Ut av uføret: Kjetil Søyland meiner at ei konsesjonsjustering som inkluderer purkeslakta vil redusera norsk svinekjøtproduksjonen med 5.000 tonn i året. – Det vil berga næringa ut av uføret, seier han.

Norske svineprodusentar har blitt alt for effektive. Kjetil Søyland meiner at å inkludere purkeslakta i konsesjonsregelverket er einaste utveg for å få bukt med overproduksjonen.

Sjur Håland

– Det er alt for mykje gris i marknaden og dessverre inga god reguleringsløysing i sikte utanom å ta purkeslakta med i berekninga av konsesjonsgrunnlaget, meiner Søyland.

2018- prognosen i juni synar eit overskot på 4.600 tonn svinekjøt for 2018. I tillegg ligg 6.008 tonn alt på reguleringslager. For første tertial i 2019 synar prognosen eit overskot på 3.000 tonn. Prisane til produsentane ligg nett no 1,40 kroner per kilo under målprisen. I følgje den dystre prognosen vil 2018 enda på minus 1,20 kroner per kilo i høve til målprisen.

Botnskrapt verktøykasse

– Verktøykassa i høve til marknadsregulering er botnskrapt, dette er alt anna enn lett, understrekar bonden frå Søyland i Gjesdal.

I lys av forbrukartrendar, auka press frå import og store mengder storfekjøt som blir frose ned for tida, trur ikkje Søyland på at det er mogleg å auka salvolumet særleg mykje framover. Han trur heller ikkje ei oppmoding om ein friviljug reduksjon på fem til ti prosent ute hjå smågrisprodusentane vil ha turvande effekt.

– Nei, ein frivillig dugnad vil ikkje fungere. I alle fall ikkje på lengre sikt. Tidlegare erfaring tyder på at produksjonen kanskje får ein dump ned, men tar seg opp att i løpet av kort tid, fastslår han.

Saman med kona, Marianne, driv han med mjølkeproduksjon med kvote på 360.000 liter, 90-100 vinterfôra sauer og smågrisproduksjon opp mot konsesjonsgrensa. Søyland er ikkje ny i svinenæringa. På garden har gris vore ein del av driftsgrunnlaget sidan 1960-talet.

Einaste løysinga

Søyland set si lit til den pågåande utgreiinga i Landbruksdirektoratet. Håpet er at purkeslakta i landets 1000 purkebesetningar blir tatt med i konsesjonsgrunnlaget. Det vil bety at moglegheitene til å bruka såkalla eingongspurker for å auke smågrisproduksjonen i besetningane blir monaleg redusert.

– Eg ser ingen andre reelle løysingar enn denne, seier Søyland.

I tråd med protokollen i siste jordbruksoppgjeret, skal Landbruksdirektoratet første september presentera ei mogleg endring av konsesjonsregelverket for svineproduksjon. Dersom direktoratet går inn for å ta med purkeslakta i berekninga, vil det kunna bety at ei konsesjonsbesetning på smågris med 105 årspurker, kan slakta maks 126 avlspurker i året, dersom eit forholdstal på 1,2 blir lagt til grunn. Rekrutteringsprosenten blir då 40.

– I vårt opplegg vil det bety at me kan ha fire puljar med 36,8 purker, til saman 146 årspurker. Me kan selja 4140 smågriser kvart år. Slaktet av smågrisene me sel, saman med slaktet av eigne purker, vil utgjera 350 tonn, illustrerer han.

– Vil dette tiltaket vera nok til å få marknaden i balanse?

– Ingen kan seia kor stort utslaget blir. Ein del av dei som driv innafor grensene som gjeld i dag, vil måtta redusera produksjonen. Eg trur fort me kan rekna 5.000 tonn til saman. Det vil i så fall berga næringa ut av uføret.

Mykje gris: Prognosen synar eit overskot av svinekjøt på 4.600 tonn i 2018.

Pris eller premie

– Kva med å heller gå inn for premiert purkeslakting?

– Då vil nokre slakta ut, medan andre ser sitt snitt til å auka. Dermed er me like langt.

– Enkelte har teke til orde for å heller pressa prisane ned og dermed skvisa ut ein del produsentar på den harde måten. Er det eit alternativ slik du ser det?

– Nei. Nyetablerte svineprodusentar har ikkje råd til å slutta. Å redusera produksjonen ved å justera ned oppgjersprisane til produsentane vil særleg bidra til å skvisa ut dei som driv i distrikta. Det ville vore ei ulukke for landbruket.

– Produksjonskvote?

– Det hadde me aldri fått regjeringa med på. Me har ikkje fleire reguleringsalternativ att. Det er det som er problemet.

Treng distriktsgrisen

Søyland forklarer at om ikkje konsesjonsendringane kjem, vil ubalansen i marknaden særleg gå hardt ut over dei mindre einingane i distrikta.

– Desse svinebøndene vil slutta, og når dei er ute vil også den politiske viljen til å vera med å regulera svinenæringa, forsvinna. Dermed kan me få ein frisleppt smågrisproduksjon som alle vil tapa på. Eit slikt løp vil kunna enda med ein kjedestyrt kontraktproduksjon liknande den slaktekyllingprodusentane må førehalda seg til. Det ville vore katastrofalt.

Kalkulatoren til Søyland ligg på kjøkkenbordet. Eit reknestykke synar at for å forsyna den norske marknaden med svinekjøt, trengs det ikkje fleire enn 200 sentralt plasserte produsentar som kvar leverer 8.500 smågris. Det er eit scenario Kjetil Søyland vil unngå.

– Alt står på spel her. Tenk berre på kor viktig grisen er for mangfaldet ute i distrikta. Grisen er også avgjerande for å sikra jamne tilførslar og drift gjennom året til slakteria rundt om i landet.

– Korleis er lønsemda i produksjonen hjå dykk nett no?

– Me er godt etablerte, så det går greitt. Men om smågrisprisen hadde vore 100 kroner høgare, som han burde vore ved marknadsbalanse, ville inntektsgrunnlaget på garden auka med 400.000 kroner. Det er mykje pengar og ein god illustrasjon på kva overproduksjonen kostar.

Søyland presiserer at slaktegrisprodusentane har bidrege i den vanskelege situasjonen.

– Dei har gjort sitt ved å følgja oppmodingane om å slakta tidleg for å ta inn nye smågriser for å letta på smågris-trykket.

Ned fem prosent

– Konsesjonsendringane som er skissert vil vel også kosta dykk dyrt?

– Dersom purkeslakta blir inkludert i konsesjonsgrunnlaget vil me måtta redusera produksjonen med fem prosent. Denne reduksjonen vil bli meir enn kompensert om marknaden kjem i balanse.

 

Eingongspurkene

Definisjon:

Eingongspurkeproduksjon vil seia at smågrisprodusenten med noverande konsesjonsordning kan produsere så mange smågris ho eller han vil, så lenge det ikkje er meir enn 105 purker i fjøset til ei kvar tid. Det betyr at produsenten kan slakta ungpurka rett etter avvenning av det første kullet og setja inn ei ny ungpurke straks etter. I ordinær svineproduksjon blir purkene i snitt slakta etter tredje kullet.

Mogleg endring:

Under jordbruksforhandlingane i 2018 vart Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag samde med staten om at regulering av smågrisproduksjon basert på tal avlspurker (innsette, slakta/omsette purker) skal utgreiast. Det skal føretakast særskilde vurderingar for foredlings- og formeiringsbesetningar. Landbruksdirektoratet skal gjennomføre utredninga innan 1. september 2018. Målet er at eventuelle endringar skal kunna gjelda frå 1. januar 2019.

Stikkord denne saka: