bv10_aktuelt3a

Saksa har ført han til Sør-Afrika, Romania, utalege gardar og fantastiske bønder. Likevel set saueklipparen strek no. Det er på tide å finne på noko nytt.

 

Jofrid Åsland

 

Den jamne duren frå klyppemaskinen blandar seg med trippande saueklauver og breking. Ein 50 år gammal muskelbunt sprett rundt med den eine sauen etter den andre mellom føtene. Rolf Gravdal skildrar saueklipping som ein dans. No har han dansa i 33 år, og kan trinna godt.

– Kva, skal du gå over til å klippe på hobbybasis no?

Det er Håvard Håland som spør. Bonden frå Figgjo lurer på kven han skal få til å klippe sauene neste år.

– Eg seier nok ikkje nei om nokon spør meg om å halde ein demonstrasjon, men det vert aldri meir ein full arbeidsdag, svarar Gravdal.

Saueklipparen, frå Bjerkreim, plar seie at det er mykje musklar og lite vett som skal til for å leve av klippemaskinen.

 

Nortura i Egersund 1980: – Vil du jobbe som saueklippar på slakteriet? spurde ein kjenning.

Slik har det seg at 15 år gamle Gravdal har sin første dag som saueklippar. I handa får han klippemaskin, saks, kammar og knivar, men lite med instruksjon.

Han klipper 52 sauer. Den unge kroppen er så sliten som han aldri før har vore, og aldri igjen skal verte. Når kvelden kjem klarer han ikkje ligge på ryggen, og det er nesten umogleg å gå i trappa.

Han får høyre om ein kippar frå Bjerkreim som måtte gi opp livet med klippemaskinen. Det motiverer til å halde fram trass i verkande musklar.

Etter to månader klarer Gravdal å klippe like raskt som dei gamle norske klipparane, og etter to år klarer han å klippe like fort som dei dårlegaste utanlandske klipparane.

Ungdomen kjenner at han får eit kikk av å sjå at det går fortare. 100, 200 og 300 sauer til dagen. Etter to år veit ungguten at det er saueklipping han vil drive med. Det som starta som ei tilfeldigheit vart levebrød og livsstil.

 

Rolf Gravdal klipper av og til med saks for moro. Han har delteke i verdsmeisterskap i saueklipping med saks, og kapra 9. plassen.

Rolf Gravdal klipper av og til med saks for moro. Han har delteke i verdsmeisterskap i saueklipping med saks, og kapra 9. plassen.

Sør-Afrika 2000: Gravdal kjem til å hugse det som den mest spesielle garden han har vore på. På garden til ein gammal offiser i Sør-Afrika er det 10.000 sauer. 700 sauer vert slakta i veka.

Det er forholda til arbeidarane som gjer størst inntrykk. Saueklipparen frå Noreg får med seg at dei med dårlegast løn får 200 kroner månaden. Kosten består i sjølvdaude dyr. Skilnaden i løn mellom mørkhuda og kvite er stor.

 

Romania 2008: Det er klippekurs i Romania, og Gravdal er instruktør.

Han ser seg ut den beste av dei rumenske klipparane som deltek på kurset, og spør om han vil komme til Noreg å jobbe. Etterkvart skal Mihai Sinpetrean lære seg å klippe nesten like fort som sin læremeister, og arbeide fast som saueklippar i Noreg nokre månader i året.

Forholda i Romania gjer inntrykk. Gravdal ser lutfattige gjetarar som får betalt 10 kroner i månaden i tillegg til sprit og røyk.

Les og: Journalisten som skulle klippe sauer.

 

Figgjo 2014: Det er pause i klippinga i den okergule løa på Figgjo. Journalisten har nett prøvd seg som saueklippar, men talentet er ikkje så stort at det vert snakk om å gå i Gravdals fotspor. Det er nok best at klipparen frå Romania, Mihai Sinpetrean, gjer det. Klipparen frå Bjerkreim som er fleire gonger noregsmeister og har vore med i verdsmeisterskapet i saueklipping 10 gonger er ikkje til å rikke. Han vil gi seg på topp.

– Eg ser ikkje føre meg å drive med dette til eg vert pensjonist. Eg har vore med på å profesjonalisere saueklipping i Noreg, no vil eg vere med på å profesjonalisere gjerding, seier 50-åringen.

Han skal vere dagleg leiar i eit firma som skal sette opp gjerder for bøndene. Snakketøyet får fart på seg no. Gravdal skildrar gjerder han har sett i andre land som Skottland og England.

– Kjem du ikkje til å sakne klippinga?

– Eg kjem til å sakne kameratskapet med klipprane, og det sosiale med bøndene. Eg har lært utruleg mykje av bøndene, svarar Gravdal.

Han vender seg mot klippemaskinen igjen, og ein ny sau skal friserast. Siste jobb som proff er ikkje gjort før ut i mars ein gong.

 

Her er ei liste over Gravdals meritter:

  1. Byrja å klippe sauer (1980).
  2. Bjerkreimsmeister i saueklipping (1987).
  3. Noresmeister i saueklipping (1989).
  4. Har seks 2. plassar og to 1. plassar frå NM i saueklipping.
  5. Siste 1. plass frå NM i saueklipping var i 2012.
  6. Har delteke i VM i saueklipping 10 gonger. Beste plassering med maskin er 13. plass, og med saks er det 9. plass.

 

 

Stikkord denne saka: