Uroa for matjorda: Rogaland Bondelag er uroa for det store utbyggingspresset mot matjorda på Jæren. I sitt høyringssvar til Bane Nor fremmar dei «Alternativ 0» i debatten; ikkje noko dobbeltspor i det heile. Bilete er tatt midt mellom Bryne og Nærbø, nettopp der dei no planlegg dobbeltspor. Foto: Bothild Å. Nordsletten

Rogaland Bondelag lanserer eige alternativ til dobbeltspor over matjord på Jæren: Ikkje noko dobbeltspor i det heile.

Jane Brit Sande

– Bane Nor skuldar grunneigarane ei utgreiing av dette alternativet, seier Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag.

Fylkesstyret vedtok i førre veke standpunkt i saka om dobbeltspor, og har sendt inn eit høyringssvar til Bane Nor. Høyringssvaret har mange fellestrekk med svaret til grunneigarane på strekket mellom Bryne og Nærbø, som Bondevennen skreiv om i førre nummer. Bondelaget har i tillegg gått inn for eit eige alternativ, «Alternativ 0». Der tar dei til orde for ein meir effektiv persontransport utan behov for dobbeltspor, men med forlenging av perrongane, fleire vognsett, og utbygging av kryssingsspor. Fylkeslaget oppfattar det store behovet for kapasitet til å vere i rush-tida. Bondelaget er uroa for det store utbyggingspresset mot matjorda på Jæren.

– Veksten stagnerer

Rogaland Bondelag viser til at det i utkastet til planprogram blir lagt vekt på vekst i talet på innbyggarar og kollektivreisande. Dei meiner at dette er basert på utviklinga i tidlegare år, og at olja som motoren i økonomien i regionen gradvis vert fasa ut. Ergo er det ikkje sikkert behovet for dobbeltspor er så stort som ein tidlegare har trudd.

– Alt tyder på at veksten i regionen stagnerer. Me får ingen ny «oljeboom», seier Epletveit.

Marit Epletveit

Dessutan er kanskje måten me arbeider på i ferd med å endra seg. Med korona- pandemien har rutinane blitt endra for mange – både på arbeidsplassen og i kvardagslivet, med meir heimekontor og digitale møte.

– Me veit ikkje om folk framover vil ha det same behovet for å pendle mellom heimen og arbeidsstaden kvar dag, seier bondelagsleiaren.

– Næringslivet i regionen er oppteken av tilrettelegging for vekst for å skapa fleire arbeidsplassar. Du fryktar ikkje at landbruket vil bli oppfatta som bakstreversk?

– Våre produksjonsområde er truga av vekst. For bøndene er dette veldig krevjande. Vekst betyr fleire bustadar og arbeidsplassar, og dermed meir infrastruktur. Me treng at dette blir bygd på fjellgrunn, og ikkje på viktige beite og den dyrkbare jorda vår, seier Epletveit.

Ber om ei rask avklaring

Bondelaget førebur seg på ein lang prosess før dobbeltsporet eventuelt blir ein realitet. Dei understrekar at det er naudsynt med ei rask avklaring om den endelege traseen.

– Å vente på dette er som å ha ei klam hand på seg, seier Epletveit.

– Bønder blir sett på vent, og lurer på om og når dei kan gå i gang med utvikling og investering på garden sin, seier ho.

Jordvern og jordflytting

I høyringssvaret viser Bondelaget til fylket sin jordvernstrategi, som legg opp til ein reduksjon av omdisponering av nedbygging av dyrkbar og dyrka mark. Rogaland er eit viktig matfylke, og klimaendringane skapar ei usikker framtid for matproduksjonen. Bondelaget seier at det er kritisk å ta vare på mest mogleg av matjorda for å sikra mat til folk i framtida.

– Det er ikkje mykje restareal i Rogaland, og særleg ikkje på Jæren, seier Epletveit.

Arbeidet med dobbeltsporet vil råka matjord, same kva traséalternativ som blir aktuelt. Rogaland Bondelag vil at matjord blir flytta, slik at den kan nyttast til nydyrking eller jordforbetring, og vil at det skal vera eit mål om 100 prosent gjenbruk av jord.

– Frekvens eit viktig nøkkelord

Næringsforeningen i Stavanger-regionen tar tydeleg til orde for bygginga av dobbeltsporet på Jæren.

Harald Minge, administrerande direktør i Næringsforeningen i Stavanger-regionen, viser til at arbeidet alt har kome eit stykke på veg, då dobbeltsporet mellom Stavanger og Sandnes vart ferdigstilt for fleire år sidan.

– Dette har vore ein viktig struktur, og no ønsker me å bygga saman heile regionen, seier han.

Minge er misnøgd med utviklinga av kollektivtransporten i regionen dei siste åra.

– Det har vore ein del rot, med bybane og busstrasé, til dømes. Andre byar har dratt forbi oss i forbetringa av infrastruktur. Det må me betala for no, med full gass på utbygging av veg og kollektivtransport, seier han.

– Kan det vere aktuelt med ein annan, billegare og mindre omfattande måte å utbetra kollektivtrafikken?

– Me meiner nei. Kollektivtransporten skal forsyne store arbeidsplassar med folk, som nyttar dobbeltsporet som base. Frekvens er eit viktig nøkkelord her. Dobbeltsporet vil gi det tilbodet folk krev. Sjå berre på auken i reisande mellom Stavanger og Sandnes, seier Minge.

– Utbygginga av dobbeltsporet kan koma i konflikt med landbruket i regionen. Korleis stiller Næringsforeningen seg til dette?

Harald Minge
Foto: Næringsforeningen

– Konflikten er der. Det ser me også på andre prosjekt i regionen, slik som datasenteret på Kalberg i Time og utbygginga av E39. Me får ei polarisering mellom to veldig viktige næringar; matjord og transport. Men me må ha utvikling, og me må finne løysingar som tar hand om begge interesser, seier Minge.

Næringsforeningen har ikkje tatt stilling til kva trasé dei meiner er å føretrekke. Minge seier at konflikten er problematisk.

– Å tru at dette er enkelt, er heilt feil. Me må bevara matjorda, men samstundes må me også koma i gang med planlegginga, seier Minge.

Ifølgje næringslivsmannen ventar mange verksemder på avklaring av traséval, slik at dei kan vurdere om og kor dei skal satse i framtida.

– Det er vanskelege vurderingar, matjord mot industri og infrastruktur. Det er derfor gode løysingar er så viktig, slik at me kan utvikle regionen for å skapa fleire arbeidsplassar, seier Minge.

Stikkord denne saka: