Bjerkreimsbøndene Nils Helland, Tor Sverre Fuglestad, Geir Ove Tysland og Svein Roald Tengesdal stiller spørsmål ved om utviklinga i norsk landbruk er berekraftig.

Bjerkreimsbøndene Nils Helland, Tor Sverre Fuglestad, Geir Ove Tysland og Svein Roald Tengesdal stiller spørsmål ved om utviklinga i norsk landbruk er berekraftig.

– Bondelaget er så ansvarleg at det er på grensa til uansvarleg, hevdar bonde Svein Roald Tengesdal i Bjerkreim kommune.

 

Eirik Stople

 

Fire røynde bønder i Bjerkreim i Rogaland har invitert Bondevennen til ei landbrukspolitisk drøfting over ein kopp kaffi. Nils Helland, Svein Roald Tengesdal, Tor Sverre Fuglestad og Geir Ove Tysland har alle lang fartstid som bønder og tillitsvalde i faglag og organisasjonar. Dei har alle opplevd auka effektiviteskrav på kroppen og vore tett på den landbrukspolitiske utviklinga frå 1970 talet og fram til i dag.

Dobling av produksjonen kvart 16. år

Nils Helland har ei matematisk tilnærming til effektivitetskravet, som han meiner er noko av hovudtfordringa for den norske bonden.
– Med eit effektivitetskrav på 4 prosent i året må vi doble produksjonen kvart 16 år for halde oppe same inntekta. Over tid er dette kravet ikkje mogeleg, i alle fall ikkje om vi skal bygge på garden sitt ressursgrunnlag, understrekar Helland, og meiner at effektiviseringskravet er sterkt medverkande til nedgangen i tal bruk. I 1970 var det omlag 150.000 aktive gardsbruk i Norge. Ved tusenårsskiftet var talet redusert til om lag 80.000 og i dag har vi i omlag 40.000 gardsbruk i aktiv drift.
– På eit tidspunkt, og truleg er vi der, må det vera eit mål å justere utviklinga. Om ikkje vil vi oppleve at grunnlaget for jordbruk forsvinn i mange bygdesamfunn. Bjerkreim kommune, som etter tidlegare målestokk hadde eit solid driftsgrunnlag med eit robust landbruk, kan bli eitt av områda som ikkje lenger maktar å henge med. Det beinharde effektivitetskravet går ikkje i hop med målet om jordbruk i heile landet. Ei vidareføring av dagens effektivitetskrav vil føre til at jordbruket raknar i distrikta, seier Helland.

Vi har ikkje ei berekraftig utvikling

Om vi med berekraftig utvikling, meiner norsk matproduksjon på norske ressursar, fjernar norsk jordbruk seg stadig meir frå det vi kallar berekraft, påpeikar bjerkreimsbøndene.
– At norsk husdyrproduksjon blir meir og meir basert på importerte kornråvarer, er ein av fleire indikatorar på sviktande berekraft. Norsk sjølvberging står og fell med utviklinga i norsk kornproduksjon. Mangel på berekraftig utvikling i norsk jordbruk er også kjenneteikna ved svak inntektsutvikling, dårleg rekruttering, jord som går ut av produksjon og stagnerande avlingsnivå. Det farlege med ein slik utviklingstrend er at konsekvensane blir meir og meir alvorlege over tid. Vi må tenke konsekvensar fram i tid, når vi analyserar situasjonen i nåtida, reflekterer dei. Bøndene meiner å representere mange yrkeskollegaer når dei uttrykker sorg over å måtta akseptere at livet som bonde går mot ein slutt med dagens utviklingstrend.

Kva tid er vi i industrijordbruket?

I fjor inviterte Bondelaget i Bjerkreim den danske økonomiprofessoren Søren Kjeldsen Kragh, som kunne fortelje at dansk industrilandbruk har manøvrert seg inn i ei blindgate med sviktande økonomi og stor gjeldsbyrde.
– Med vårt naturgrunnlag blir det feil å ha dansk industrilandbruk som mål, slår dei fast. Sjølv i Frankrike reknar dei at familiejordbruk med 30 – 40 kyr er det mest robuste, fortel Tor Sverre Fuglestad. Ei vidareføring av dagens strukturrasjonaliserin vil også føre norsk jordbruk inn i eit industrilandbruk. Dette er eit landbruk for sentrale område, og som ikkje gir noko garanti for lønsemda til dei få som blir igjen i næringa, resonnerer bøndene.

Ei tøffare linje

– Vi vil ikkje vera ein motpol til Bondelaget, men stiller spørsmål ved at Bondelaget forsvarar politikken sjølv om den ikkje er berekraftig. Arbeidsakkorden er ikkje i samsvar med målet om norsk matproduksjon på norske ressursar. Vi har eit lokalt engasjement for ei tøffare line, avsluttar bjerkreimsbøndene med adresse til komande jordbruksforhandlingar.

Stikkord denne saka: