Ola Andreas Byrkjedal, leiar i Rogaland Bondelag.

Ole Andreas Byrkjedal (Illustrasjonsfoto)

 

I talen til årsmøtet i Haugesund uttalte leiar i Rogaland Bondelag, Ole Andreas Byrkjedal, at me må ta det beste frå dagens landbrukspolitikk og vidareutvikla den.

 Eirik Stople, Bondevennen

– Rogaland Bondelag meiner det er viktig å slå ring om den norske landbruksmodellen der stabiltet og forutsigbarhet til marknad og inntekt er viktig, sa Byrkjedal.

Han sette eit særleg fokus på norsk sjølvforsyning og peika på at noko av løysinga ligg i ein meir målretta kornproduksjon og å styrka kvaliteten i grovfôrproduksjonen. Bondelagsleiaren var opptatt av å balansere økonomien mellom kornproduksjonen og husdyrproduksjonane.

Lausdriftskravet frå 2024

– Det er ulikt syn på saka. Rogaland Bondelag har vore tydelege på at datofesta overgang til lausdrift må opphevast, men sjølvsagt skal alle nye fjøs byggast for lausdrift, sa Byrkjedal.

Samtidig refererte Byrkjedal til Norges Bondelag sitt vedtak, før nyttår, der dei går for å halda fast på lausdriftskravet innan 2024. Føresetnaden er at Stortinget løyver ein betydeleg investeringspakke som gjer det muleg å investere i nybygg også på mindre og mellomstore bruk.

Byrkjedal viste til tal frå AgriAnalyse som syner eit samla investeringsbehov på rundt 13 mrd. kroner i mjølkesektoren dei neste åtte åra.

Byrkjedal refererte til ein nyleg uttale frå landbruksminister Jon Georg Dale om ei avklaring av lausdriftskravet i samband med den nye landbruksmeldinga til hausten.

Kuttar i fraktstøtte

– Landbruksdepartementet sitt utspel i sist veke om å kutte i tilskottet til frakt mellom mjølkebonde og meieri er eit direkte angrep på ei ordning som er viktig for å halde oppe landbruket i distrikta. Det er også eit angrep på stortingsfleirtalet sitt ønskje om eit landbruk i heile landet, meinte Ole Andreas Byrkjedal og held fram; frakttilskott er eit av dei viktigaste vilkåra for matproduksjon i heile landet.

Jordvern

Byrkjedal viste til brev frå landbruksministeren av 8. mars i år om nasjonal jordvernstrategi. Her uttrykker ministeren at han har tillit til at Stortinget sitt skjerpa jordvernmål vert følgd opp og at kommunane og fylkeskommunane har eit stort ansvar.

– Difor er det viktig at lokallaga arbeidar tett opp mot kommunane og fylkeskommunen, sa bondelagsleiaren.

Pelsdyr

– Norsk pelsdyrnæring er ei godt etablert husdyrnæring med internasjonal suksess. Oppdrettarane har for tida stort press mot seg. Avvikling av pelsdyrnæringa står høgt på agendaen hjå enkelte dyrevernorganisasjonar. Fleire av dei er imot alt hald av produksjonsdyr. Difor fører nå pelsdyrnæringa ein kamp for oss alle. Til hausten skal truleg pelsdyrmeldinga behandlast i Stortinget. Pelsdyrnæringa treng ein klapp på skuldra i ei tøff tid, sa Byrkjedal.

Les meir frå fylkesårsmøtet i Rogaland i komande Bondevenn.

Stikkord denne saka: