sau i skiljegardar

Synnøve Vatn er spent spent på korleis statusen for fotråte på sau er etter granskingar ved slakteria til hausten og neste haust. (Illustrasjonsfoto: Jofrid Åsland)

Synnøve Vatn, tidlegare prosjektleiar for Friske Føtter, er glad alle er einige om at fotråte skal utryddast.

 

Jofrid Åsland

 

– I evalueringa har me fått god skår på dei fleste av punkta. Det er spesielt kjekt at alle er einige om at fotråte er noko me skal kjempe mot. Det herskar ingen tvil i etterklant av prosjektet om at det var rett å starte kampen mot fotråte, seier Vatn på telefon til Bondevennen.

Heile sluttrapporten frå prosjektet Friske Føtter og Snu Sauen ligg på nettstaden fotrate.no. (Ekstern lenke)

I evalueringa frå bøndene etter prosjektet vart samarbeidet mellom mange parter framheva som svært positivt. Vatn trekk fram organiseringa med tungt engasjement frå næringa og god informasjon som viktige faktorar.

– Ting som kunne vært gjort betre er kompensasjon og informasjon, trekk Vatn fram frå rapporten.

Mange av bøndene som hadde sanert opplyste i evalueringa at kompensasjonen ikkje var tilstrekkeleg til å dekke alle utgifter.

Les også: Om avslutningsseminaret for Friske Føtter.

Nyttig lærdom

– Det er alltid kravande å kjempe mot noko, og konsekvensane var store for dei involverte bøndene, fortel Vatn.

Ho trur det gode samarbeidet med bøndene er mykje av nøkkelen til at prosjektet har fungert så bra.

– Me har gått frå kaos til kontroll. No har me ein oversikteleg situasjon når det gjeld fotråte hjå sau. Så må vi bruke tid for å vere sikker på at me utryddar sjukdomen, seier Vatn.

– Eg meiner det er fullt mogleg å utrydde fotråte, men det krev fokus, legg ho til.

I år, som i fjor, blir det eit overvakingsprogram på slakteria. Det er Animalia som skal administrere overvakinga av fotråte ved bruk av dei same inspektørane som før. Medan Mattilsynet betaler.

– At næringa har kjend eigarskap til prosjektet er viktig for å nå langt. Det er også viktig i all kamp mot sjukdomar at tiltak vert sett inn tidleg, før sjukdomen får spreidd seg, seier Vatn om lærdom frå prosjektet.

Ho ser spent på korleis statusen er etter granskingar ved slakteria til hausten og neste haust. Først dersom ein finn lite og helst ingen fotråte dei to komande åra vil Vatn senke skuldrene.

– Eg håper erfaringa med fotråte gjer at me ikkje importerer levande sau, og held livdyrsalet på eit minimum, avsluttar prosjektleiaren.

 

Stikkord denne saka: