Leiaren av Norsk Bonde- og Småbrukarlag håper brot vil føre til betre rammer for bøndene. (Foto: privat.)

Leiaren av Norsk Bonde- og Småbrukarlag håper brot vil føre til betre rammer for bøndene. (Foto: privat.)

Regjeringa braut med Venstre og Krf. Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner det viser at det ikkje er fleirtal for den nye landbrukspolitikken.

Jofrid Åsland

– Dette viser at regjeringa står åleine og at det ikke er fleirtall for regjeringas nye landbrukspolitikk, seier Merete Furuberg, leidar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Venstre og Krf(Kristeleg Folkeparti) har krevd at budsjettoverføringane skal vere på dagens nivå, og ikkje tas ned med 250 millioner kroner, slik regjeringa la opp til i sitt tilbod til jordbruket. I tillegg har Venstre og Krf ønska ein sterkare strukturprofil, slik at små og mellomstore bruk kjem betre ut i forhold til statens tilbod.

– Hovudutfordringane i statens tilbod er at det vart lagt opp til eit frislepp i forhold til storleiken på bruka og kor mykje tilskot eit enkeltbruk kan motta. I tillegg foreslo regjeringa å ta ned overføringane. Tilbodet vil ikkje bidra til økt matproduksjon, og me er glade for at regjeringa ikkje har fleirtall for sitt syn, sier Furuberg.

Ho avviser at det som har skjedd i etterkant av brotet mellom faglaga i jordbruket og staten svekkar forhandlingsinstituttet:

– I hovudavtalen for jordbruket står det klart at jordbruksforhandlingane er et verktøy for å iverksette Stortingets landbrukspolitikk. Me har no fått bekrefta at regjeringa ikkje har flertall for sitt syn. Det viktigaste no er difor at Stortinget avklarer kva som skal vere norsk landbrukspolitikk. Bøndene treng forutsigbarheit og betre inntektsmolegheiter enn det som regjeringa la opp til i sitt tilbod. Me håper at partia finn saman til eit bredt fleirtall som bidreg til å nå Stortingets mål om auka matproduksjon, avslutter Furuberg.

Stikkord denne saka: