Farleg frontreiskap: Både bilistar, fotgjengarar og syklistar har blitt køyrt på av traktor, der traktoren har frontreiskap. I to tilfelle har personbil kollidert med frontreiskapen på traktor, og det er grunn til å tru at posisjonen på frontreiskapen kan ha forverra utfallet av ulukka. Jogeir Agjeld meiner det beste rådet er å køyre med eventuell frontreiskap så nært vegbana som råd. Illustrasjonsfoto.

Dei siste ti åra har 63 menneske mista livet i ulukker der traktor har vore involvert. 22 dødsulukker er knytt til traktorkøyring langs veg. I halvparten av desse ulukkene kunne bruk av setebelte berga liv.

Jane Brit Sande

Jogeir M. Agjeld, prosjektleiar for maskinteknikk i Norsk Landbruksrådgiving, har ført statistikk over alle dødsulukker der traktor har vore involvert, sidan 2008. Statistikken hans er heilt unik. Agjeld lister opp traktorulukker av alle slag: Trafikkulukker, arbeidsulukker, og andre ikkje kategoriserte ulukker.

– Så langt det har lete seg gjere, har eg nytta førstehandsinformasjon frå politi som har etterforska ulukka, seier Agjeld til Bondevennen.

I tillegg er det også nytta ulukkesrapportar frå politi, vegvesen, og/eller arbeidstilsyn, medieoppslag og bilete frå ulukkene, informasjon frå politiets operasjonssentral, og i enkelte høve har han også prata med personar frå omgangskrinsen til involverte aktørar. Agjeld starta med dette arbeidet mens han arbeidde i Bedre Gardsdrift, og han har halde fram etter at han bytte jobb til Norsk Landbruksrådgiving i fjor.

– Ingen av ulukkene langs veg har skjedd fordi traktoren er bygd for å køyre over 40 km/t. Det er heller ingen ulukker som skuldast brei reiskap. Dei aller fleste som døyr i traktorulukker er traktorføraren sjølv, konkluderer han.

Jogeir M. Agjeld
Arkivfoto

Langs veg er derimot halvparten av dei omkomne i traktorulukkene andre trafikantar. Statistikken er urovekkande lesnad.

– Sidan 2008 har det vore 22 dødsulukker knytt til vegkøyring med traktor. 11 av dei er såkalla åleineulukker, der ingen andre trafikantar enn traktoren er involvert. Det er oppsiktsvekkande at kvar og ein av desse 11 mest truleg ville vore berga om dei hadde brukt belte, seier Agjeld.

Det er ikkje i alle tilfelle det er påbod om å nytte setebelte i traktor. Det er berre krav om fastspenning dersom det er reell fare for velt. Men Agjeld har klare meiningar om korleis ein skal halde seg til lovverket når det gjeld bruk av belte i traktor.

– Lovverket er heilt uinteressant. Setebeltet er skilnaden på liv og død i desse ulukkene, og det er grunn god nok til å spenne seg fast, meiner han.

Frå 2008 og fram til i dag har det også skjedd fem dødsulukker langs skogsveg og anleggsveg. Alle desse var åleineulukker, alle var utforkøyringsulukker, og ingen brukte belte. I tillegg har det i same periode skjedd 36 andre dødsulukker der traktor har vore involvert, utanfor veg.

– Altså er det nær dobbelt så mange ulukker med traktor utanfor veg som langs veg, seier Agjeld.

Låg fart

Dei fleste tilfelle av åleineulukker skjer ved at traktoren veltar langs vegen. Det er ofte snakk om flat og rett veg i relativt flatt terreng. I fleire tilfelle er farten låg, heilt ned til under gangfart. Personar som har vore involverte i ulukker som har ført til store materielle skader, er normalt uskadde eller moderat skadde om dei brukar belte. Det er sjeldan utfallet om involverte personar ikkje har nytta belte.

– Det er stor grunn til å tru at om alle som fører eller sit på med traktor langs veg brukar belte, vil minst eitt liv bli berga per år, seier Agjeld.

Ungdomsulukker i juli

Av dei elleve åleineulukkene, er personar under 18 år involvert i fire. I den eine ulukka kolliderte traktoren med ein stolpe langs vegen og føraren vart kasta ut.

– Tre av ulukkene er nærast identiske: Dei har skjedd i juli månad, dei er tre personar i traktorhytta, alle mellom 15 og 18 år, traktoren er utan reiskap, og ein av dei tre personane i traktoren, blir kasta ut og overkøyrt av traktoren, seier Agjeld.

To ulukker skjer ved at traktoren køyrer opp på ein fortauskant og med det gjer eit lite byks, og i den tredje ulukka kom traktoren ut i vegskråninga, men velta ikkje.

– Eg held fortsatt fast ved at det er positivt at ungdom som har fått traktorsertifikat, er ute og køyrer traktor utan reiskap, såkalla fritidskøyring. Mengdetrening er viktig for å bli ein god sjåfør. Men både sjåfør og eventuell passasjer må sitte fastspent, elles kan fatale ting skje, seier Agjeld.

Livreddande detalj: I fleire av ulukkene som har skjedd dei siste ti åra, kunne bruk av setebelte ha berga liv. Illustrasjonsfoto.

Kolliderer med stilleståande traktor

I dei ulukkene langs veg, der traktoren ikkje er åleine, er det alltid den andre parten som døyr. Traktorføraren kjem frå ulukka utan fysisk skade. Fleire av ulukkene har skjedd mens traktoren held låg fart, og i fleire av ulukkene er traktorføraren skuldfri.

– Ein viktig faktor i desse ulukkene er at traktoren ikkje er bygd for å kollidere. Traktor og eventuell reiskap har derfor ingen såkalla deformasjonssoner, men tvert i mot ein konstruksjon som det kan vere ganske brutalt å kollidere med, seier Agjeld.

Fire ulukker har skjedd fordi syklist, motorsyklist eller akande personar kolliderer med traktoren.

– Eg har ikkje detaljerte opplysningar om alle desse ulukkene, men i fleire av tilfella er traktoren stilleståande eller held låg fart, og må såleis reknast som ein passiv part i ulukka, seier Agjeld.

– Det kan stillast spørsmål ved om den andre trafikanten har vore merksam på at der er ein traktor, og reint generelt om folk er merksame på skadepotensialet ved å kome for nær eit slikt køyretøy.

Fatalt med frontreiskap

Agjelds statistikk syner at både bilistar, fotgjengarar og syklistar har blitt køyrt på av traktor, der traktoren har frontreiskap.

– Dette er eit tema som er alt for lite vektlagt ved opplæring og seinare kunnskapsdeling til traktorføraren, seier Agjeld.

I to tilfelle har personbil kollidert med frontreiskapen på traktor.

– I begge tilfella er det grunn til å tru at posisjonen på frontreiskapen kan ha forverra utfallet av ulukka, seier Agjeld.

Han meiner det beste rådet er å køyre med eventuell frontreiskap så nært vegbana som råd.

– På det viset vil ein eventuell samanstøyt med anna køyretøy skje der det møtande køyretøyet har si deformasjonssone. Reiskap som er i for høg posisjon vil treffe personbilar over panserhøgde, der berre frontruta tar av for støyten, forklarar Agjeld.

– Eit anna alternativ er å køyre med lesseapparatet så høgt som mogleg. Eg meiner dette er meir å rekne som ei naudløysing. Køyrer ein slik, reduserast ein type skaderisiko, men det tilfører ein annan. Til dømes ser me ein del ulukker der frontreiskapen kolliderer med undergangar. I tillegg får ein redusert stabilitet på eit køyretøy som allereie er ustabilt.

I tre eller fire tilfelle er fotgjengar eller syklist køyrde på av traktor med frontreiskap.

– Uavhengig om fotgjengar eller syklist er treft av frontreiskapen eller av andre delar av traktoren, er det grunn til å reise spørsmålet om frontreiskapen har vore i slik posisjon at sikten for traktorføraren er blitt unødig hindra. Det å køyre med frontreiskapen for høgt gir unødig store blindsonar, som gir auka ulukkesrisiko, seier Agjeld.

Råd for godt traktorvett

  • Sjåfør og eventuell passasjer skal alltid bruke setebelte.
  • Last skal alltid sikrast. Manglande sikring aukar risikoen for ulukker. Sikringa må vere med stropper, kjetting eller noko slags låsing. Hydrauliske sylindrar er ikkje godkjent sikring (til dømes hydraulisk baklem).
  • Ikkje køyr langs veg med pallegaflar, ballespyd, eller liknande på frontlasteapparatet.
  • Dersom du må køyre med frontmontert utstyr, køyr med reiskapen så nært vegbanen som mogleg. Lesseapparatet i øvste stilling bør vere ei naudløysing.
  • Pass på blindsonane – alltid, og særleg om du køyrer med frontmontert utstyr.
  • Set ned farten dersom du køyrer langs ein skuleveg. Born kan ikkje lese trafikkbiletet, og veit lite om eventuelle farar i trafikken. Mange vaksne manglar også forståing for faren med landbruksmaskinar.
  • Ha respekt for medtrafikantane dine. Bruk spegelen, og køyr inntil ved høve og behov. Unngå situasjonar som fører til at bilistar med lite tolmod gjer farlege forbikøyringar.
  • Dersom du låner vekk traktoren, til dømes til ein ungdom, ha klare forventingar og kriterium for bruk av traktoren. Det kan gjelde tal på passasjer, sikring av last, posisjon for frontmontert tilleggsutstyr, med meir.

Kjelder: Jogeir M. Agjeld, og brosjyren «Vis trafikkvett på traktoren» utarbeidd av Trygg Trafikk og Norges Bondelag med fleire.

Stikkord denne saka: