Skogeigarar i Vindafjord og Karmøy får nå tilbod om skogbruksplan.

Skogeigarar i Vindafjord og Karmøy får nå tilbod om skogbruksplan.

Skogbruksplan med miljøregistreringar er nødvendig for å stetta sertifiseringsordningane ved hogst og sal av tømmer. Dessutan er skogbruksplanen både ei fin vareoppteljing og ein plan for vidare drift. Takseringa føregår kommunevis og det offentlege dekker ca. 70 prosent av kostnadene.
Fylkesskogmeister Stein Bomo
Fylkesmannen i Rogaland

Etter fleire års arbeid med skogbruksplanarbeid i Dalane-kommunane, står nå kommunane Vindafjord og Karmøy for tur. Aktuelle grunneigarar i desse kommunane må bestille plan innan 15. mai i år.

Kvifor treng du skogbruksplan?

  • Du får ei oppdatert oversikt over areal- og skogressursane.
  • Skogbruksplanen er eit godt verktøy for planlegging av planting, rydding, tynning, vegar og hogst. Planen gir prioritert oversikt over aktuelle skjøtsel- og hogsttiltak på eigedomen.
  • Skogbruksplanen fyller kravet om miljøregistreringar.
  • Lokal tilpassing og involvering av innhaldet i skogbruksplanen (eksempel registrering av beiteskader av hjort)
  • Grunnlag for grunneigarsamarbeid som vegar og anna.
  • Totaloversikt over skogressursane i eigen kommune som rettleiingsgrunnlag for kommunen, skogbruksleiarar og andre.

Grunneigarinteresse og finansiering

For at staten skal gå inn med finansiering av takseringsprosjektet er det nødvendig å ha planbestilling på minst 50 prosent av det produktive skogarealet i kommunen. Den enkelte grunneigar kan sjølvsagt bestilla plan også seinare, men då til heilt andre og høgare kostnader. Totalkostnaden ligg på omlag 20 kr/dekar. For ein eigedom på 500 dekar vil totalkostnaden vere på om lag 10 000 kroner. Med eit statstilskot på 70 prosent blir eigendelen 3000 kroner. Eigendelen på 3000 kroner kan finansierast med skogfond med 85 prosent skattefordel. Dette er med andre ord eit svært godt tilbod til alle skogeigarar og ei gåvepakke til skogbruket i dei prioriterte kommunane.

Framdriftsplan

Bestillingsfrist er sett til 15. mai 2014. Dersom vi når målet om planbestilling for tilsvarande 50 prosent av det produktive skogsarealet i kommunane, vil arbeidet gå vidare med utarbeiding og innhenting av pristilbod. Ferdige skogbruksplanar vil då kunne sendast ut på slutten av 2015 og første halvår 2016. For planbestilling, ta kontakt med skogbrukssjef Gitte Halvorsen i Vindafjord kommune eller skogbrukssjef Anders Lindahl Eie Karmøy kommune

Stikkord denne saka: