((F.v.)Inga Steinsland og Bente Gro Slettebø trur på landbruksinformasjon i form av små dessertar.

((F.v.)Inga Steinsland og Bente Gro Slettebø trur på landbruksinformasjon i form av små dessertar.

Filmen, «Kæ seie bonden», har hausta lovord langt utover bøndenes rekker. Desse damene trur på fordøyeleg informasjon for folk flest, altså små dessertar.

 

Jofrid Åsland

 

– Det var fantastisk magisk då Kunt Storberget (Ap) sa at filmen vår har fått Arbeiderpartiet til å snu i landbrukspolitikken, sa Bente Gro Slettebø, representant for Rogaland Bondelag, til Bondevennen under Bondetinget.

Då politikaren frå Arbeiderpartiet var på talarstolen rosa han nemleg filmen frå Rogaland, og opplyste at den hadde påverka partiets retning i landbrukspolitikken.

Ideen om filmen: ”Kæ seie bonden” vart til heime på kjøkkenet til Slettebø, etter at barna hadde kauka på originalsongen, “kva seier reven”, i lengre tid.

Under Bondetinget vart filmen fleire gonger tema. Mange viste til den som døme for korleis ein skal opplyse folk flest om landbruksnæringa.

I utgangspunktet var videoen laga for å påverke politikarar før jordbruksoppgjeret. Då videoen vart lansert under Rogaland Bondelags årsmøte, og hausta den ståande applaus.

– Det er eit teikn på ein god organisasjon, når ein person med eit nettverk kan nå ut. Det viser at det er moglegheiter, sa Slettebø.

 

Trur folk vil ha dessert

Inga Steinsland, som og representerte Rogaland Bondelag under Bondetinget, var oppteken av rett kommunikasjon.

Frå talarstolen tok Steinsland til orde for å gi folk små dessertar, som dei kan fordøye.

Då meinte ho små filmsnuttar som “Kæ seie bonden.” (Sjå filmen under.)

– Me bønder forstår ikkje kor lite folk der ute kan om landbruket. Folk manglar kunnskap. Me må gi dei kunnskapen heilt gratis, sa Steinsland til Bondevennen.

– Det er heilt rett, og det er eit av våre ansvarsområder, responderte Slettebø.

Damene frå Rogaland var einige om at bøndene må ta inn over seg kor viktig det er og få ut rett informasjon.

– Me må vere misjonærar for landbruket i familieselskap, på bussen og overalt der me kan avdekke feil oppfatningar av næringa, sa Slettebø.

Ho har tru på bruk av bilete som fotballbanar og hundrelappar, framfor dekar og prosentar.

– Me har absolutt vorte ein dessertgenerasjon, og me må slutte å snakke over hovudet på folk, seier Steinsland.

Målet slik damene ser det er å få folk til å forstå at alt heng saman, få folk flest til å forstå kvifor bonden får tilskot og kvifor bonden treng tollvernet.

Stikkord denne saka: