Livdyrkjøp er risikosport:– Ver spesielt merksam ved kjøp av livdyr, seier prosjektleiar for RingiRog-prosjektet, Siv Meling, til Bondevennen. Spesielt ber ho kjøtfebønder om å vere på vakt, ikkje minst gjeld det for avlsoksen som gjerne går på utlån. – Sjekk små hårlause flekkar når dyra no kjem inn frå beite. Ta kontakt med veterinær eller direkte med Mattilsynet ved mistanke. Heller ein gong for mykje enn ein gong for lite, seier ho. Illustrasjonsfoto.  

Frå 1. oktober er det sett i verk nye retningslinjer i samband med livdyromsetting av storfe i Sør-Rogaland. Målet er å avgrense risiko for ytterlegare oppblomstring av ringorm i regionen.

Liv Kristin Sola

Ringormsituasjonen i Rogaland er langt betre no enn på same tid i fjor. Likevel er situasjonen noko uavklart i sørfylket.
Sjølv om smitte kan overførast mellom utstyr og folk, på fellesbeite og ved felles dyrevogner, er det absolutt størst risiko knytt til omsetting av livdyr. For Klepp og Gjesdal er det uavklart risiko både for mjølk- og kjøtfeproduksjon. For resten av regionen er det kjøtfe som har størst risiko for smitte.
I Klepp og Gjesdal gjeld difor skjerpa retningslinjer for omsetting av alle typar storfe, medan det i resten av sørfylket gjeld for kjøtfe. Målet med skjerpa tiltak er å unngå at sjukdommen spreiar seg ut av risikoområda, samt å hindre smitte innan i risikosonene. Generelle tiltak utover krav som er sett i dyrehelseforskrifta:

  • Kjøp av livdyr frå færrast mogleg leverandørar for å redusere tal på smittekontaktar.
  • Veterinærattest for alle livdyr, gyldig ei veke.
  • Oppdatert dyrehaldsjournal og beiteoversikt slik at smittesporing er mogleg.
  • Utvida karensperiode frå to til åtte veker. Det betyr at ein besetning som har kjøpt inn livdyr ikkje bør selje ut livdyr før åtte veker etter innkjøp av dyr. Tips: Sel først og kjøp etterpå, om det er mogleg.
  • Sjå etter endringar i hud og hårlag minst åtte veker etter siste innkjøp.
  • Sett innkjøpte dyr i karantene/skild frå resten av buskapen, dersom det er mogleg.
  • Varsle Mattilsynet med ein gong du får mistanke om ringorm på dyra.

Ringorm har ein tendens til å blusse opp om hausten og utover vinteren. Det kan ta opp mot åtte veker før symptoma blir synlege etter smitte. Ver ekstra nøye med å sjå etter teikn på ringorm, spesielt om du veit dyra har vore i kontakt med dyr frå andre besetningar.

Risikosoner for spreiing av ringorm i Rogaland: Det vert tilrådd ekstra tiltak i samband med livdyromsetting av kjøtfe i heile Sør-Rogaland. For kommunane Klepp og Gjesdal (mørk farge) gjeld ekstratiltaka også for livdyr til mjølkeproduksjon.

Meldepliktig sjukdom

Ringorm (dermatofytose) er ein smittsam soppinfeksjon i det ytste hudlaget, årsaka av ei soppgruppe kalla dermatofytter. Sjukdommen er ein zoonose og kan smitte mellom dyr og menneske. Ringorm er ein B-sjukdom. Det betyr at funn eller mistanke om sjukdom straks må meldast til Mattilsynet. Utbrot av ringorm fører til bandlegging av buskapen og pålegg om omfattande og kostbare saneringstiltak.
Det er brei semje i næringa for å innføre ekstratiltak denne hausten for å avgrense og redusere risiko for ytterlegare smittespreiing i Rogaland. Skal næringa få kontroll må tal på smittepunkt reduserast og bøndene må sjekke dyra sine for å oppdage sjukdommen på eit tidleg stadium.
Dyr som er symptomfrie, men bærer smitten med seg er ei stor utfordring. I tillegg er det stor variasjon mellom individ i korleis sjukdommen viser seg. Mjølkestorfe utviklar ofte tydelege og typiske symptom, medan kjøtfe kan vise meir atypiske og mindre tydelege teikn.

Kjelde: Nortura/Fatland, Animalia, Mattilsynet, RingiRog-prosjektet, Rogaland Bondelag oktober 2020

Stikkord denne saka: