Pressing: På denne pressa er det montert ei vakuumpumpe som syg ensileringsveske frå tønnene på frontlastaren og fordeler veska til dysene som ligg over pickupen. Arkivfoto: Sjur Håland.

Bruk av ensileringsmiddel er ein vanleg praksis i grovfôrdyrkinga. Men å pumpa gjennom tilrådd væskemengd når maskinane fer som olja lyn over grasstrengen, kan vera krevjande nok.

Sjur Håland

Siloslåtten nærmar seg med stormskritt. På gardane står kanner og fat med ensileringsmiddel klar til å lempast på frontlastarar og stativ. Utviklinga på grasutstyrsfronten har vore svært stor dei siste åra, utan at pumper og dyser til utstyret som skal tilføra ensileringsmiddel nødvendigvis har følgt med utviklinga. For eit par veker sidan skreiv Bondevennen om Hans Aanestad frå Hå som brukar lessevogn. Han anslo behovet for ensileringsmiddel til 85 liter per lass. Pumpa hans hadde ikkje kapasitet til meir enn 30 liter.

Store mengder gras

Sverre Heggset er rådgivar maskinteknikk og grovfôr hjå NLR Landbruk Nordvest. Han stadfestar at det framleis er underdimensjonerte ensileringspumper i drift.

– Særleg krevjande kan det vera å halda tritt med ensileringsutstyret der det blir køyrt med effektivt hausteutstyr på tjukk grasstreng. Då matast store mengder gras under dysene på ensileringspumpene på kort tid. Det er ikkje alle pumpene som er dimensjonert til å dekke behovet som då er til stades, seier han.

Ragnvald Gramstad skriv i ein fagartikkel i dette nummeret av Bondevennen at ein rundballe som oftast veg 750-800 kilo og at ein til dømes treng 2,5 -3 liter Gras-AAT Pluss, eller vel to liter Kofasil LP per rundballe.

300 kilo kubikken

Gramstad held fram at utfordringane med tilstrekkeleg ensileringsmiddel kanskje er størst i samband med finsnitting og store lessevogner. Det er viktig å vita lassvekta. Ein brukande målestokk, i følgje Gramstad, er at snitta gras på 28- 30 prosent tørrstoff har ein eigenvekt på vel 300 kilo per kubikkmeter. Voluminnhald i vogn multiplisert med 300 kilo gir vekta på lasset som det må doserast ensileringsmiddel etter. Heggset seier at rett dosering krev at pumpa har nok kapasitet slik at dysa eller dysene yt tilstrekkeleg mengde når væska blir spreidd over grasstraumen.

– Når du rakar saman fleire strenger med gras som skal gjennom ein pickup, blir det enorme mengder gras som matast inn per minutt.

– Er det i det heile mogleg å dosera tilrådde mengder i slike tilfelle?

– Ja, det er det. Utstyrsleverandørar har gradert opp sine pumper og kan levera utstyr som gir opp til så mykje som 40 liter per minutt.

Tid per lass

For å finna ut kor mykje ensileringsmiddel ein skal bruke, vil det vera greitt å måle kor lang tid det tek å fylla eit lass.

– Då er det kurant å rekne ut kor mange liter per minutt pumpa må yte, seier han.

Dei første pumpene, som var berekna til fôrhaustarar og dei første rundballepressene, hadde ein maks kapasitet på fire til fem liter per minutt.

– Det blir alt for lite med dagens effektive utstyr.

Heggset har rekna at ein med ei rundballepresse i tjukk grasstreng fort vil koma opp i eit behov der dysene må levera sju liter per minutt.

– Ein sjølvgåande snittar eller ei lessevogn vil kunna kjøre like fort, og ha behov for minst like stor pumpekapasitet, seier han.

 

Sverre Heggset

Rune Kvassheim

Nils L. Salte

Betre med litt?

– Bør ein bruke ei pumpe med for liten kapasitet og tenke at det er betre med litt ensileringsmiddel enn ikkje ensileringsmiddel i det heile?

– Her stridast dei lærde. Me rådgivarar har nok ulike meiningar om dette. Min inngang er at den som brukar eit maursyrebasert ensileringsmiddel vil få ein viss effekt av den syra som blir tilført. Halv dose er betre enn ingen dose. Andre meiner at dette er feil og at det ikkje blir god nok effekt utan full dose.

Heggset erfarer at det er breiare semje om at det har liten eller ingen effekt å tilføre mindre Kofasil-middel enn tilrådd dosering.

– Mitt råd er at skal du bruke eit Kofasil- middel, skal du bruke full dose. Elles blir det heile rett og slett bortkasta pengar.

Må fordele væska

Brukar du entreprenør, meiner Heggset det er viktig å ta ein gjennomgang med sjåføren før maskinen køyrer inn på jordet.

– Det gjeld anten du brukar rundballepresse eller sjølvgåande snittar. Kunden bør forventa at entreprenøren kan levera den mengda ensileringsmiddel ein vil ha tilført i graset, seier han.

Rådgivaren understrekar at det ikkje berre er tilrådd mengde som gjeld. Måten ensileringsmiddelet blir tilsett i graset, er viktig.

– Det er ikkje berre å spruta på ti liter i minuttet med ei spyledyse midt i strengen og tenkja at alt er greitt. Du kan gjerne ha fleire dyser og fordela væska utover i grasmassen. Om ein har dyser som sprayar langt framme på pickupen vil avdrift og søl gi vesentleg tap av ensileringsvæske.

Heggset meiner det burde vore fleire dyser eller ein holbom som også påfører ensileringsvæske nedanfrå.

– Særleg gjeld dette i rundballepressa der grasstrengen blir lite elta og blanda, seier han.

Brukar ikkje syre

Nils L. Salte driv maskinstasjon på Orre i Klepp. Med ein John Deere sjølvgåande snittar haustar han gras frå ein streng der graset er samla i opp til 14 meters breidde. Snittaren har integrert tank på 400 liter for ensileringsmiddel. Kundane kan få Kofasil Ultra eller eit mjølkesyrebasert pulver som blir blanda med vatn. Salte bruker ikkje syrebasert ensileringsmiddel på grunn av syreròk og tæring på både eigne og kundane sine maskinar og utstyr. På ein skjerm i førarhytta har han full kontroll på tilført mengde. To dyser sprayer inn i viftehuset medan ei dyse leverer ensileringsmiddel bak i klaffen.

– Eg har ikkje problem med å tilføre dei mengdene kundane vil ha, seier han.

Salte brukar ikkje ensileringsmiddel i det heile når han presser gras hjå kundane.

– Praksisen varierer rundt på Jæren. I min kundekrets er det ingen som etterspør ensileringsmiddel i rundballegraset, medan det er meir vanleg andre plassar, seier han.

Holbom i pressekammeret

Rune Kvassheim er bonde og entreprenør med base på Brusand i Hå. Med mjølkekvote på kring 900.0000 liter haustar han store mengder gras, også til eige bruk. Men sjølv har han, med eit par unnatak som skuldast vêrtilhøva, ikkje brukt ensileringsmiddel på snart 20 år.

– For meg er det viktig å venda i graset ved behov og få det så tørt som råd før snitting eller pressing. Då går det fint å lage godt grovfôr utan tilsetjing av ensileringsmiddel, seier han.

Dei kundane som vil ha ensileringsmiddel får sjølvsagt det, understrekar Kvassheim, sjølv om han ikkje er særleg begeistra for syrebaserte middel. Han meiner pumpeutstyret leverer dei mengdene som skal til for optimal dosering. Også Kvassheim har integrert tank og pumpe for ensileringsmiddel i den sjølvgåande snittaren. Til rundballepressa har han laga ein eigen tank framme på pressa med sjølvsugande pumpe som leverer ensileringsmiddel til ein bom med fleire små hol som fordeler ensileringsmiddel i graset i pressekammeret.

Stikkord denne saka: