Benka seg saman: Jæren Young Cowboys er eit viktig samlingspunkt for ku-interessert ungdom. Førre torsdag var meir enn 60 personar samla i maskinhuset på Salte.

Fjøsbesøk, føredrag og fag har samla unge bønder på Jæren i ei årrekkje. Jæren Young Cowboys har blitt eit viktig samlingspunkt.

Jane Brit Sande

Meir enn 60 unge bønder og bondespirer benka seg saman på sponballane i maskinhuset hjå Arthur og Marit Salte, på Salte, Jæren, torsdag førre veke. På programmet for samlinga stod mellom anna driftsleiing, mjølkemarknaden og prisutjamningsordninga. Jæren Young Cowboys (JYC) vel tema etter førespurnad frå medlemmene. Slikt blir det godt oppmøte og engasjement av.

– Me har mellom fem og seks samlingar i året, og det er stort sett veldig godt oppmøte, seier leiar Arild Salte.

Det er ungdom mellom 15 og 35 år med interesse for ku, som utgjer ungdomsklubben.

– I tillegg til alt som har med ku å gjere, har me tema knytt til driftsleiing, fôring, bondens helse og dyrehelse. Dette er jo interessant for fleire, seier Arild.

Samlar unge bønder: Arild Salte, leiar i Jæren Young Cowboys, seier det stort sett er godt oppmøte på samlingane. Denne kvelden var dei 60 ungdommar i fjøset på Salte.

– Me fekk spørsmål til styret om eit føredrag om prisutjamningsordninga. Det er litt lite snakk om kva det er for noko, derfor er det ikkje så mange som veit kva det betyr, seier han.

Arthur Salte, bonde og tillitsvald i Tine, som held føredraget denne kvelden, stemmer i.

– Det er viktig at ungdommen er merksame på ordningane i mjølkemarknaden, slik at vala dei tek i framtida er basert på kunnskap. Me som er tillitsvalde må bli flinkare til å formidle både kunnskap og medlemsstoff til bøndene, seier han.

Betal i tide

Arthur har to innlegg på programmet. Første del er eit føredrag om driftsleiing på garden. Han deler råd basert på eigne erfaringar, og råd han har fått med seg frå faren.

– Far min sa alltid: Betal rekningane innan forfall. Eg kunne ikkje forstå korleis noko så enkelt kunne vere vanskeleg, men det har vist seg å ikkje vere like lett kvar gong, sa han.

Ungdommane på sponballane lyttar. Arthur illustrerer korleis små forskjellar slår ut på sluttresultatet. Utgangspunktet er eit gardsbruk første år etter bygging. Han viser tre ulike rekneskap; snitt, samt ti prosent dårlegare, og 10 prosent betre.

– Bli flinke til å rekne forteneste per kilo, liter eller dekar, i staden for volum, rår han.

Positiv til konkurranse

Arthurs andre innslag handlar om prisutjamningsordninga (PU). Ordninga skal sikre konkurranse i den norske meierimarknaden, og at produsentane får same grunnpris for mjølka, uansett kor dei bur.

– Me bønder på Jæren er heilt avhengige av distriktslandbruket, seier han.

PU-ordninga blir finansiert gjennom avgifter på til dømes drikkemjølk og kremfløyte. Ordninga utgjer totalt 1,4 mrd. kroner. Ein del av dette går til «konkurranseretta tilskot», som både Q-meieria og Synnøve Finden får sin del av.

– Alle norske aktørar nyt godt av PU-ordninga. Det er positivt og viktig med konkurranse i den norske mjølkemarknaden, slår Arthur fast.

Positvt: Arthur Salte snakker om PU-ordninga i eit av sine to føredrag. – Alle norske aktørar nyt godt av PU-ordninga. Det er positivt og viktig med konkurranse i den norske mjølkemarknaden, slår han fast.

Den viktigaste bodskapen hans, er at alle norske mjølkebønder, same kva meieri dei høyrer til, taper mot utanlandsk import.

– Det er viktig at du reflekterer over vala dine, seier han til dei unge.

– Vel du vekk samvirket, vel du vekk litt av tryggleiken i å vere i den norske marknaden. I samvirket følgjer me produksjonen frå jord til bord. Me har kontroll på heile linja. Styrken er at me står samla, same om ein er liten eller stor produsent.

Nyttig kunnskap

Arnstein Frafjord er bonde på Hommersåk i Sandnes, der han driv med ammeku og sau. Han tar med seg fleire gode råd heim etter denne kvelden

– Det er ikkje berre sparing som gir det beste økonomiske resultatet. Bruk god tid, planlegg, og følg med på været, oppsummerer han.

Klokare heim: Arnstein Frafjord, bonde på Hommersåk i Sandnes, tar med seg fleire gode råd heim etter denne kvelden.

Stikkord denne saka: