Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, stilte seg undrande til at jordvern ikkje er tema i ny Nasjonal transportplan.

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, stilte seg undrande til at jordvern ikkje er tema i ny Nasjonal transportplan.

 

Fylkesmann i Rogaland, opna Landbrukskonferansen med å uttrykke undring over at jordvern ikkje er nemnd i Regjeringa sitt framlegg til Nasjonal transportplan.

 

Eirik Stople

 

18. desember, 2015 vedtok Stortinget å stramma inn det nasjonale jordvernmålet frå årleg omdisponering av maks 6.000 dekar dyrka jord til ma

ks 4.000 dekar. Det nye målet skal gradvis fasast inn innan år 2020.

I Rogaland er det omdisponert om lag 12.000 dekar dyrka jord dei siste 10 åra, tilsvarande all dyrka jord i Randaberg kommune. Jær-kommunane har stått for 78 prosent av nedbygginga av dyrka jord i fylket i denne perioden.

Ikkje prissett

Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Grethe Vikane, presenterte ei rekke større og mindre vegprosjekt i Rogaland som ligg inne i vegvesenet sine planar. Prosjekt som tar for seg av areala i sensitive jordbruksområde. Vegvesenet har utvikla verktøy for gjennomføring av konsekvensanalysar før utbygging.

– Vi delar konsekvensane inn i prissette og ikkje prissette konsekvensar, sa Grethe Vikane. I gruppa for ikkje prissette konsekvensar kjem tema som landskapsbilete, nærmiljø og friluft og jordbruksareal.

–Vegvesenet skal balansere målkonfliktane. Det gjer vi mellom anna gjennom god samhandling, gode styringsdokument og høg kompetanse, sa Vikane og avslutta med at Vegvesenet tek jordvern på alvor.

Uttalen fekk Anfinn Rosnes, hos Fylkesmannen, til å replisere med fylgjande:

– Gjennom mi erfaring med planarbeid har eg sett at Statens vegvesen ikkje tek jordvern på alvor. Jordvernet taper i samferdselssakene, sa Rosnes.

Les meir om konferansen i BV nr 10

Stikkord denne saka: