Bli med! – Kan du engasjera deg, så hugs at du bidreg til at samvirke fungerer, seier leiar i Norturas sentrale valkomité, Bente Solenes. Foto: Anne Berntsen, No Fence

Klår melding frå leiarane i samvirka sine sentrale valkomitear: Kunne du tenkja deg ein periode som tillitsvald, så gi beskjed no.

Bothild Å. Nordsletten

– Lokale tillitsvalde er dei viktigaste av alle for å få medlemsdemokratiet til å fungera, seier Bente Solenes.

Ho leiar Norturas sentrale valkomité og no, i forkant av vårens årsmøte, er ho på jakt etter folk som vil ta verv. Akkurat i år har pandemien stukke nokre kjeppar i hjula på prosessen, vedgår ho.

– Det er litt spesielt fordi me ikkje er på dei vanlege sosiale arenaene og treffer folk andlet til andlet. Terskelen er kanskje litt høgare for enkelte til å ta kontakt med oss på eiga hand. Me må vera ennå meir aktive for å nå ut, seier Solenes, og kjem med ei oppmoding.

– Blir du kontakta av regional, sentral eller lokal valnemnd – hugs at eit verv gjer deg høve til å tydeleggjera eigarskapen din. Kan du engasjera deg, så hugs at du bidreg til at samvirke fungerer.

– Kva kvalitetar er de på leit etter hjå ein tillitsvald?

– Me treng folk som forstår samvirke og korleis det skil seg frå andre forretningsmodellar. Og så er det viktig å vera samarbeids- og endringsvillig.

Avhengige av tips

Også Tine er på leit etter nye folk. Meierisamvirke erfarer at det ikkje alltid er så lett.

– Generelt er det vanskeleg å få yngre bønder med, fordi dei gjerne står i småbarnsfasen. Kvinner er det òg ei utfordring å få med, fordi det er færre av dei i næringa, seier Nils Neteland, leiar i sentralvalskomiteen.

Han ber folk om å melda seg.

– Me er veldig avhengige av å få tips frå medlemmane våre. Eg vil sterkt oppmoda dei om å spela inn namn til produsentlagsleiarane sine, direkte til oss eller via heimesida vår. Me treng folk med ulike erfaringar for å setja saman eit sterkt styre. Både kone og mann på garden er valbare, så lenge båe er registrert som medlem på bruket.

Kva får du att for å ta eit verv?

– Læring for livet. Utfordringar. Godt miljø. Og du får vera tett på i ein framoverlent organisasjon, seier Neteland.

Gir prestisje

FKRA held årsmøte i mars. Leiar i sentralvalskomiteen der i garden, Trond Steinar Løvdal, seier han ikkje har nokon problem med å finne folk.

– Me er utruleg heldige og har mange namn på lista. Dei tek gjerne kontakt sjølv.

Kvifor går denne prosessen så lett for dykk?

– Det er kanskje meir prestisje å sitja i styret i FKRA, svarar Løvdal.

– Folk er ambisiøse, dei ønskjer å vera med å forma bedrifta.

Løvdal vedgår at det likevel er ei utfordring å få med kvinner.

– Dei få som er med, er veldig aktive, men dei blir gjerne litt «oppbrukt». Det er bra med kjønskvotering, sjølv om det er mange gode folk me ikkje får brukt. Eg oppmodar kvinner til å koma på banen og melda seg til valkomiteen.

Stikkord denne saka: