Krev kos: Frode Ovedal har bygd opp eiga besetning av Skotsk Høylandsfe. Til våren har han 51 kviger og kyr som skal kalva. Den hardføre rasen er veleigna i Sirdal. Dyra krev dagleg tilsyn og helst masse kos. Denne ungoksen skal inn i avlen med tid og stunder.

 

Dyra til Frode Ovedal er usedvanleg dyktige beitepussarar og produserer feittmarmorert kjøt med masse smak.

Sjur Håland

Dessutan greier Skotsk Høylandsfe seg fint utan kraftfôr.
– Dei set til livs det Vårherre lagar. Du får ikkje betre kjøt, seier Frode Ovedal, og held fram at det er potensiale for fleire Skotsk Høylandsfe hjå bønder på Vestlandet som ønskjer å utnytta beitepotensiala utan å investera all verda i bygningar og maskinar.

Særmerkt rase

På garden Oftedal i Sirdal har det truleg budd folk og fe i 1500 år. Høylandsfeet er av nyare dato, men dei særmerkte, langragga beitedyra med røter frå Skottland, byrjar å bli eit vant innslag i kulturlandskapet. Frode Ovedal har blitt husdyrentusiast på sine vaksne dagar. I 2003 tok han over garden etter mora sin onkel. I dag driv familien to av dei gamle hovudbruka på Oftedal, kring 15 kilometer frå kommunesenteret Tonstad.
– Planen var å leggja til rette for jakt og fiske i området, mesteparten av garden låg brakk, fortel Frode, som då hadde status som tidlegare oljearbeidar med jobb i Sirdal kommune.

Tallefjøs: Fjøset frå 2013 er romsleg med god takhøgd og fôrsentral i eine enden. Dyra går ut og inn som dei vil gjennom opningar med plastgardin midt på begge langsidene. Ute er det tre fôrhekkar med tak over. Skotsk Høylandsfe vil gjerne vera ute, det er ofte dyra som er lågast på rangstien som trekker innomhus.

Utedyr

Frå stovevindauga har han utsikt til ein flokk raggete dyr som ikkje ser ut til å syta over tre kalde plussgrader og regn på ein snølaus og halvmørk vinterdag. Dyra held seg gjerne ute kring dei tre fôrhekkane med tak over. Ein raudmåla driftsbygning, ny i 2013, på 1000 kvadratmeter, har opne dører med plastgardin. Her kan flokken med Skotsk Høylandsfe velja å gå inn og leggja seg på temperert talle eller finna frisk høyensilasje på fôrbrettet. Dei vil helst vera ute.
– Hierarki og rangordning er sterkt til stades, det er gjerne dei som er lågast på rangstien som går inn. Aller helst vil dyra vera ute. I all slags vêr. Tjue minus og ein meter snø betyr lite, fortel Frode.
Blant dei fire kyrne som vart rangert ut i haust, var sjølve sjefskua.
– Det var ei flott ku, men ho vart for dominerande, dermed hadde eg ikkje anna alternativ enn å sjalte ho ut.
No har den nye sjefen, Andrea på åtte år, rykka opp helt til topps.

Kler seg ulikt

Huda på storferasen er tjukk og seig. Om horna er aldri så kvasse og store, er det sjeldan å sjå skadar. Pelsen er tett og kraftig. Pelsdrakta varierer alt etter kor dyra held til. Dei som kjenner rasen ser skil på eit dyr som held til i vinden på Høg-Jæren kontra ei raggete kvige i Sirdal.
– Dyra kler seg etter tilhøva. Om dei held seg reine og får næringsrikt grovfôr, greier dei fint å trivast ute, sjølv i 40 minusgrader, held han fram.
Då Frode byrja med dyrkingsarbeid og beiterydding, var han alt medviten på at han ville leggja til rette for meir enn jakt og fiske.
– Eg ville ha dyr eg kunne trivast med. Etter kvart såg eg at eg kunne gjera eit stykke arbeid på garden som også mine etterkomerar kunne få glede og nytte av.

Dyra lagar beite

Han kjøpte fem livdyr av rasen Skotsk Høylandsfe, rydda store beiteareal og byrja arbeidet med stolpar og nett og det som skulle enda opp med tretti kilometer med gjerde. Frå 2006 vart Frode Ovedal sjølvstendig næringsdrivande på fulltid. Valet av Skotsk Høylandsfe har dyrevenen, som har namn på kvart einaste dyr i flokken, ikkje problem med å argumentera for.
– Dei er fantastiske dyr. Høylandsfe lagar beite på dei areala dei slepp til på. Dyra et alt som veks og gror. Einaste unnataket er gamle einerbuskar, som dei i staden nyttar som kløereiskap.
Hjå Frode Ovedal handlar dyrehaldet om kvalitet. Avl er nøkkelen når besetningsauka opp gjennom åra har kome så langt i både tal og kvalitet at han kan selja livdyr.
– Eg har bygd den flokken eg vil ha, seier han.

 

Denne teksten er eit utdrag av ein reportasje som har vore på trykk i Bondevennen. Er du ikkje abonnement? Det kan du bli her.

 

Beiterydderar: Storfeflokken til Frode Ovedal et det meste som veks, ryddar sjølv nytt beiteland og kvitterer med feittmarmorert, smakfullt kjøt. Rundt eigedomen er det strekt eit 30 kilometer langt gjerde. Foto: Frode Ovedal.

Stikkord denne saka: