Det gode bondeliv: Trivsel i kvardagen er viktig i landbruket, og levelege vilkår, slik at me får betalt for jobben me gjer, seier Grethe Monica Haug, leiar i Voss bondelag.

– Mitt inntrykk er at den meinige mann heiar på bonden, seier Grethe Monica Haug. Som nyvald leiar i Voss Bondelag er ho oppteken av levelege vilkår både for små og store bruk.

Anne Rivenes, frilansjournalist

I snart ti år har Grethe Monica Haug hatt Inn på Tunet-tilbod på garden ho driv saman med mannen, Steffen Haug. Gjernestunet ligg sentralt på Voss, og hit kjem både skuleungdom, personar med utfordringar innan rus- og psykiatri og eldre med demenssjukdom.

– Eg brenn for å opne garden for andre, for menneske som treng ein god dag, seier Grethe Monica Haug.

Liv på tunet

Ho er utdanna førskulelærar, og fann ut at garden godt kunne bli hennar arbeidsplass også. I tillegg til 20 ammekyr av rasen Limousine og nokre Vestlandsk fjordfe, har dei 45 vinterfôra sauer, to alpakkaer, to gjetarhundar, katt og høner.

– På garden er det variasjon i årsrytme, og me fylgjer naturen. Dyra sine behov styrer dagen, og ein veit aldri korleis arbeidsdagen blir. Det gjer bondelivet kjekt og spennande, også for dei som er med Inn på Tunet. Det er hjartebarnet mitt å vise kva verdiar me står for, seier Grethe Monica Haug.

Verdfullt arbeid

– Tidlegare dreiv landbruket med sitt, utan særleg interesse utanfrå, men det har vel endra seg?

– Ja, landbruket har alle sine augo på seg, både med tanke på dyrevelferd og klima. Det er lett å kjenna seg uglesett, men eg trur det er media som styrer det. Dei som kritiserer, er flinke til å rope høgt. Men mitt inntrykk er at den meinige mann heiar på bonden. Særleg under koronaen er det slik at alle oppegåande ser verdien av det me driv med, at landbruket er viktig for sjølvforsyning, mattryggleik og arbeidsplassar. Den norske bonden leverer gode produkt. Det er det me jobbar for, og difor må me tole innsyn i det me driv med, seier Grethe Monica Haug.

Bruk for alle

– At fleire legg ned gardsdrifta, tykkjer eg er trist. Me må jobbe for å klare å stoppe den utviklinga. Då må ein leggja til rette for aktivitet i alle krikar og krokar, for at jorda skal bli halden i hevd. Me treng mat, det blir berre meir og meir tydeleg, og då treng me både dei små og dei store gardsbruka. Det må vera levelege vilkår økonomisk også for dei mindre gardane. Skal me ha landbruk i heile landet, må me nytta arealet til det det er best eigna til. Å dyrke korn i kornområde og gras i grasområde, seier Haug.

På Voss er det mest grasbasert produksjon, med kyr og sau, kjøt og mjølk. Voss bondelag har 280 medlemer, og plass til fleire, ifølgje den nyvalde leiaren.

Ho er nokså fersk i bondelaget, og glad for å ha eit erfarent styre med seg.

– Voss har spennande prosjekt på gang, både med biogass og med karbonfangst. Eg synst bønder er flinke til å tenkje klima. Og så må me hjelpe kvarandre og heie på kvarandre, seier Grethe Monica Haug.

Stikkord denne saka: