Veteran: Otto Topdal hausta pris og lovord for godt og gammalt hausteutstyr. MF 135-en er frå 1971, Foss Eik-hengaren vart bygd i 1975, medan den venstremonterte FS 115-fôrhaustaren kom ut frå Serigstad-fabrikken på Bryne for 54 år sidan, i 1968. Topdal, som dreiv med leigekøyring med liknande utstyr i unge år, måtte til Skien for å sikra seg fôrhaustarklenodiet før slåttedagen på Varhaug.

Slåttekarar under jærhimmelen

21. juni 2022 | Aktuelt

Ferdig med slåtten og klar for fôrhaustarfest? «Ja, takk», sa meir enn 300 jærbuar og valfarta til Varhaug.

Sjur Håland

Der fekk dei oppleva eit titals motorfarkostar som saman med midtsommarsola sytte for ein grassat minnerik motorkonserthyllest til jærbønder og dei jærske smiene Serigstad, Underhaug, Foss Eik og Moi.

Koronautsett

Stuntet «Siloslått på gamlemåten» var planlagd til 100-års jubileet til Varhaug Bondelag i 2020, men så kom koronaen.

– Eg er glad for at me greidde å gjennomføra nå, to år etter jubileet, seier bondelagsleiar Håkon Varhaug, medan han rettleier parkeringsvaktene, ser ut over folkehavet og smilar frå øyre til øyre.

Gamle karar med vonde aksler etter tiår med bondeslit, er i godt lag med langt sprekare unge og ungar. Begge kjønn, men med mannfolka i fleirtal.

– Dette er maskinar eg har arbeidd med mesteparten av mitt vaksne liv. Nå har det blitt ein gammaldags raritet, seier ein av dei eldre bøndene Bondevennen snakkar med i forbifarten.

Publikum vassa villig i grønt, vel utvakse gras og samla seg i klynger rundt legendariske traktorar, fôrhaustarar og tilhengarar med slitne graskarmar. Og rundt grillane og kaffikannene, så klart.

Bak sperrebanda

Forventningane låg som eit florlett sommarteppe over enga og blanda seg med den grå røyken frå grillane nede ved Varhaug-garden, cirka sju meter over havet og 250 meter frå rullesteinstranda. Då speaker Kristian Vinningland presis etter timeplanen fekk sjåførane til å vri om nøklane og fyra opp dieselmotorane, måtte folk stilla seg bak sperrebanda. Steinutkast frå ein hissig fôrhaustar er som kjent ikkje til å spøkja med.
Dei som har høyrt buldringa frå ein Serigstad fôrhaustar som aukar turtalet på rotoren etter kvart som gasspedalen på ein Massey Ferguson 165 blir klemt ned mot fotbrettet, veit kva som er i kjømda:

Nostalgi

Rått, nyslege gras. Dieseleksos og maursyre. Seigt smørjefeitt frå Shell. Sommarlyd frå Jæren. Lukta av 1970. Nostalgi og takk til framsynte gründerar som tidleg på 1960-talet sytte for å få Serigstad sine fôrhaustarar ut or produksjonslokala og ut til bøndene. Med eitt var hesjer, silosvans og høykanon passé. Den nye tida var i emning, og fekk eit vidare løft då Underhaug sine oransje avlessarvogner blei kopla til fôrhaustardraga godt ut på 1970-talet.

Tid for alt

Podiet var, slik det måtte vera, på planet på ein jærsk traktortilhengar rigga med mikrofonstativ og to svarte høgtalarar.

– Takk for i dag, sa Vinningland til publikum då lassa var fulle, magen mett og premieutdelinga unnagjort.

Det er ei tid for alt. Også for fôrhaustaren si glanstid, som byrja å bleikna for alvor ved tusenårsskiftet. Men på Varhaug kunne ein nok ein gong kjenna dei svake vibrasjonane under bakken utløyst av ein Serigstad fôrhaustar med stramme reimar, slipte sleglar og maks turtal på rotoren. Det treng ikkje vera siste gongen, Varhaug Bondelag!

Sjå bileta frå festdagen:

På geledd: Til saman elleve ekvipasjar var i sving. For å delta måtte du ha ein traktor av 1985-modell eller eldre.

Flottast: Ola Grødem vann pris som fortent for den flottaste ekvipasjen under slåtten.

Drøs: Varhaug-veteranar i mimremodus. Frå venstre: Magne Bø, Harald Bratland, Torgny Ånestad og Hans Åsbjørn Skretting.

Varer lenge: Dagleg leiar hjå Serigstad, Trond Gjermund Haugen, er ein av dommarane under slåttekonkurransen og smiler om kapp med sola. Bruken av fôrhaustar er nok på hell, men det er framleis mange i drift rundt om i landet, understrekar han. Dei siste åra har salet lege på 50-60 årlege fabrikknye eksemplar. Pila peikar svakt nedover. – Men Serigstad-fôrhaustaren er slitesterk og varer så lenge du vil med godt stell som reinhald og smørjing, seier Haugen.

Hardkjør: Tjukt gras i stuven gjer at også John Deere’en til Aleksander Herredsvela slit.

Tungt: Aller mest sleit Arild Helland. Det vart til tider umogleg å halde turtalet oppe med den store 134-fôrhaustaren kopla til ein tilårskomen 135. Men bonden er som jærbuar flest. Han gir seg aldri, og kom i mål med fullt lass til slutt.

Drag: Det var eit heilt arbeid å montere draget på dei tidlegaste Serigstad-modellane. Her kunne også vinkeldrevet vera eit svakt punkt. Flittig bruk av feittpressa på ledd og lager var då som nå, alfa og omega.

Lessing og kutting: Arvid S. Varhaug med eit godt grep kring rattet som han styrer tut og klaff med. Varhaug fekk toppscore frå dommarpanelet på køyring, kutting og lessing. Ford-traktoren har høyrt til familien i alle år. Den fint brukte FS 101-fôrhaustaren vart kjøpt og henta heim frå Gjennestad like før stemnet. Legg merke til maursyrekanna som du nok må vera 50-pluss for å kjenna att.

Trivsel: Lite tvil om at Trygve Ødemotland, med tidsrett caps, trivst i traktorsetet. Fôrhaustaren frå 1974 er utstyrt med teleskopisk styrestag der rattet er festa til traktorskjermen. Eit stort framsteg i høve til den opphavlege, tunge og direkte helseskadelege rattstyringa. Tilhengaren er ein fire tonns Foss-Eik frå 1979.

Stikkord denne saka: ,