei vil gå landbruk som gir agronomutdanning, eller naturbruk som gir generell studiekompetanse. Etter agronomutdanninga er det høve til å gå VG4 og få generell studiekompetanse i tillegg.
Skulen tilbyr også eit løp som ender med spesiell studiekompetanse for dei som vil vidare på veterinær, til dømes. Solvei Mikkelsen valde denne retninga. Ho er russ i år. Ho trekk fram vekslinga mellom teori og praksis som ein stor styrke i undervisninga på Voss jordbruksskule.
– Dagane med praktisk arbeid har løfta veldig dei dagane med rein teori, og har nok gjort at eg unngått å bli skulelei, seier Solveig.
Gardsbruket
Jordbruksskulen har vald å satse på alle dei tradisjonelle husdyrproduksjonane for å gje elevane ei grunnleggande god undervisning, uavhengig av dyreslag. På garden har dei 1000 høns, 30 mjølkekyr, 40 vinterfôra sau, 20 avlspurker og 18 hestar.
Internasjonalisering
Elevane får tilbod om fire veker utveksling i eit europeisk land i løpet av VG2. Utvekslinga gir elevane Europass, og verdifulle erfaringar.
Hest i Ungarn
Kvart år får elevane på VG2 hestefag høve til å søka om eit seks månadars opphald på hestesenteret Kisbabolna i Ungarn. Dei elevane som ønsker å reise går gjennom eit uttak etter nokre kriteriar som skulen har definert.
Les meir om jordbruksskulen på Voss, i Bondevennen nr 18/19, som er i postkassane fredag 8. mai.
I Bondevennen nr 20 kan de lesa om dei fire elevane, Marie Bø, Marianne Veland, Hilde Hovland og Marie Ljones, som rett før påske kom heim etter 6 månadar på hestesenter i Ungarn.
Stikkord denne saka: ung i bygda, Utdanning