Lam får råmjølk med sonde.

Tre veterinærstudentar har sett nærare på årsakane til død hos kopplam. Granskinga deira viser at tarmslyng er vanlegaste dødsårsak. Å sikre lamma nok råmjølk kan er eit førebyggjande tiltak. (Illustasjonsfoto: Jofrid Åsland)

Kopplam i Rogaland har høgare dødelegheit i innefôringsperioden enn lam generelt, viser forsking gjort av tre veterinærstudentar.

 

Jofrid Åsland

 

«Kva døyr eigentleg kopplamma av?» var spørsmålet tre veterinærstudentar skulle freiste å finne svaret på. Pernille Djupesland, Inger Anne Frøysedal og Andrea Enevoldsen studerer ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) og spesialiserer seg på produksjonsdyrmedisin og mattryggleik. Som del av spesialiseringa har dei skrive ei fordjupingsoppgåve om dødelegheit hjå kopplam, med professor Snorre Stuen, ved Seksjon for småfeforskning og husdyrhelse ved NMBU, Høyland, som rettleiar.

Bondevennen skreiv om prosjektet då det starta i fjor.

«Vi har identifisert at kopplam i Rogaland har ein høgare dødelegheit i innefôringsperioden enn det ein ser hos lam generelt, basert på tal henta frå Sauekontrollen. Resultata frå prosjektet vårt peikar på at lidingar knytt til fordøyingssystemet skil seg ut som viktige tapsårsaker i kopplamoppdrettet. Dette bør gje grunnlag for vidare forsking,» konkluderer dei tre veterinærstudentane i oppgåva si.

I konklusjonen peiker studentane på at dei ikkje har granska årsakssamanhengar mellom dei identifiserte dødsårsakene og andre registreringar i frå kopplamjournalane. Gransking av årssakssamanhengar ser dei på som ein viktig moglegheit til å finne risikofaktorar til utvikling av sjukdom hos kopplam i framtida. «I kva grad kopplam er utsett for ein meirrisiko for utvikling av ulike sjukdommar svarar ikkje vår studie på. For å nærme seg denne problemstillinga bør det undersøkast korleis diagnostiserte dødsårsaker hos kopplam skil seg frå diagnostiserte dødsårsaker hos lam generelt,» skriv studentane.

Hyppigaste dødsårsak er tarmslyng

Av totalt 30.270 gjennomgåtte journalar frå SSFH (Seksjon for småfeforskning og husdyrhelse ved NMBU, Høyland) i perioden 1974 til 2014, vart det registret 452 journalar frå kopplam. Av desse 452 journalane frå kopplam var dei diagnostiserte dødsårsakene som hadde størst førekomst tarmslyng (171/452), gastropati, sjukdom i magesekken, (64/452), peneumoni, lungebetennelse, (41/452), spektikemi, blodforgifting (30/452) og enteritt, sjukdom i tarmsystemet (26/452). (Sjå tabell under.)

«Klinisk kan tarmslyng ytre seg svært likt gastropati, og lidinga kan også lett forvekslast med infeksjonar i ledd eller stivsjuke. Ofte kan sjukdomen føre til brå død. Om ein finn lam i live vil dei ofte stå krokrygga, med beina innunder seg eller sparkande mot buken. Ein kan finne lam flatsides med ein utspilt buk og bleike slimhinner,» står det skildra i oppgåva.

Studentane opplyser at tarmslyng er utbreidd hos kopplam. Dette fordi nettmage og vom kan vere små og underutvikla før avvenning hos desse dyra. «Årsaken kan ha samanheng med utilstrekkeleg tilgang på grovfôr og kraftfôr, samt tildeling av mjølk i store og få porsjonar. Rask passasje gjennom vom og nettmage gjer at tarmavsnitt kan verte fylt. Ettersom vom og nettmage er for små til å stabilisere tarmen sin posisjon, vil tarmane lett kunne endre leie. Det er og sett at lidinga ofte utviklar seg etter brå fôrendringar, særleg ved overgang til kraftigare beite,» forklarer dei tre studentane i sitt arbeid.

 

(Saka held fram under tabellen.)

Sjukdom Kopplam journalar totalt. Tal påjournalar Prosent-andel
Tarmslyng 452 171 37,8 %
Gastropati 452 64 14,2 %
Pneumoni 452 41 9,1 %
Septikemi 452 30 6,6 %
Enteritt 452 26 5,8 %

Tabellen viser fordelinga av dei vanlegaste sjukdomane hjå dei obduserte kopplamma.

 

Førebyggande tiltak

Studentane understrekar at førebygging av sjukdom må sjåast i samanheng med miljøforholda og drifta på den aktuelle garden.

Her er råd til godt miljø for kopplamma:

  • God råmjølkstildeling er det viktigaste tiltaket ved dei aller fleste sjukdomar hos spedyr.
  • Råmjølka må vere av god kvalitet og sikre lammet godt med antistoff for at dei skal kunne motstå infeksjonar dei fyste vekene.
  • Lær lammet tidleg å drikke av drikkeniplar/smokk. Lam som ikkje får i seg nok mjølk vil kunne bruke mykje tid på å leite etter mat og kan slik få i seg mykje bakteriar frå omgivnaden.
  • Ha god hygiene i bingen. Reingjering av binge og drikkeniplar, samt godt med strø/halm som underlag er viktige tiltak for å dempe det generelle smittepresset.
  • Dersom lamma først skal gå ei tid med søya er reingjæring av jur viktig.
  • Ein godt fungerande smittesluse vil kunne hindre unødig smitte inn til besetninga.
  • Alt inntak av dyr, til dømes ved innkjøp eller mottak av kopplam frå andre besetningar, bør skje med strenge rutinar for hygiene og smittespreiing.
  • Unngå at dyra står tett vil er eit godt tiltak for å redusere smittepresset ytterlegare.
  • Lamma bør delast i grupper etter storleik og helst ikkje vere for mange i kvar.
  • Varmelampe og isolerande tett liggeunderlag er viktig for kopplam. Varmelampa bør plasserast slik at ho skapar god luftsirkulasjon i bingen, og strø bør bytast når det vert skittent og fuktig.

Les heile oppgåva om dødelegheit hos kopplam her.

 

 

Stikkord denne saka: