Eit nytt Nortura: Til sommaren kjem Nortura med ny konsernstrategi og overordna plan for industristrukturen. Medlemsarbeidet er også under lupa og konsernsjef Anne Marit Panengstuen, skal gjere seg fortent til eigarane sin lojalitet. Foto: Nortura

– Lojalitet er noko vi fortener, ikkje noko vi kan krevje, seier Anne Marit Panengstuen, konsernsjef i Nortura. Ho lovar ny konsernstrategi og betre industristruktur når konsernet snart skal legge fram planen for ny «Nye Nortura».

Liv Kristin Sola

Panengstuen slår fast at Nortura, meir enn nokon gong, er avhengig av at bøndene blir verande i selskapet. Og bøndene er avhengig av eit sterkt samvirke, truleg også meir enn nokon gong.

Ny strategiplan til sommaren

– Eg var budd på ein tøff jobb – det fekk eg. Vi er i gang med tunge og tidkrevjande prosessar og ser fram mot eit nytt moderne Nortura, stadfestar Panengstuen.

Dei ti månadane ingeniøren og bedriftsøkonomen har vore tilsett som konsernsjef, har Nortura vore prega av rasjonalisering. Selskapet har 5000 tilsette og 24 milliardar i omsetning. Etter ein runde med intern omorganisering, har konsernsjefen no full merksemd på industristrukturen. Ein ny konsernstrategi og ein overordna plan for industristrukturen er etter planen ferdig til sommaren. Samtidig kjem det ein strategi for medlemsarbeid og ein plan for korleis Nortura skal knytte eigarane tettare til seg. Om det blir store endringar vil konsernsjefen ikkje røpe, men strategien handlar om vår lojalitet til bonden.

– Det er mitt ansvar å sørge for at Nortura er eit attraktivt egg- og kjøtselskap for bonden, seier konsernsjefen.

Endringar i industristrukturen

– Styreleiar Trine Hasvang Vaag sa i sin årsmøtetale at Nortura ikkje kan nøye seg med å snu steinar, men at store steinar ligg i vegen for selskapet. Desse skal fjernast. Kva betyr det?

– Vi skal bygge eit nytt og lønsamt Nortura som leverer god og sunn norsk mat på alle bord og samtidig betale eigarane våre ein god pris for råvarene. Konkurransen er knallhard. Vi treng ein lønsam industristruktur med høg effektivitet og låge omkostningar. Vi skal vere best i to marknadar; kampen om bonden og kampen om kunden, seier Panengstuen.

Nortura har automatisert og effektivisert industrien og produksjonen samtidig som at forbruket av kjøt har gått ned. Resultatet er at fleire Nortura-anlegg ikkje går for full maskin.

– Vi er ved eit punkt kor vi ikkje kan gjere fleire tiltak utan å sjå på heile industristrukturen, seier Panengstuen.

– Det ryktast at anlegga i Førde og Eigersund er i faresona?

– Det er for tidleg å snakke om enkeltanlegg. Vi ser på totalen, men det stemmer at vi vurderer ei samling på sørvestlandet, stadfestar konsernsjefen.

Målet er ikkje berre å spare pengar, men å skape lønsemd for Nortura og eigarane.

– Med større einingar blir vi meir effektive og konkurransedyktige i industrileddet og samtidig skal vi bli meir attraktive for kundane og auke salet i butikk.

Lærte av Otta

I fjor fekk konsernleiinga marsjordre frå årsmøtet om å vurdere industristrukturen for å skape betre lønsemd for eigarane, noko både konsernleiinga og styret oppfatta som eit tydeleg mandat. Så vart det bråk. Nortura vedtok å legge ned slakteriet på Otta. Eigarane meinte seg overkøyrt og ignorert. Panengstuen legg ikkje skjul på at det vart meir støy enn dei hadde venta.

– Vi oppfatta ei klar forventning frå årsmøtet til å gjere noko med industristrukturen, men prosessen på Otta skapte mykje uro, vedgår ho.

– Er avstanden for stor mellom grasrota og årsmøteutsendingane?

– Vi har over 18.000 eigarar. Å nå ut til alle med eit bodskap er ei utfordring vi må ta på alvor. Vi lærte av Otta. Vi må bli flinkare til å nå forbi fyrstelinja av tillitsvalde. Vi må i mykje større grad involvere eigarane våre. Vi må skape forståing for kvifor vi gjer dei endringane vi gjer og bli tydelegare på kor vi skal. Eigarane må få tillit til at endringane gir resultat i lommeboka, seier Panengstuen.

– Kommunikasjon går begge vegar. Har Nortura ein medlemsstruktur som sikrar kommunikasjon både opp og ned i organisasjonen?

– Kommunikasjonen blir aldri bra nok. Vi får informasjon ut, men eg trur vi kan bli betre til å kome tettare på fleire av eigarane. Dei blir invitert til krinsmøter og regionmøter. Vi prøver å ha opne kanalar, men det er heilt klart enkelte som vil kjenne at dei ikkje blir høyrt.

– Omstilling er krevjande for alle, også rådgivar og sjåfør. Korleis ivareta medlemmane sine interesser gjennom slike endringsprosessar?

– Løysinga er ikkje å slutte å endre, det må vi fortsette med, med full kraft. Men klok av skade så skal vi bli betre på involvering, informasjon og forankring i alt vi gjer, i alle ledd, seier konsernsjefen.

Tynnslitt lojalitet?

Bøndene blir færre, travlare og avstanden mellom dei aukar. Mange saknar eit Nortura som i større grad inviterer til sosiale samlingar og eit aktivt fagmiljø. Dei treng å samlast, bygge nettverk og høyre til eit større fellesskap. Fellesskap bygger lojalitet.

– Om bøndene ikkje lenger kjenner seg verdsett, kor langt kan lojalitetsstrikken strekkast?

– Den nye medlemsstrategien har nettopp dette som eit av fleire tema; korleis skape lojalitet hjå eigarane og motivere fleire til å bli Nortura-eigararar. Lojalitet er ikkje noko vi kan krevje. Lojalitet må vi gjera oss fortent til. Pris er ein ting, men rådgiving og fysiske samlingar er viktig. Digitale arenaer vil også bli eit supplement, seier Panengstuen.

På spørsmål om korleis neste generasjon bønder skal forstå samvirke si rolle og motivarast til å velje Nortura, viser konsernsjefen til rådgivarapparatet som eit viktig verktøy.

– Vi har dyktige rådgivarar, men litt få av dei. Dei rekk ikkje ut i same grad som tidlegare, men ved generasjonsskifte skal dei ta kontakt med dei nye brukarane, seier ho.

Ho oppmodar etablerte bønder til å invitere nye inn i organisasjonsarbeidet og skape gode nettverk for nye eigarar.

Kvifor velje samvirke?

Norske bønder er avhengig marknadsreguleringa og samvirka som marknadsregulator. Nortura er avhengig av høge tilførslar av dyr til slakt, både for å drive lønsamt, men også for å klare jobben som marknadsregulator. Nortura hadde i fjor ein svak nedgang med 65 prosent av dei totale tilførslane av storfe, småfe og gris. Fordelinga mellom husdyrslaga er 71 prosent på storfe, 66 prosent på småfe og 60 prosent på gris.

– Det er heilt avgjerande at bønder slaktar hjå Nortura. Eg kan gjere alle moglege tiltak i industristruktur, interne kostnadskutt og så vidare. Ingenting hjelper dersom bøndene sviktar oss med leveransar, seier Panengstuen.

Enkelte bønder kvir seg for å sende dyra på lang transport til slakteriet og vel vekk Nortura om dei har alternativ nærare. Konsernsjefen forstår problemstillinga, men understrekar at Nortura skal hente dyr til slakt innanfor gjeldande regelverk og tidsramme, uansett kor i landet du etablerer deg.

– Det er samfunnsoppdraget vårt.

Panengstuen minner om at Nortura er garantien for pris, husdyrproduksjon og etablering over heile landet. Samvirka har i tillegg eit grunnleggjande prinsipp om tilnærma like vilkår same kor bonden driv. Eit svekka Nortura vil ikkje klare å oppretthalde eit prisnivå på råvarene til bonden. Konsernsjefen åtvarar om at det vil råke alle kjøtprodusentar, uavhengig av slakteritilknyting.

– Kva skjer om Nortura vert så svekka at dei ikkje klarer å oppretthalde mottaksplikta i heile landet?

– Så pessimistisk vil eg ikkje vere. Nettopp denne trusselen er årsaka til at vi no legg ein ny konsernstrategi, ny industriplan og ein ny plan for tilførslar. Me skal byggja eit sterkt, moderne og offensivt nytt Nortura, svarar Panengstuen.

– Kva moglegheiter ser du for Nortura framover?

– Vi har merkevarer som er på alle bord fleire gonger om dagen. Vi er ein stor aktør som er til stades lokalt over heile landet. Det trur eg forbrukaren vil verdsette meir i framtida. Vi har eit samfunnsoppdrag som kjem til syne no i koronatider; sikkerheit for matforsyning.

Konsernsjefen talfestar verdiskapinga til ti milliardar kroner utbetalt til bønder over heile landet. Nortura kjøper varer og tenester frå andre næringar for 3,4 milliardar, og skattar og avgifter frå bønder, tilsette og andre leverandørar er på 4,8 milliardar.

– Kva råd har du til unge bønder som undrast på om dei skal tørre å investere tid og pengar i landbruket?

– Eg er nok ikkje den rette til å meine så mykje om det. Men vi vil alltid trenge mat og vi treng dyktige bønder. Kven som kan og bør satse trur eg henger meir saman med interesse og engasjement, enn den økonomiske situasjonen vi er i akkurat no. Landbruket er meir enn noko anna eit langsiktig yrkesval, seier Panengstuen.

 

Stikkord denne saka: